Hurra for NHO

Det er ikkje så ofte du vil sjå ei sånn overskrift på denne bloggen. Men, no er det velfortent. I den siste kvartalsrapporten set NHO fingeren på ei av dei aller største utfordringane i norsk økonomi – olja.

Det er mange og sterke miljøargument mot det enorme oljeutvinningstempoet vi har i Noreg. Klimaendringane blir ikkje redusert, og norsk oljeutvinning er ikkje den mest miljøvenlege. Men, denne gongen skal det handle om økonomi. Lat oss sjå kva Tor Steig, sjeføkonom i NHO seier:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Det er sjølvsagt ikkje bra, kan du seie, men olja gjev oss store inntekter, og spesielt i Nord-Noreg vil olja vere med på å skape utvikling, kan du tenkje. Dessverre er det ikkje heilt slik. Veksten i oljeindustrien, også basert på det som skjer i Barentshavet kjem i hovudsak i Rogaland og Oslo. I alle fall dersom vi skal tru NHO. Dei skriv i rapporten sin:

Tosporsøkonomien gir store regionale forskjeller på arbeidsmarkedet. Oslo og Rogaland sto for 6 av 10 nye jobber i 2011 regnet netto. I januar var Rogaland det fylket som hadde sterkest vekst i antall utlyste stillinger i forhold til ett år tidligere.

Denne grafen frå rapporten viser dette tydeleg:

Altså, sysselsettingsveksten i den nye oljeprovinsen skal bli under gjennomsnittet. Vi ser og at tradisjonelle industrifylke som Østfold, Telemark og Agderfylka gjer det dårleg.

Eg synst Alf Holmelid seier det godt på bloggen sin:

Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Det er altså slik at det vanvittige tempoet i oljeutvinninga trugar norsk økonomi. Kva skal vi leve av når olja tar slutt om all anna industri er borte?

Dag og Tid hadde ein god artikkel om denne saka for ei tid sida. Dei skreiv mellom anna:

Det første taket som vart vedteke for utvinninga, var at produksjonen i norsk sektor ikkje skulle overskride 90 millionar tonn olje. Dette målet var i starten svært romsleg, det tok tid å få opp ein produksjon som monna i Nordsjøen. Statsminister Gro Harlem Brundtland forsvarte målet slik i ein tale i 1981: «Går vi lenger, kan vår økonomi bli svært oljeavhengig og omstillingene gi for store sosiale kostnader.»

Så slik er det altså. I eit og same blogginnlegg ender eg opp med å vere samd med både NHO og Gro Harlem Brundtland. Korleis skal dette gå?

Eg veit ikkje heilt sikkert, men eg veit at det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

I 1988 fastsette Stortinget eit tak på oljeinvesteringane på 25 milliardar i året. Allereie i 1993 var dei på 54 milliardar, i 2011 var dei på 142 milliardar. NHO meiner dei vil stige med 14 prosent i 2012. Stortingsfleirtalet har kapitulert, og lar Statoil styre norsk økonomi. Det kan aldri gå bra – i lengda.

Har nokon protestert på denne galskapen, spør du kanskje? Ja, eit parti har vore konsekvent mot denne vanvittige auken i oljeutvinning. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant:

«Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Eg kunne ikkje vore meir eining. Men, kva trur du? Skriv gjerne meininga di i kommentarfeltet.

Og til slutt vil eg berre minne om:

Jepp det er arbeid som skaper verdiar. Olja gjer arbeid mindre lønsamt. (OK, det er ei spissformulering)

Lesetips om Somalia, utdanning, Iran, USA, miljø og ekstreme menn

Protestantar på Brooklyn Bridge, på veg for å okkupere Wall Street. Foto: Flickr/bogieharmond

Skulle ein lese alt som finst på nettet, så kunne ein ikkje gjort anna. Ja, sjølv med 18 timars lesing om dagen hadde du ikkje fått med deg alt. Heldigvis er ikkje alt som finst på nettet verd å lese her finn du derimot ting som heilt sikkert er verd å lese.

