Tala viser at byvekstavtalen fungerer

Buss i Tromsø

Godt nytt år!

No er det omtrent eit år sidan det vart innført bompengar i Tromsø. Men vi har hatt tilgang på den statlege belønningsordninga lengre. Og i haust sørga SV for at den statlege finansieringa auka med 300 millionar. Eit år er innføringa viser tala at byvekstavtalen fungerer.

Aldri før har det reist så mange menneske med buss i Tromsø som i som i 2023. For 2023 viser dei foreløpige tala over 14 millionar busspassasjerar i Tromsø. Det er ein auke frå 12 millionar passasjerar i 2022.

For sykkel er det og ein formidabel auke. Tellepunktet i Breivika viser ein vekst på 11%, Tverrforbindelsen 26% og Tromsøbrua 26%. Desse tala er for perioden januar til september.

Tromsø har i utgangspunktet ein høg andel folk som går. Reisevaneundersøkinga frå 2022 viser ein gåandel på 25%, og observasjonane (her har vi ikkje veldig gode tal) tyder på ein ytterlegare auke i 2023.

Vi ser og ein nedgang i biltrafikken på 10%, med størst nedgang i rushtrafikken.

Vi kan med andre ord så langt konkludere med at det aller viktigaste målet med byvekstavtalen er oppfylt. Vi har fått ein meir miljøvenleg trafikk i Tromsø. Utsleppa går ned og sannsynlegvis auker folkehelsa og trivselen.

Dersom vi dukkar litt ned i tala er det verd å merke seg nokre ting. Stakkevollan/Borgtun, Bjerkaker og Kroken ligg høgast på kollektivbruk. Det er naturleg at bussbruken er høgast i dei bydelane som anten har relativt låge inntekter og/eller eit godt busstilbod. Høgast bilandel er det i bydelane Tromsdalen, Kvaløysletta og Hamna. Det kan ha samanheng med kollektivtilbodet, Hamna har for eksempel ei ganske treig linje til byen og avstand frå Sentrum/Breivika.

Det andre målet med byvekstavtalen er å skaffe pengar til investeringar i infrastruktur i Tromsø. Infrastruktur som skal støtte opp om miljømålet gjennom å legge til rette for gåande, syklande og bussreisande, men også gjere det enklare å bruke bilen for dei som må det. Her viser det seg at gjennomsnittskostnaden per passering i bomringen er blitt 2,7 kroner mindre enn planlagt (frå 6,9+ til 4,20).

Det er to grunnar til dette. Det eine er at det er blitt langt fleire el-bilar enn det analysen anslo på førehand, og det andre er at langt fleire passeringar skjer innafor timesregelen. Dette vil over tid føre til at det ikkje er pengar til alle prosjekta som er planlagt i byvekstavtalen.

Eg trur at det kan bli nødvendig å redusere elbilrabatten i bomringen. Men, eg meiner at det ikkje kan skje i år, og sannsynlegvis heller ikkje i 2025. Dersom vi skal gjere det må vi gje folk tid til å førebu seg og god tid til å områ seg. Mange har kjøpt elbil på grunn av bomringen, og dei må ha det forutsigbart i så stor grad som mogleg.

Uansett er det sannsynleg at vi må ta ein diskusjon om alle prosjekta i byvekstavtalen og sikre at vi prioriterer dei viktigaste prosjekta. SV si prioritering har heile tida vore prosjekt som gjer det enklare for bussen å komme fram, prosjekt som gjev trygge skolevegar og prosjekt som gjer det enklare å gå og sykle.

Vi kjem sikkert til å måtte diskutere kva prosjekt vi skal satse på mange gongar framover.

Du kan lese meir på Tenk Tromsø | Tenk Tromsø (tenktromso.no)

Farlege skolevegar og breie sykkelvegar

Eg må innrømme at eg er overraska over at det er 18 årsgrense på sykkelvegane i Tromsø. Det kan i alle fall verke slik på kommentaren frå Tone Angell Jensen i Nordlys. Ho har valt å oversjå i alle fall to viktige fakta.

