Vi tar bussen inn i framtida

Stem SV, og få bussen til 10 kroner. Foto: Krister Brandser/Wikimedia Commons

Tromsø SV vil at bussen skal koste ti kroner, og vi vil at bussen skal gå oftare. Vi vil dette fordi det er bra for miljøet og fordi det er god velferdspolitikk.

Omtrent ein tredjedel av innbyggarane i Tromsø har ikkje tilgang til bil, dei har og rett på god kommunikasjon.

For å få dette til meiner SV at det er rett å innføre vegprising. Dette vil saman med auka tilskott frå staten om vi innfører det tilføre oss rundt 200 millionar i året som vi kan bruke på betre vegar, sykkelvegar og billigare og betre buss.

SV er det einaste partiet i kommunestyret som tar denne utfordringa på alvor.

Ein stemme på SV er ein stemme på eit miljø utan svevestøv, ein stemme på eit betre kommunikasjonstilbod, ein stemme mot klimaendringar, ein stemme for gode velferdstilbod.

Kake frå Natur og Ungdom

Natur og Ungdom takkar for at bussen blir billigare i Troms. Eg til venstre
Kaka som fylkesrådet fekk frå Natur og Ungdom i dag

Det er ikkje så ofte at eg som politikar får kake frå Natur og Ungdom for eit vedtak. Det skjedde i dag og var ei fin oppleving.

Bakgrunnen er at fylkesrådet i Troms (Ap og SV)  endrar busstakstane i Troms. I Tromsø vil eit månadskort for ungdom no kosta kun 200,- kroner. I tillegg har vi utvida takstsonene i Tromsø – og arbeider med å få til det same i Harstad.

Dette er eit godt steg på vegen mot å få til ein meir miljøvenleg transport i Troms. Vi er enno ikkje i hamn, men håper at dette er eit viktig bidrag for å få ned utsleppa av drivhusgassar i Troms.
Du kan lese heile saksframlegget her.

Exit mobile version