Ein ny videoblogg. Litt om bompengar, litt om eit besøk i Lakselvbukt og nokre ord om skytebane til slutt. I videobloggen nemner eg to innlegg. Oppropet om bompengar frå foreldre kan du lese her. Benjamin Arvola Notkevich sitt innlegg om skytebane finn du her.
Stikkord: bompengar
Satellitt, bompengar og bybuss
Eg må innrømme at eg er overraska over at det er 18 årsgrense på sykkelvegane i Tromsø. Det kan i alle fall verke slik på kommentaren frå Tone Angell Jensen i Nordlys. Ho har valt å oversjå i alle fall to viktige fakta.
Det første er at det er alt for få gode sykkelvegar i Tromsø. Sykkelvegar som inviterer både barn og vaksne til å sykle. Eg skulle ønske at ho hadde rett, at det verkelg var sykkelautostradaer på kryss og tvers av øya, på fastlandet og på Kvaløya. Dessverre er det ikkje slik, men med Tenk Tromsø og sykkelsatsinga vil det bli betre både for vaksne og for ungar. For trygge sykkelvegar, fortau og gangvegar er kanskje det mest sentrale dersom vi vaksne skal tørre sende ungane våre ut i trafikken.
For det andre er trygge skolevegar noko av det aller viktigaste vi jobbar med i Tenk Tromsø. Det har no vore møter mellom alle skolane, FAUa og kommunen for å kartlegge skolevegane og kvar vi skal sette inn tiltak. Gjennom Tenk Tromsø skal vi bruke 300 millionar på trygge skolevegar i Tromsø.
Så kan eg vere samd med Jensen at alt dette sjølvsagt skulle vore gjort for lenge sidan. Alt for lenge har omsynet til buss, sykkel og gange blitt prioritert etter omsynet til bilane. Det er vi i ferd med å endre.
Heller satellitt enn bommar
I Tromsø har vi over lengre tid diskutert måtar å organisere bompengane på som gjer det billigare og enklare å få dette til enn å sette opp store bomportalar rundt i heile byen. Slik vil vi at meir av pengane vi betalar inn faktisk skal gå til trafikksikring, bussar, fortau og vegar. Fram til no har dette vore litt luftige tankar om at det sjølvsagt burde vere mogleg å få dette til. Men i går fekk i alle fall eg litt meir kjøtt på beina på dette.
Les og denne artikkelen i Nordlys.
I går hadde eg saman med folk frå Ap og Raudt eit møte med Autosim og Telespor. To tromsøbedrifter som mener dei har ei løysning for dette. Det går ut på å sette inn ein GPS-brikke i bilen. I første omgang tenkt kopla til OBD. Det er den kontakten som verkstaden brukar når dei koplar til bilen din for å diagnostisere den, og er ei tilkopling dei aller aller fleste bilane har. Denne brikken kommuniserer med ein sentral for å finne ut kva du skal betale. Dersom vi gjer det på denne måten kan vi oppnå fleire ting.
- Vi kan lage eit meir rettferdig betalingssystem. Vi vil ikkje lenger vere begrensa til kvar det er plass til å sette opp bommar ol. Det ville og vere mogleg å lage betalingsfrie område rundt skolar, barnehagar ol. Ein kan og gjere betalinga avhengig av køyrde kilometer og ikkje berre om du passerer ein bom eller ikkje.
- Vi slepp stygge bomportalar
- Vi kan bidra til å styrke næringslivet i Tromsø gjennom at dei får utfordrande og store oppgåver gjennom å bygge opp dette systemet.
- Vi kan få eit system som er billigare og enklare å sette opp og drifte.
Masse utfordringar
Det betyr sjølvsagt ikkje at eit slikt satellittbasert system vil vere utan utfordringar. Den aller største er at dette vil vere nybrotsarbeid, og som i alt nybrotsarbeid vil det bli gjort feil, ting vil ikkje fungere optimalt frå dag ein. Det vil kunne undergrave tilliten til systemet og undergrave finansieringa av ein byvekstavtale.
