Categories
Skole Troms og Tromsø

Byrådet kuttar på skole

Reelt sett kuttar byrådet (H, V og Frp) driftsbudsjettet til skolane i Tromsø med 6,2 millionar kroner i forslaget til budsjett for neste år. Det talet kjem du til om du trekk ut utgiftane til lønsvekst og pensjonskostnader. Det betyr at eit allereie trangt budsjett blir enno trangare. 

Utdanningsforbundet har spurt sine tillitsvalde om korleis dei opplever situasjonen i tromsøskolen etter budsjettkutta i fjor. Dei fortel om større grupper, mindre tid til å følgje opp kvar elev. Det har spesielt gått ut over dei praktisk-estetiske faga. Tillitsvalde fortel om at dei må leite i søppelcontainarar for å finne materiale dei kan bruke.

I denne situasjonen meiner eg det blir feil å skulle satse stort på PCar til alle elevane i ungdomsskolen. PCar er ein god ide, men først må basis på plass. Vi må ha nok og dyktige nok lærarar, vi må ha undervisningsmateriell og det må vere rom for å bruke samfunnet rundt skolen i undervisninga.

Eg har vore i kontakt med forskarar inanfor skole, og dei fortel at det ikkje finst dokumentasjon på at PCar til alle elevane i ungdomsskolen gjev høg læringseffekt. Det finst heller ikkje dokumentasjon på det motsette. Det finst imidlertid mykje anekdotisk bevis for at PCane kan bli eit uromoment i skolen spesielt om det ikkje blir følgt opp med nok lærarar, og nok lærarar som har lært å bruke PC i undervisninga. Dette skriv og Krumsvik et al om:

Som denne intervjupassasjen illustrerer tydar våre funn i studien på at ein del lærarar i utvalet vårt opplever at dei ikkje lenger er herre over kva for undervisingshandlingar som skal gå føre seg

Og

Elevar på VG1 rapporterte generelt meir eigen utanomfagleg bruk av PC samanlikna med elevar på VG3 (p<0.01). Elevar på lågare årssteg rapporterte også at dei i større grad blei forstyrra av eigen utanomfagleg bruk.

Det er då mogleg å tru at utfordringane med utanomfagleg bruk av PC kan bli enno større i ungdomsskolen. Så betyr ikkje dette at det er feil å satse på PCar. Men eg meiner det er viktigare å satse på læraren. Og, å bruke mykje pengar på PCar før læraren er oppøvd i korleis den endringa i undervisningssituasjonen skal handterast kan vere kontraproduktivt. Kanskje skulle vi prøvd dette i nokre få skolar og evaluert skikkeleg før vi rullar det ut til alle?

Eg har ikkje fått studert heile budsjettet i detalj, det kjem meir på denne bloggen etter kvart.

Exit mobile version