Du kan jo ta til med å lese om at CO2 utsleppa har auka med 45 prosent sidan 1990, på den andre sida kan du jo trøyste deg med at løysninga finst. Så må vi berre greie å få tatt løysningane i bruk. Brundtland er framleis opptatt av berekraftig utvikling og seier:

«Many challenges of sustainable development can be solved within sectors, within countries – but not climate change,» Brundtland said. «We are all victimized, nobody can hide from it. «

Det kan og vere interessant å følgje debatten i det britiske Arbeidarpartiet, dei driv med ein del interessant sjelegransking etter valnederlaget. Mellom anna er dei opptatt av om grøn populisme er mogleg å få til. Torsken er kanskje ikkje så opptatt av miljøpolitikk, men det er interessant at aldri har forskarane funne karen med skjegg lenger nord enn no. Kanskje er det derfor at russarane reagerer så sterkt på at Noreg arresterte ein russisk trålar i fiskevernsona rundt Svalbard? I alle fall kan det sjå ut som i alle fall nokre russarar ønskjer å ta fiskevernsona rundt Svalbard opp til ny debatt; og, nei, det er ikkje Sjirinovskij eg tenkjer på.

Når vi no er inne på Russland så skjer det jo ting der for tida, det vil seie at det skjer vel eigentleg ingenting. Putin er på veg tilbake. Det slår meg at han liknar ikkje så lite på ein mannleg utgåve av Sarah Palin. The Streetwise Professor skriv:

 Expect Russia to become even more truculent, obstructionist, and revanchist in the months to come.

Kanskje ikkje gode toner sett I samanheng med situasjonen I fiskevernsona? Då kan vi jo kanskje våge å håpe at opposisjonen i Russland finn saman og blir meir effektiv.

Eg synst eurokrisa er vanskeleg å gå eit godt grep om. Eg har skrive litt om det her, men andre kan dette betre enn meg. Paul Krugman meiner at det ikkje er snakk om at land har brukt for mykje pengar. Han snakkar litt om kven som må betale for den irske krisa her.

Utdanning har det og blitt sagt noko om i det siste. Det er ikkje berre i Noreg vi diskuterer testing og prøveer som eit verkemiddel i skolen. Al Shanker, den amerikanske fagforeingsleiaren er den store helten i denne historia. I Noreg har vi og hatt ein diskusjon om lekser, Sigve Indregard seier noko om korfor dei ikkje er effektiv læring. Sjølv om eg må få seie at som forelder synst eg litt lekser er fint for å kunne følgje med på kva som skjer i skolen. Tar vi eit par steg oppover i utdanningssystemet så trur eg mange kunne lære litt av å lese denne rapporten om kreativitet av Richard Florida.

USA har kanskje sin versjon av den arabiske våren no? Det er i alle fall nokre som trekker samanlikningar mellom “Occupy Wall Street” rørsla og det som har skjedd i Nord-Afrika. Igjen skriv Indregard fint og verd å lese om rørsla og kommunikasjonsstrategien. David Korten meiner:

The personal stories emerging from Occupy Wall Street document our common experience under Wall Street’s rule—unemployment, wages that cannot support families, dwindling retirement accounts, foreclosed homes, student debt, and deferred health care. These stories are inspiring yet more Americans to come forward.

Du kan lese resten av artikkelen her. Har du tenkt å delta I ein demonstrasjon med det første? Kanskje ein demonstrasjon der du star I fare for å blir arrestert? Då er du kanskje bekymra for kva politiet kan få ut av telefonen din? Då får du nokre tips her.

Det er ikkje så lenge sidan vi håpa på ein revolusjon i Iran. Dessverre makta ikkje ungdomen å få kasta prestestyret i 2009. Her kan du lese ei god skildring av korleis og korfor det likevel kan vere slik at styret i Iran kan vere inne i sine siste dagar. Det er ille i Iran, men hakket verre i Somalia. Svolt og islamistar trugar folket. Det finst likevel lyspunkt som det kan vere verd å ta med seg. Sjølv om denne artikkelen står i det konservative magasinet “Minerva” synst eg diskusjone om korleis vi evaluerer bistandsarbeidet er interessant.

Til slutt, les om den ekstreme mannen hos forsking.no og Hjorthen sine tankar om brukarstyrt personleg assistent er verd å ta med seg.

Sånn, då har du litt lesestoff å kose deg med. Kom gjerne med dine eigne lesetips i kommentarfeltet.

 

Exit mobile version