Det første er at det er alt for få gode sykkelvegar i Tromsø. Sykkelvegar som inviterer både barn og vaksne til å sykle. Eg skulle ønske at ho hadde rett, at det verkelg var sykkelautostradaer på kryss og tvers av øya, på fastlandet og på Kvaløya. Dessverre er det ikkje slik, men med Tenk Tromsø og sykkelsatsinga vil det bli betre både for vaksne og for ungar. For trygge sykkelvegar, fortau og gangvegar er kanskje det mest sentrale dersom vi vaksne skal tørre sende ungane våre ut i trafikken.

For det andre er trygge skolevegar noko av det aller viktigaste vi jobbar med i Tenk Tromsø. Det har no vore møter mellom alle skolane, FAUa og kommunen for å kartlegge skolevegane og kvar vi skal sette inn tiltak. Gjennom Tenk Tromsø skal vi bruke 300 millionar på trygge skolevegar i Tromsø.

Så kan eg vere samd med Jensen at alt dette sjølvsagt skulle vore gjort for lenge sidan. Alt for lenge har omsynet til buss, sykkel og gange blitt prioritert  etter omsynet til bilane. Det er vi i ferd med å endre.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Heller satellitt enn bommar

I Tromsø har vi over lengre tid diskutert måtar å organisere bompengane på som gjer det billigare og enklare å få dette til enn å sette opp store bomportalar rundt i heile byen. Slik vil vi at meir av pengane vi betalar inn faktisk skal gå til trafikksikring, bussar, fortau og vegar. Fram til no har dette vore litt luftige tankar om at det sjølvsagt burde vere mogleg å få dette til. Men i går fekk i alle fall eg litt meir kjøtt på beina på dette.

Les og denne artikkelen i Nordlys.

I går hadde eg saman med folk frå Ap og Raudt eit møte med Autosim og Telespor. To tromsøbedrifter som mener dei har ei løysning for dette. Det går ut på å sette inn ein GPS-brikke i bilen. I første omgang tenkt kopla til OBD. Det er den kontakten som verkstaden brukar når dei koplar til bilen din for å diagnostisere den, og er ei tilkopling dei aller aller fleste bilane har. Denne brikken kommuniserer med ein sentral for å finne ut kva du skal betale. Dersom vi gjer det på denne måten kan vi oppnå fleire ting.

  1. Vi kan lage eit meir rettferdig betalingssystem. Vi vil ikkje lenger vere begrensa til kvar det er plass til å sette opp bommar ol. Det ville og vere mogleg å lage betalingsfrie område rundt skolar, barnehagar ol. Ein kan og gjere betalinga avhengig av køyrde kilometer og ikkje berre om du passerer ein bom eller ikkje.
  2. Vi slepp stygge bomportalar
  3. Vi kan bidra til å styrke næringslivet i Tromsø gjennom at dei får utfordrande og store oppgåver gjennom å bygge opp dette systemet.
  4. Vi kan få eit system som er billigare og enklare å sette opp og drifte.

Masse utfordringar

Det betyr sjølvsagt ikkje at eit slikt satellittbasert system vil vere utan utfordringar. Den aller største er at dette vil vere nybrotsarbeid, og som i alt nybrotsarbeid vil det bli gjort feil, ting vil ikkje fungere optimalt frå dag ein. Det vil kunne undergrave tilliten til systemet og undergrave finansieringa av ein byvekstavtale.

Vidare tenkjer eg dei viktigaste hindringane som må løysast er:

  1. Korleis handterer vi bilar som kjem utanfrå og ikkje har ein GPS-brikke i bilen? Skal dei sleppe å betale eller må vi ha ein type bom på innfartsvegane til byen?
  2. Korleis gjer vi det med bilar som er registrert i andre kommunar, korleis sikrar vi oss at dei og bidrar i systemet om og når desse bilane blir køyrt i Tromsø?
  3. Korleis sikrar vi personvernet? Ingen av oss vil vel at nokon skal vite kvar vi køyrer til ei kvar tid (sjølv om dei fleste av oss allereie gjev google eller apple all denne informasjonen). Det lar seg nok gjere om databehandlinga skjer i brikken og berre fakturainformasjon blir overført ut av bilen, men vi må vere sikre på at dette er i orden.

