Categories
Kommunepolitikk Troms og Tromsø

Nytt møte i byutviklingskomiten, Breivikeidet, scooter og meir til

Det er sjølvsagt litt i siste laget, men her er ein rask gjennomgang av sakene som skal opp i byutviklingskomiteen i morgon. Som alltid tar eg mot innspel med takk.

Ny veg til Breivikeidet

Den mest interessante saka er reguleringsplanen for ny veg til Breivikeidet. Etter at den nye brua vart tatt av elva for nokre år sidan har vegvesenet vurdert korleis vi kan bygge ein trygg og god veg i dette området. Forslaget frå administrasjonen er at vegen skal gå etter alternativ 2, der alternativ 1 er dagens veg.

Dette alternativet går i områder der grunnforholda er mykje betre enn der dagens veg går. Det er sjølvsagt nokre utfordringar med det nye trasevalet. Det vil øydelegge noko natur, men det ville og utbetring av dagens veg med ny bru over Breivikelva gjort. Det gjer all vegbygging. Nokre av dei som bur nær dagens bru vil få lenger veg til byen, men vegen etter ny trase blir billigare og vil bli betre. Alt i alt synst eg forslaget om alternativ 2 er godt.

Saksframlegget finn du her.

Detaljregulering av Stakekvollvegen – klager

Dette er ei klagesak på reguleringsplanen på Stakkevollvegen. Utgangspunktet mitt for dei fleste klagesakene er at om det som det blir klaga på var kjent når saka vart vedtatt første gong og vurdert den gongen så skal det mykje til for å få gjennomslag for ein klage. Det synst eg gjeld her.

Saksframlegget kan du lese her.

Snøscooterkøyring

Det er to saker som omhandlar søknader om køyring med scooter. Den eine saka handlar om framføring av utstyr og folk for å kunne filme/fotografere Nordlys ein snowboardfilm, den andre om oppkøyring av løyper for hundekøyring. I utgangspunktet er eg skeptisk til å tillate meir motorferdsel i utmark enn det som er naudsynt. Så kan vi sikkert diskutere kva som er naudsynt i det vide og det breie.

I begge sakene har administrasjonen innstilt på avslag. Eg synst administrasjonen argumenterer godt for innstillinga si og er innstilt på å støtte den.

Saksframlegga finn du her og her.

Internasjonal strategi

Denne er eg ikkje ferdigtygd på, og derfor er det jo greitt at saka skal opp i fleire av komiteane og i formannskapet før den går til kommunestyret. Den trur eg at eg vil komme tilbake til, og seier ikkje meir om her og no.

Saksframlegget finn du her.

Småbåthamn på Tomasjordneset

Dette er ei sak som er komen inn gjennom «Min sak», altså har meir enn 300 personar skrive under på at dei ønsker at kommunestyret skal ta den opp til handsaming. Det har eg stor respekt for, og denne typen saker må vi tenkje nøye på. Denne saka er ekstra vanskeleg synst eg. Det er fordi den handlar om omgjering av av reguleringsplan som er til behandling i kommunen allereie og der det er komen inn klagar som handlar om det same som denne saka. Dersom vi skulle gått inn i denne saka vile vi og gått inn i ei pågåande klagehandsaming. Eg trur ikkje poenget med å tillate slike innbyggarinitiativ skulle vere å opne for ei ekstra klagebehandling av reguleringsplanane? Det vil då vere ein måte å omgå den vanlege sakshandsaminga i kommunen.

Men vi må ta stillinng til saka. Eg tenkjer derfor det naturlege vil vere å avvise saka i denne omgangen og å sjå den i samanheng med den pågåande klagebehandling. Men, denne skal eg fintenke på heil til møtet startar i morgon, og kanskje enno lenger før eg tar endeleg stilling.

Saksframlegget finn du her.

Nei til innføring av bompenger i Tromsø før det forefinnes et reelt kollektivt transporttilbud til/fra Tromsøya.