Vidare tenkjer eg dei viktigaste hindringane som må løysast er:
- Korleis handterer vi bilar som kjem utanfrå og ikkje har ein GPS-brikke i bilen? Skal dei sleppe å betale eller må vi ha ein type bom på innfartsvegane til byen?
- Korleis gjer vi det med bilar som er registrert i andre kommunar, korleis sikrar vi oss at dei og bidrar i systemet om og når desse bilane blir køyrt i Tromsø?
- Korleis sikrar vi personvernet? Ingen av oss vil vel at nokon skal vite kvar vi køyrer til ei kvar tid (sjølv om dei fleste av oss allereie gjev google eller apple all denne informasjonen). Det lar seg nok gjere om databehandlinga skjer i brikken og berre fakturainformasjon blir overført ut av bilen, men vi må vere sikre på at dette er i orden.
På mange måtar er Tromsø den perfekte plassen å teste ut dette systemet. Vi har lite gjennomgangstrafikk, noko som gjer mange av utfordringane mindre. Dei utfordringane vi har er eg ganske sikker på at lar seg løyse. Eg er litt meir usikker på om det lar seg løyse innafor den tidsramma vi har har. Vi har ikkje råd til å utsette ein byvekstavtale, først og fremst fordi vi er avhengigge av statlege pengar for å få til bussatsinga i Tromsø.
La meg gjerne høyre kva du meiner i kommentarfeltet.
Eg skulle sjølvsagt ønska meg at denne oppgraderinga vart betalt av staten. Eg skulle ønska meg at staten betalte for hyppigare bussavgangar med større kapasitet, at staten betalte for trygge skolevegar og gode fortau, at staten betalte for vegar der næringstrafikk og dei som må bruke bilen kom raskt og trygt fram. Å ønske hjelper dessverre ikkje, å kaste myntar i ein ønskebrønn hjelper dessverre ikkje.
I Noreg er finansieringssystemet slik at staten betaler ein god del av kostnadane dersom byane stiller med eigne pengar. Den oppgraderinga av trafikksystemet som Tromsø treng om vi ikkje skal kvelast i eksos og køar vil koste minst åtte milliardar kroner. Staten har sagt at dei kan stille med mellom 40 og 50 prosent om vi finner dei resterande 50-60 prosentane lokalt. Eg veit ikkje om noko anna finansiering enn bompengar som gjer at vi kan klare dette løftet. Eit løft som er heilt naudsynt om byen vår skal vere attraktiv i framtida.
Vi kan sjølvsagt som Frp og Bjørn Gunnar Jørgensen nekte å sjå denne realiteten, vi kan nekte å ta framtida på alvor, tru at om vi lukker auga vil køane, svevestøvet og klimaendringane forsvinne av seg sjølv. Men, realiteten er, at når du opnar auga igjen vil situasjonen blitt verre enn han er i dag. Vi må ta tak i problema no, vi må løyse dei no, og vi må bruke dei verktøya vi har tilgjengelege no. Vi treng ikkje like det, men bompengar er det verktøyet vi har.
Så er det openbart at det vil koste. Og, for nokre av oss vil den kostnaden bli tung å bære. Eg trur likevel kostnaden blir enno større når arbeidsplassane forsvinn fordi verken arbeidstakarar eller produkt kjem seg fram. Tromsø har ei god utvikling, med vekst i både private og offentlege arbeidsplassar. Dersom denne veksten og denne utviklinga skal halde fram er vi avhengig av eit effektivt transportsystem. då er vi avhengige av ein byvekstavtale. Dessutan, dei som har minst pengar blant oss i dag har heller ikkje råd til bil. Dei er prisgitt andre framkomstmiddel. Det å gjere bussen betre, det å gjere det enklare å gå og sykle er og med på å gjere forskjellane mellom folk mindre.
Vi kunne gjort som Frp, vi kunne lata som problema forsvinn av seg sjølv. Men då stoppar og utviklinga av Tromsø opp.