SVs arbeidsprogram: Kultur og idrett

Underleg nok er kanskje dette det kapitlet i framlegget til arbeidsprogram for SV som det er minst luft under, minst visjonar og der komiteen har vore minst tydeleg på kva retning samfunnet skal ta. Eg synst og komiteen i liten grad har tatt inn over seg den store utviklinga vi er midt inne i når det gjeld formidlingsformer for kultur.

Wikipedia er i ferd med å bli eit allment leksikon på nettet.

Eit godt døme på at eg opplever at vi tenkjer litt satt er formuleringa om at: «Et særlig viktig tiltak for videre styrking av nynorsk er et allment leksikon på nynorsk på internett». Denne utsegna luktar eit gamaldags konversasjonsleksikon, portert over på nettet. Eg trur det ville vere mykje meir fornuftig å satse på Wikipedia. Wikipedia på nynorsk er allereie i ferd med å bli eit slikt allment leksikon. Staten kunne med svært små summar bidra til at Wikipedia vart kvalitetskontrollert og utvikla på dei emneområda der det framleis er manglar. Dette ville vere ein politikk som viste at ein forstod korleis kunnskap blir skapt og delt i dagens verd.

Tilsvarande kunne det vore spennande å diskutert om all statsstøtta kunst og kultur skulle gjevast ut under ei ella anna form for CC-lisensiering. Når vi – folket – allereie har betalt for eit kunstverk eller eit kulturuttrykk burde det vel vere tilgjengeleg for alle. Så er det ei utfordring korleis ein skal sikre inntekta til kunstnaren eller kulturarbeidaren, men eg trur det er ei mindre utfordring enn det vi ofte innbiller oss. Ei CC-lisensiering for ikkje-kommersiell bruk vil i liten grad innverke på inntektspotensialet for ei bok, eit bilete, ein film, eller ei teaterframsyning. Men det vil kunne gje mange fleire tilgang til kunsten og kulturen. Dei fleste bøkene i Noreg sel lite ut over innkjøpsordninga, eg trur ikkje salet ville minske gjennom at teksten var tilgjengeleg digitalt. Tvert om, ville det kunne gje fleire lyst til å kjøpe boka. Så må då kunstnaren og kulturarbeidaren gjere eit val, om ein vil ta mot offentlege pengar eller ikkje. Her finst det heilt sikkert mange argument både for og mot som eg ikkje har tenkt på. Kom gjerne med dei i kommentarfeltet under. Men eg synst dette passar godt inn med det komiteen skriv:

I tråd med resulatene fra levekårsundersøkelsen bør det gis stipender som gjør det mulig for kunstnerne å konsentrere seg om sitt kunstneriske arbeid. Garantiinntekten må opprettholdes.

Komiteen skriv noko svært viktig i innleiinga til kapitlet. Der står:

Kultur kan fremme omsorg for demokrati, solidaritet og menneskerettigheter, men kan like
gjerne fremme egoisme, fanatisme, nasjonalisme eller vold. SV vil føre en liberal kulturpolitikk. Vår støtte til flerkulturelle, solidaritetsfremmende og demokratiserende kulturtiltak skal aldri innebære at vi stenger for kunst og kultur som verdimessig eller ideologisk står oss fjernt.

Dette er eit godt og viktig grunnprinsipp som vi ikkje å glømme.

Komiteen har tatt opp at åndsverk må digitaliserast. Eg kunne ønska meg eit litt meir offensivt punkt her. Skjebnen til Ibsenprosjektet vitner om at dette er noko som krev sterkt fokus. Kanskje burde programmet sette nokre mål for når Nasjonalbiblioteket skal vere fulldigitalisert?

Eit bitte lite punkt som må endrast i programmet er at komiteen skriv at «SV vil jobbe for at det samiske skriftspråket blir sikret en levedyktig utvikling.» Her må det sjølvsagt stå «dei» samiske skriftspråka. Det er minst tre samiske språk i Noreg.

Det er ein dissens i dette kapitlet. Dissensen handlar om det skal innførast eit tak på eigenbetaling i kulturskolen på 2000 kroner. Det er sjølvsagt greitt å meine at det skal vere eit tak. Det er eg usamd i. Eg meiner dette må vere må kommunane avgjere sjølv. Det skal og må vere ein skilnad på ein kommune styrt av politikarar som har skjønt kor viktig kultur er, og dei som ikkje har skjønt det. I tillegg så er det dessverre slik at det kan vere tilbod som nokre ønsker som er svært dyre som ikkje vil bli tilgjengelege med ein slik regel, og det kan redusere kvaliteten på kulturskolen. Avveginga mellom pris, kvalitet og tilgjenge for alle meiner eg bør vere eit kommunalt ansvar.

Eg meiner at det å gje barn og ungdom mulegheit til å skape kunst og kultur er viktig for eit samfunn. Då fortener det betre framlegg enn berre ein makspris.

Exit mobile version