Sykkelhjelmsamfunnet

sykkelbarn
Sykkelhjelmen har vore med på å gjere kvardagen tryggare enn nokon sinne for norske barn. Foto: Harald Groven

Kvar går grensa mellom trygt og polstra? Eg er sanneleg ikkje sikker. Då eg var ung og klår til å erobre verda var eg opptatt av dette spørsmålet. Eg hadde, saman med nokre kameratar tatt i bruk ordet sykkelhjelmsamfunnet. Den gongen var det om ikkje uvanleg å bruke sykkelhjelm, så noko dei fleste ikkje gjorde. Sykkelhjelm var den gongen symbolet på eit samfunn der alle farar og med det utfordringar var tatt bort. Vi meinte at ungar og andre vart så påpassa at dei ikkje ville lære seg å meistre livet.

I dag kunne det ikkje falle meg inn å la ungane sykle utan hjelm. Delvis fordi det er sånn det er blitt, men mest fordi eg sjølvsagt ikkje vil dei skal skade seg.

Desse tankane dukka opp hos meg då eg las i VG om dei store barnehageavsløringane. (Torbjørn Røe Isaksen er inne på noko av det same her)

Sykkelhjelmen er saman med barnehagane to av grunnane til at det aldri har vore tryggare å vere barn. I 1969, den gongen ungane fekk leike med dynamitt omkom 247 barn i ulykker. I 1980, då ungane framleis sat usikra i bilen omkom 157 barn. I 2011, når ingen ungar får vere nær dynamitt, sitte ein augnebling utan sikring i bilen og alle nyttar sykkelhjelm omkom 11 barn i ulykker av ulikt slag (tal frå SSB, og inspirert av Iskew).

I løpet av desse 40 åra har samfunnet endra seg. Vi tar mindre risiko, kanskje fordi vi har råd til og kunnskap til å fjerne risikoen. Det er bra, mødrene og fedrene på 60 og 80-talet ville gjort det same om dei hadde hatt kunnskapen og ressursane. Men kva, om noko har vi mista på vegen?

Svært lite meiner eg. Ungane slår seg framleis når dei veltar på sykkelen, men kanskje unngår dei varig hjerneskade.

Det er ikkje hjelmen eller bilbeltet som er problemet. Men kanskje er det eit problem at redselen for å utsette seg for farer gjer at vi unngår farlege situasjonar? Og, då tenkjer eg ikkje fysiske situasjonar. Gjer det at risiko er blitt så farleg at vi og unngår emosjonell risiko?

For vi kan polstre den fysiske kvardagen til ungane med EU-sand og leikeapparat. Det hjelp ikkje når det er i samkvem med andre menneske dei som vi, vil få dei største smertene og dei største gledene. Vi kan prøve å brøyte veg for ungane våre, men den hjelmen som gjer at dei ikkje opplever å bli svikta og forsmådd, den finst ikkje.

Så lenge dette ikkje er kronisk, trur eg ikkje det er farleg, sjølv om einskildhendingar kan sette like store spor som av broten fot. Det gjer vondt, men det går over.

Når vi no har hatt ein diskusjon om det er trygt i norske barnehagar, så trur eg ikkje det er gardinsnorer og sølepyttar som er det største problemet. I den grad vi har eit problem så er det kanskje heller at vi er blitt emosjonelt feige?

Og, kva meiner eg med alt dette? Sanneleg om eg veit, la oss kalle det ei samling tankar. Tankar eg ikkje har investert kjensler i, men som eg har ein sunn ironisk distanse til. Slik vi unngår vi risiko.