Denne saka er og komen inn som eit innbyggarinitiativ. Denne saka meiner eg vi må avvise. Loven seier at dersom saka har vore behandla i kommunestyret tidlegare i sama valperiode så skal den avvisast. Kommunestyret har handsama både bompengar og kollektivstrategi for Tromsø. Derfor meiner eg at denne må avvisast.

Den aktuelle lovparagrafen finn du her.

Saksframlegget finn du her.

 

Categories
Kommunepolitikk Troms og Tromsø

Ein arealplan for framtidas Tromsø?

I går fekk vi administrasjonen sitt framlegg til ny arealdplan i kommuneplanen for Tromsø. Planen legg føringar for korleis kommunen vår skal utvikle seg, kvar det skal vere lovleg å bygge og kva det skal vere lovleg å bygge. Eg er no utruleg glad for at SV leverte inn ein lovlegheitsklage slik at det forrige utkastet ikkje vart vedtatt. Dette er eit mykje betre utgangspunkt for diskusjonen enn den forrige var.

I dette innlegget kjem eg til å vere litt spørrande, og ta opp nokre saker som eg gjerne vil ha innspel på. Eg har lest gjennom og tenkt litt, men er langt frå ferdigtenkt. Eg gler meg til høyringa om planen i byutviklingskomiteen på fredag, og vil gjerne ha innspel. Overordna så synst eg planframlegget løyser tilhøvet til tromsømarka greitt, men det er framleis utfordringar. Gjennom denne planen vil det vere plass til å bygge ca 24 000 bustader i sentrumsområda. Det gjev rom for at byen kan vekse med opp mot 48 000 mennesker. Vi har med andre ord plass nok. Eg skal ta for meg nokre av dei områda der vi får dei største endringane frå dagens situasjon.

UiT – Stakkevollan

Planen legg opp til ei ganske stor utbygging i dette området. Her blir det lagt opp til at dagens bussparkeringsplass blir utvidingsområde for UNN. Det kan bli ei ganske stor bustdautbygging på oversida av Hansine Hansens veg (klart gult på kartet) og det blir bydelspark rundt Lillevannet. Nord i området blir det satt av areal til eit Bu- og velferdssenter (BOP_F1). Dette er ei klar forbetring frå dagens plan. I dag er området rundt Lillevannet sett av til offentleg og privat tenesteyting. Denne planen legg med andre ord opp til mindre påverknad på Tromsømarka samstundes som det blir plass til mellom 400 til 1000 bustader i området, avhengig av reguleringsplan. Det kan sjølvsagt bli utfordringar med trafikken på Nordøyavegen, men arealet for bustader er justert ned frå 200 daa til 100 daa i området.

Mortnesnes – Håpet

Dette er nærområdet mitt. Her det det foreslått bustadbygging i området B_F14 (kraftig skravert gul farge på kartet), som blir nordvest for fotballbanen. Dette er eit områda som i dag har friluftspreg og er direkte knyt ttil Tromsømarka. Eg er derfor litt skeptisk i utgangspunktet. Samstundes er det ingen tvil om at det kan bli eit bra buområde, trass flystøy og at det er nært busstrasear, skole og butikkar. Eg skal derfor ikkje avvise det tvert. Så vidt eg kan sjå berører det ikkje akebakken i tilknytting til skolen. Samstundes er eg veldig glad for at administrasjonen foreslår ein bestemmelse i arealplanen om at ein ikkje skal kunne sette i gang med noko her før forvaltningsplan for Tromsømarka er ferdig. Det betyr at vi kan sjå dette området i samanheng med resten av marka før vi tar ei endeleg beslutning.

Hamna

Her er heldigvis alle forslag om å bygge ned mot fjæra avvist. Området B_F12 ligg på oversida av Ringvegen og eg synst det framstår som rimeleg å tillate bygging av bustader her.

