Kostnadssprekk når kommunen bygger – neida, joda

Kø utanfor tvibit i samband med opninga
Tvibit er eit av bygga som kom inn på budsjett. Dette bildet er frå opninga. Foto: Tromsø kommune

Det er ikkje reint sjeldan at folk vil snakke med meg om ulike sider ved drift og politikk i Tromsø kommune. Det er heller ikkje reint sjeldan desse samtalane handlar om kor udugeleg kommunen er – kanskje spesielt når det gjeld å bygge ting. – Alt kommunen bygger går jo langt over budsjett!

Så eg bestemte meg for å sjekke litt. Vi har alle lest oppslaga i avisane om bygegsprekkane, særleg dei om Tromsøbadet. Men at eit bygg blir bygd på budsjett kjem sjeldan på framsida av avisane. Det er ikkje, og skal heller ikkje vere noko nyheit at ting går etter planen. Men det betyr at vi får eit skeivt bilde av tilstanden. Vi høyrer mest om det som går galt og lite om det som går bra.

Derfor sendte eg ein epost til administrasjonssjefen og spurte om ei oversikt over dei siste prosjekta til kommunen, og korleis det gjekk samanlika med budsjett. Dette er lista eg fekk:

KOMMUNENS BYGGEPROSJEKTER SISTE 4 ÅR; BUDSJETT, RESULTAT OG OVERTAKELSE:

Ersfjordbotn og selnes skole – 2017
Vedtak igangsetting:      70 millioner
Endelig kostnad:              69,4millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Tromsdalen skole, moduler – 2017
Vedtak igangsetting:      27 millioner
Endelig kostnad:              25,8 millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Trudvang Barnehage og -boliger – 2017
Vedtak igangsetting:      114,5 millioner
Endelig kostnad:              109,2 millioner
Overtagelsesdato           november 2017

Helsehuset – 2017
Vedtak igangsetting:      310 millioner
Endelig kostnad:              270,8 millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Sommerlyst Skole – 2016
Vedtak igangsetting:      355 millioner
Endelig kostnad:              328,5 millioner
Overtagelsesdato           juni 2016

Sandnessund Krematorium – 2016
Vedtak igangsetting:      87,0 millioner
Endelig kostnad:              87,5 millioner
Overtagelsesdato           desember 2016

Nye Tvibit – 2016
Vedtak igangsetting:      105 millioner
Endelig kostnad:              104,2 millioner
Overtagelsesdato           mars 2016

Sommarøy Barnehage – 2015
Vedtak igangsetting:      31 millioner
Endelig kostnad:              31,2 millioner
Overtagelsesdato           juli 2015

 

Samla sett hadde desse prosjekta ei kostnadsramme på 1 milliard og 99,5 millionar. Medan den totale kostnaden kom på 1,0266 milliardar, altså 72,9 millionar under budsjett.

Dette betyr ikkje at eg ikkje ser alvorleg på overforbruket på Tromsøbadet og andre prosjekt, men at vi som så ofte elles må nyansere litt. Ofte, ja kanskje til og med i hovudsak så bygger kommunen på eller under budsjett.

Også skal eg ta eit ørlite atterhald til slutt. Eg har ikkje gått inn og sjekka om budsjetta er endra mange gonger undervegs i desse prosjekta.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Hustad er misforstått bombastisk

Eg kjenner av og til at eg lar meg irritere av Jon Hustad. Medan eg andre gonger synst han er rett forfriskande å lese. I dagens Dag og Tid kjenner eg at eg lar meg irritere over kor bombastisk han er i omtalen av Senterpartiet sitt program.

Eg skal på ingen måte forsvare Senterpartiet. Det klare dei kanskje sjølv, men eg skal ta opp to påstander frå Hustad:

Han skriv:

«Bemanningen i skolen må økes» — kvifor får vi rett nok ikkje vite. Forskinga på feltet er nokså eintydig: Det hjelper ikkje med fleire lærarar

Her tar Hustad feil, det er i alle fall ikkje rom for å vere så bombastisk. John Hattie, som kanskje har laga den største metastudien av kva som fungerer og ikkje fungerer for å skape ein betre skole blir det ofte vist til i denne diskusjoen. Det er rett at Hattie seier at klassestorleik ikkje betyr så mykje, men med ein del viktige atterhald. Kalssestorleiken betyr mykje i småskolen, men og ein del i resten av grunnskolen. Det han vidare seier er at det er liten gevinst i å redusere klassen til under 17-18 elevar. Det er liten skilnad på 30 eller 40 elevar i klassen, men skilnad på 30 eller 17. Andre studiar viser at å redusere klassestorleiken har lita betydning med mindre du samtidig endrar pedagogikken. Alt for ofte ser ein at læraren underviser likt i ein klasse på 15 elevar og ein klasse på 27 elevar. Då er skilnaden liten. Om pedagogikken blir tilpassa klassestorleiken kan klassestorleiken bety ein del. Med andre ord, å pøse på med lærarar utan å gje dei etterutdanning vil ha liten verknad. Hustad tar med andre ord feil når han seier at forskinga er eintydig.

Seinare skriv Hustad:

Sp er mellom anna det partiet som har stått attom politikken med såkalla universelle standardar for nye bustader, ein politikk som gjer nye bustader dramatisk mykje dyrare.

Legg merke til at han ikkje skriv dyrare, men «dramatisk mykje dyrare». Så kan ein sjølvsagt diskutere på om standardane er fornuftige og kva som ligg i ordet dramatisk, men la oss sjå på nokre fakta.

SINTEF Byggforsk skriv i sin rapport om saka:

Rapportens hovedkonklusjoner kan være kontroversielle. Kort oppsummert:
1. TEK10 kan medføre kostnadsøkninger, men de fleste er beskjedne, dvs. under kr 40 000.
2. Kravene til baderom i TEK10 medfører hverken at badet blir uforholdsmessig stort eller at
det blir vesentlig dyrere enn før.

Vi kan og ta med erfaringane til Skanska:

På Løren i Oslo bygger Skanska flere hundre nye boliger i tett blokkbebyggelse. Her har entreprenøren bygd små leiligheter på 38 og 30 kvadratmeter etter de gamle forskriftene, men likevel oppfylt de nye kravene om tilgjengelighet. Med små, enkle og rimelige grep som å erstatte skapet under servanten på badet med en benkeplate og sette inn en skyvedør inn til soverommet på hver side av dobbeltsengen, går det greit å ta seg fram i rullestol.

Vi kan godt diskutere desse standardane, men «dramatisk mykje dyrare» kan umogleg stemme.

Eg trur Jon Hustad kunne tent på å uttrykt seg litt mindre bastant.