Bybane i Tromsø?

Ein bybane i Tromsø hadde gjort seg, her frå London. Foto: David Iliff/Wikimedia Commons

Det er klart vi skal ha bybane i Tromsø. Vi treng ein måte å transportere folk på som ikkje slepp ut CO2, som ikkje krev store areal til vegar og som ikkje skaper svevestøv. Ein bybane er kanskje ein del av løysninga på dette.

iTromsø har ei sak i dag om at byutviklingsetaten i Tromsø syslar med slike planar. Ein bybane mellom sentrum, Gieværbukta/Langnes og Breivik.

– En slik bane vil riktig nok ikke bli lønnsom før om noen år. Men dersom vi bygger ut byen «riktig» med tanke på en baneløsning, kan det være en fordelaktig løsning, sier Per Hareide, kontorsjef ved byutviklingskontoret i kommunen.

Eg har stor tru på ei baneløysning, særleg dersom vi etterkvart koplar Kvaløya og Tromsdalen på banen. Men ein tradisjonell bane løyser ikkje det store problemet med kollektivtrafikken. Det problemet er at den er kollektiv. Bilen derimot er individuell. Den går når eg vil, og den går dit eg vil. Skal vi bygge ein bane for framtida må vi bygge ein bane som kombinerer det beste med bilen, med det beste med kollektivtrafikken.

Det betyr at vi må bygge ein bane som ikkje har store vogner, men små vogner. Ein bane som er heilautomatisert. Ein bane utan tidtabellar. Ein bane der eg sender ein SMS fem minutt før eg skal reise, og når eg kjem til haldeplassen står vogna og ventar på meg. Dei tekniske løysningane for dette finst – om vi vil. (Eg har skrive om ei mogleg løysning før her på bloggen.)

Dette betyr at vi må bygge ein bane som er skilt frå anna trafikk, anten i eigne trasear, opphengt eller i tunellar. Eg har litt sansen for tunellar, med heisar opp til viktige knutepunkt.

Så er det liten tvil om at finasieringa av dette ikkje blir lett å få på plass. Kommunen og fylket flyt ikkje over av mjølk og honning – det gjer derimot staten. Eg trur det er større sjanse for å få på plass statleg finasiering om vi lagar eit konsept som ikkje er prøvd mange gonger før. Verdas første metro/bybane opna i London i 1863.

Eg trur det er på tide å ta neste steg i utviklinga. Kanskje kan det skje her i Tromsø.