Holt – Kvaløyvegen

Det er flott å sjå at det ikkje er forslag om å bygge ut Holt-eigedomen, og at det ikkje blir opna for å bygge ut på nedsida av Kvaløyvegen, anna enn Aakre-tomta. Eg er litt i tvil om eigedomen Nordheim (B_F3). Området er i dag eit LNF-område, men har ikkje vore brukt til landbruk dei siste åra. Det er eit område som vil gje plass til 80 bustader som vil ligge sentralt. Det er mykje som talar for å akseptere bustadbygging her. Men og gode grunnar til å la området vere ubebygd.

Tromsdalen

Det største tiltaket her er Strandbyen (B_F1). Dette området vart sett av til bustadbygging allereie i forrige KPA i 2011 og konsekvensutgreidd den gongen. Det er snakk om ei utfylling i sjø nedanfor Reinen. Det vil gje plass til mange bustader i området. Dette er eit stort tiltak som og krev lokk over E8/E8 i kulvert før dte blir aktuelt. Det er nok eit lang lerret å bleike før dette blir bygd ut, men når det skjer er eg ganske sikker på at heile området blir betre. Her må og Kystverket aksepter utfyllinga.

Kroken


Her blir det starta ein områdereguleringsprosess, der formålet er å få til eit meir urbant preg på området og ei samanbinding av området frå Kyrkja til Krokensenteret. Det blir plass tiltil ein del bustader, og eg trur dette området treng ei ansiktsløfting.

Kvaløysletta – Slettaelva

Her er det fleire store og viktige forslag. Dei må uansett ligge på vent til vi anten får på plass ei ny bru eller vi har fått til eit så godt busstilbod at Sandnessundbrua ikkje lenger er ein barriere. Nedanfor Slettatorget blir det lagt opp til ei blanda utbygging av bustader og forretningar som tilsaman vil styrke Slettatoget som knutepunkt. Det vil bli plass til kyrkje og anna infrastruktur. Finland blir bevart som landbruksområde. Nord for dagens områda på Slettaelva blir det lagt opp til ei ganske stor utbygging av bustader som ser grei ut.

Andre ting

Eg har enno ikkje nådd å sjå grundig på områda utanfor byen. Ved første blikk ser det stort sett greitt ut. Det er og mange forslag som er avvist i planen. Dei har eg ikkje gått inn på her. Det er viktig at det i plankartet er lagt inn eit samanhengane hovudnett både for gåande og syklande. Så har sjølvsagt ikkje ein plan dei pengane som skal til for at ting skal skje. Det må komme gjennom bymiljøavtalen. Alt i alt synst eg planen er eit steg i rett retning for Tromsø. Det blir lagt opp til ei utbygging som gjer det mogleg å ta trafikkveksten med buss, gange og sykkel. Det e rplass til ein stor vekst i Tromsø utan at vi tar av marka. Så er det mykje som gjenstår av planlegging, og reguleringsplanane for dei einskilde områda vil i stor grad bestemme kvaliteten på områda. Men overordna så liker eg denne planen.

Så la meg avslutte med å nok ein gong seie at vi fekk planen i går. Eg kan ha misforstått eller oversett ting. Det kan hende eg skal endre meining om ting osb. For at dette skal bli så bra som mogleg så treng eg og alle dei andre politikarane innspel frå innbyggarane. Kom gjerne med innspel til meg her.

Også er det jo litt trist at sykkeltunell ikkje er inkludert.

Dersom du vil lese sakspapira så finn du dei her. Det enklaste dokuemntet å starte med for å få oversyn er nok det som heiter «Planbeskrivelse»

 

Categories
Kommunepolitikk Politikk Troms og Tromsø

Bompengar, Folkeparken og Strand – nytt møte i byutviklingskomiteen

Det kan ikkje vere noko tvil om at den store saka i neste møte i byutviklingskomiteen er bompengesaka. Men, vi skal handsame fleire andre saker i tillegg. Reguleringsplanen for Folkeparken og Telegrafbukta, Brannordninga for Tromsø og ei detaljregulering på Strand.