På mange måtar er Tromsø den perfekte plassen å teste ut dette systemet. Vi har lite gjennomgangstrafikk, noko som gjer mange av utfordringane mindre. Dei utfordringane vi har er eg ganske sikker på at lar seg løyse. Eg er litt meir usikker på om det lar seg løyse innafor den tidsramma vi har har. Vi har ikkje råd til å utsette ein byvekstavtale, først og fremst fordi vi er avhengigge av statlege pengar for å få til bussatsinga i Tromsø.

La meg gjerne høyre kva du meiner i kommentarfeltet.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Tromsø treng ein byvekstavtale

Eg trur ikkje det finst ei levande sjel eller politikar som verkeleg ønsker å innføre bompengar i Tromsø. Men her er realiteten: Tromsø veks med omtrent 1000 personar kvart år. Desse tusen skal bevege seg rundt i byen vår. Dei skal på jobb og studiar. På fritidsaktivitetar og i barnehage. Dei skal bruke trafikksystemet vårt for å få kvardagen til å gå opp. I dag er det slik at alternativet for mange er bil. Det som er heilt sikkert er at vegsystemet vårt ikkje vil tåle denne veksten utan ei kraftig og dyr oppgradering, ei oppgradering som innebærer at fleire får eit reelt alternativ til bilen gjennom buss, gange og sykkel.

Eg skulle sjølvsagt ønska meg at denne oppgraderinga vart betalt av staten. Eg skulle ønska meg at staten betalte for hyppigare bussavgangar med større kapasitet, at staten betalte for trygge skolevegar og gode fortau, at staten betalte for vegar der næringstrafikk og dei som må bruke bilen kom raskt og trygt fram. Å ønske hjelper dessverre ikkje, å kaste myntar i ein ønskebrønn hjelper dessverre ikkje.

I Noreg er finansieringssystemet slik at staten betaler ein god del av kostnadane dersom byane stiller med eigne pengar. Den oppgraderinga av trafikksystemet som Tromsø treng om vi ikkje skal kvelast i eksos og køar vil koste minst åtte milliardar kroner. Staten har sagt at dei kan stille med mellom 40 og 50 prosent om vi finner dei resterande 50-60 prosentane lokalt. Eg veit ikkje om noko anna finansiering enn bompengar som gjer at vi kan klare dette løftet. Eit løft som er heilt naudsynt om byen vår skal vere attraktiv i framtida.

Vi kan sjølvsagt som Frp og Bjørn Gunnar Jørgensen nekte å sjå denne realiteten, vi kan nekte å ta framtida på alvor, tru at om vi lukker auga vil køane, svevestøvet og klimaendringane forsvinne av seg sjølv. Men, realiteten er, at når du opnar auga igjen vil situasjonen blitt verre enn han er i dag. Vi må ta tak i problema no, vi må løyse dei no, og vi må bruke dei verktøya vi har tilgjengelege no. Vi treng ikkje like det, men bompengar er det verktøyet vi har.

Så er det openbart at det vil koste. Og, for nokre av oss vil den kostnaden bli tung å bære. Eg trur likevel kostnaden blir enno større når arbeidsplassane forsvinn fordi verken arbeidstakarar eller produkt kjem seg fram. Tromsø har ei god utvikling, med vekst i både private og offentlege arbeidsplassar. Dersom denne veksten og denne utviklinga skal halde fram er vi avhengig av eit effektivt transportsystem. då er vi avhengige av ein byvekstavtale. Dessutan, dei som har minst pengar blant oss i dag har heller ikkje råd til bil. Dei er prisgitt andre framkomstmiddel. Det å gjere bussen betre, det å gjere det enklare å gå og sykle er og med på å gjere forskjellane mellom folk mindre.

Vi kunne gjort som Frp, vi kunne lata som problema forsvinn av seg sjølv. Men då stoppar og utviklinga av Tromsø opp.