Bompengar og byutvikling

Bompengar er ei stor og viktig sak for Tromsø kommune og innbyggarane i Tromsø. Den er stor og viktig av to grunnar. 1. Den gjev oss inntektar til å løyse fleire store utfordringar i trafikken i Tromsø, og 2. Den pålegg innbyggarane i Tromsø ganske store utgifter.

Eg trur det er rett å starte med utgangspunktet. Trafikk og transport er ei av dei tre store årsakane til CO2-utslepp i Noreg. Dei to andre store er industrien og oljeutvinning. Av desse tre er det berre industrien som har klart å redusere utsleppa sine. Dersom vi skal klare å begrense klimaendringane (det er for seint å stoppe dei) er må alle desse tre store sektorane redusere utsleppa. Innan samferdsel betyr det at vi må bli meir effektive når vi reiser. I biltrafikken betyr det at vi må legge til rette, mest, for bussane, men og for gåande og syklande. Det kostar dessverre pengar. Pengar vi kan få gjennom dette spleiselaget mellom innbyggarane i kommunen og staten. Dersom vi bilkøyrarar betalar fire milliardar i bompengar i løpet av 20 år så stiller staten med det same beløpet. Det er ingen tvil om at dette blir ei ganske stor ekstarutgift for mange, men det er nok naudsynt for å få gjort det vi skal gjere.

Kva skal pengane gå til? 45 prosent av pengane skal gå til vegtiltak. Sånn sett kan vi seie at nesten alt det bilistane betaler inn går tilbake til bilistane. Dei tiltaka som ligg inne i pakka no er:

·         Ny tunnel (Postterminal Langnes-Breivika)

·         F2 (Ny hovedveg flyplassen-Giæverbukta)

·         Tromsdalen E8; miljø, vegutbedring redusere barrierevirkning, trafikksikkerhet

·         Tiltakspakke Langnes; Vegutbedring/kollektivfelt/gang- og sykkel/trafikksikkerhet

·         Stakkevollvegen Nord; x Gimlevegen-x Ringvegen), støv/støy/trafikksikkerhet

·         Kvaløyforbindelsen; Ny bru Selnes-Langnes

Tretti prosent av pengane skal gå til infrastrukturtiltak for bussen. Nærmare bestemt:

·         Fremkommelighetstiltak for «Metrobuss Tromsø»

·         Fremkommelighet, fjerne flaskehalser, kollektivfelt øvrig linjenett for bybuss

25 prosent av pengane skal gå til trafikktryggleik, gåande og syklistar. Innafor denne delen ligg desse prosjekta:

·         Tiltak på sammenhengende hovednett for sykling og gåing, for effektivitet og trygghet

·         Etablere fortau på viktige kommunale veger som mangler tilrettelegging for gående.

·         Tilrettelegging for helårsbruk av viktige snarveger registrert i snarvegkartleggingen fra 2014.

·         Tineanlegg i fortausareal i Tromsø sentrum.

·         Bedre vinterdrift av anlegg for sykkel og gåing.

Alt i alt tenkjer eg at dette er gode og viktige tiltak for innbyggarane i Tromsø. Så vil det sikkert vere ulike meiningar om kostnaden er for store.

Eg tenkjer at det som ligg i innstillinga frå administrasjonen er bra. Men to ting er eg usikker på. Det eine er at eg gjerne skulle sett at vi kunne utvida perioden som går før du må betale på nytt. Per no ligg det inne i framlegget at du berre betaler ein gong per time uavhengig av kor mange bommar du passerer. Eg skulle gjerne sett dette utvida til 1,5 timar. Då ville mange fått moglegheit til å frakta ungane til trening og andre fritidsaktivitetar og berre betale ein gong for bompasseringa. Det ville lette byrda for mange barnefamiliar. Men dette fører jo og til mindre inntektar i systemet.

Det andre er dette talet på 600 millionar til drift og investering at sjølve bompengesystemet. Eg må innrømme at eg steila då eg såg dette talet. Det kan då ikkje koste to millionar å året å drifte ein ubemanna bomstasjon!? Dersom dette er riktig, så har vi ikkje rett teknologi. Det må vere mogleg å gjere dette betydeleg billigare.

I beregningane er det lagt inn ei lånerente på 5,5%. Det synst eg er alvorleg høgt sett i samanheng med det rentenivået vi har no.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

Folkeparken

Reguleringsplan for Folkeparken
Så til noko hyggelegare. Vi skal vedta ny reguleringsplan for Folkeparken. Her kunne eg lagt inn ein liten tirade om kor vanvittig det er at Opplysningsvesenets fond sit med store eigendomar rundt i landet samstundes som kyrkjegardane ikkje blir godt nok vedlikehalde. Men det får vente til ein annan gong. Det får halde med å seie at eg synst reguleringsplanen ser god ut. Men kom gjerne med innspel.

 

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

 

Detaljregulering på Strand

Strandfeltet på Kvaløya er ikkje ferdig. Denne saka gjeld ei detaljregulering som er i tråd med overordna plan, reint bortsett frå at det er ei endring i innkøyringa til feltet. Det blir berre ei innkøyring noko som vil gje større trafikktryggleik i området. Også denne planen synst eg ser grei ut, men kom gjerne med innspel.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

Brannordning i Tromsø

Vi skal og vedta ei ny brannordning for Tromsø. Det er i motsetnad til kva ein skulle tru ein plan for korleis vi skal unngå brann i Tromsø og for å ha god nok beredskap om det skulle brenne. Eg synst planen ser veldig god ut. Men dette er ei type sak der eg må stole på fagfolka i stor grad. Men eg tar gjerne mot innspel. Dei springande punkta her er pengar. Dersom eg har forstått dette så treng vi ein bydelsbrannstasjon på Kvaløya og kanskje på fastlandet. Det er ikkje gratis. Ein ny liten brannbil til bruk i tunellane og parkeringshus treng vi og. Det får vi ikkje gjennom å vedta planen. Det får vi gjennom å sette av pengar i budsjetet. Det kan bli tøft, men naudsynt å få til.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

 

Alle sakene

Dette er sakslista for møtet med lenker til saksdokumenta:

0003/17 TENK TROMSØ – FASTSETTING AV BOMPENGEKONSEPT I TROMSØ SAMT ORIENTERING OM FORELØPIG TILTAKS- OG FINANSIERINGSPLAN  Fremlegg
0004/17 PLAN 1793 – REGULERINGSPLAN FOR FOLKEPARKEN M.M. ENDELIG VEDTAK  Fremlegg
0005/17 BRANNORDNING FOR TROMSØ KOMMUNE ROS TROMSØ BRANN OG REDNING  Fremlegg
0006/17 NY ORGANISASJONSMODELL FOR TROMSØ KOMMUNE – FASE 2  Fremlegg
0007/17 PRIVAT FORSLAG – TROMSØ KOMMUNES ARKITEKTURPRIS  Fremlegg
0008/17 PLAN 1836 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR STRAND BOLIGFELT, FELT B4  Fremlegg

 

Categories
Politikk

Kan ein sykkeltunnel på pålar vere med å løyse plassproblema langs Stakkevollvegen?

Prøv å sjå for deg ein sykkeltunnel på pålar langs Stakkevollvegen. Du flyt avgarde på sykkelen din medan du nyt utsikta til Tinden og ser ned på bilane under deg. Det er tørt, det er ingen motvind, medan skletta og Balsfjordvinden gjer det utriveleg på utsida av veggane av polycarbonat.

Hadde det ikkje vore fint med ein slik tunnel over Stakkevollvegen? Faksimile frå: http://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/Sykkeltunnel-StavangerSandnes-Billigere_-enklere-og-raskere-a-bygge_-god-helseeffekt-nar-langt-flere-vil-sykle-536659b.html

Det er heilt sikkert mange gode argument mot dette forslaget, kanskje er det berre ein draum. Men vi treng draumar, og samtidig vil kanskje denne draumen vere med på å løyse nokre av dei plassproblema vi har med å utvide Stakkevollvegen.

Tromsø har eit ønske om å gjere Stakkevollvegn om til ein firefeltsveg med kollektivfelt, sykkelbane og fortau. Det tar mykje plass, plass vi ikkje har langs Stakkevollvegen. Kanskje kan ein del av løysninga vere å trekke sykkelbanen opp i lufta?

Bildet er henta frå ein artikkel i Stavanger Aftenblad om ein slik sykkeltunnel. Eg kan ikkje svare på om det vil vere lønsamt å bygge ein slik tunnel langs Stakekvollvegen. Det kjem sjølvsagt an på kostnaden, og på kva vi eventuelt sparer på å bruke mindre veggrunn. Den må vi jo kjøpe. Det ville jo og måtte vere mogleg å køyre av og på ein slik tunnel undervegs.

I Oslo har dei og hatt ein diskusjon om ein slik sykkeltunnel, også i Bodø har dei vore inne på noko liknande. Tromsø er jo ein by med mykje vêr. Det hender at det er litt vind, litt regn og litt snø, gjerne samtidig. Då hadde det vel vore greitt å kunne sykle under tak?

Eystein Husebye har laga ein plan for ein slik sykkeltunnel i Oslo. Han anslår kostnaden til ca 30 000,- kroner per meter. Men det inkluderer sykkelparkeringsstasjonar og treplanting langs tunnelen.

Eg er sjølvsagt ikkje sikker på om dette er lurt, men eg synst det er ein spennande ide. Kva trur dokker?

Categories
Kommunepolitikk SV

Inga Sparboes veg

Det blir berre eit kort lite notat om morradagens møte i byutviklingskomiteen. Den mest interessante saka denne gongen er reguleringsplanen for Inga Sparboes veg. Den gjeld Odd Fellow-bustadene og Hvilhaug. Det er ei sak eg gler meg til å høyre diskusjonen om i komiteen, fordi eg er oppriktig i tvil om kva som er rett.

Dagens utsikt frå Steinerskolen. Her kjem det nye bygget

Argument for:

  • Tromsø treng omsorgsbustader
  • Prosjektet ser bra ut
  • Bustadane som er der no er slitne og treng utskifting

Argument mot:

  • Steinerskolen seier det nye bygget vil skyggelegge uteområda til elevane ved skolen, og skolen vil bli «dekt» til. I saksdokumentet står det: «Det vurderes at byggeprosjektet på BOFEs eiendom ikke tar tilstrekkelig hensyn til Steinerskolen»
  • Det er ikkje lagt opp til fellesområde. Som Eldrerådet skriv i sitt innspel: «Vi forventer imidlertid at det i et slikt fellesprosjekt skal være felles møteplasser for å motvirke sosial isolasjon»
  • Eg er i tvil om dette er i tråd med kommunen sin plan for utbygging av omsorgsinstitusjonar. Vil det stille krav til at kommunen stiller opp med tenester som vi ikkje har pengar til?
  • Det manglar ei helsefagleg vurdering av kommunen si rolle i prosjektet og helse- og omsorgskomiteen har i dag bedt om å få saka til vurdering

Så spørsmålet blir trumfar forargumenta motargumenta? Eg vil gjerne ha dine innspel. Saksdokumentet kan du lese her.

Klagesaker Stakkevollvegen og Midtre Kaldslett

Desse sakene synst eg sakene ser greie ut frå administrasjonen si side. Dei foreslår at vi godtar klagene på Stakkevollvegen for å få fortgang i prosjektet og at vi ikkje godtar klagen på Midtre Kaldslett. Burde eg endre meining. Kom med innspel. Sakene finn du her og her.

Også skal vi diskutere forbedringsprogrammet i kommunen. Dette skal vere med på å gjere drifta i kommunen betre. Denne saka er ei orienteringssak. Les saka her.

 

Exit mobile version