Korfor bryr vi oss om Gaza?

Dei siste dagane har eg tenkt mykje på korfor eg blir så engasjert i det som skjer i Midt-Austen. Denne gongen spesifikt, Israel sitt gruvsame angrep på Gaza. Kva er det med denne konflikten som gjer at heile verda er engasjert?

Naudhjelpa kjem ikkje fram fort nok i Kongo heller. Bryr vi oss nok om det som skjer der? Foto: Julien Harneis/http://flickr.com/photos/julien_harneis/1871522333/

Det døyr fleire menneske i Kongo, og sannsynlegvis Somalia og Darfur. Dei menneskelege lidingane er i alle fall større. I den grad ein kan måle slikt. Overgrepa til Lords Resistance Army i Uganda er verre enn noko Israel eller Hamas har stått for. Sivilbefolkninga i Zimbabwe har det mykje verre enn Palestinarane. Men ingen av desse er i nærleiken å få den merksemda som konflikten mellom Israel og og palestinarane får. Korfor er det slik?

Korfor er det slik at eg tar parti for palestinarane, sjølv når dette betyr at eg blir oppfatta å gje støtte til den i beste fall halvfascistiske organisasjonen Hamas. Hamas som i følgje chartret har ein menneskesyn som vi knapt har sett make til. Ein organisasjon eg ville fordømt i alle andre samanhengar, ein organisasjone eg, som barnehageelskande venstresosialist har ingenting til felles med. Korfor er det slik?

Korfor kjenner eg slik avsmak overfor Israel. Eit land eg ville elska å elske. Eg trur det er mange samanhengar her. Det eine er at når Israel vart oppretta var det på mange måtar ein idealstat. Ein stat som for det første skulle gjere godt noko av det gale som jødane måtte tole. Det var første ledd i vår soning for at vi ikkje gjorde nok for å hindre jødeutryddingane. Det skulle vere første avdrag for å rette opp litt av det jødane hadde vore utsett for av pogromar og diskriminering i Europa. I starten var og Israel ein slags idealstat for arbeidarrørsla. Kibbutzrørsla var ein slags menneskeleg sosialisme i praksis. Eit alternativ til til den umenneskelege sovjetkommunismen. Når då i tillegg Israel vann over sine motstandarar mot alle odds, er det kanskje ikkje rart at Israel fekk ei heil spesiell stilling i bevistheita vår?

The Dailykos fann eg denne bekjenninga:

Like davidminzer, I’m Jewish and descendant of holocaust survivors. Moreover, I’ve been a Zionist all of my life. I went to a Zionist school, I was active in Zionist youth groups. I’ve always been a fervent supporter of Israel as a refuge for Jews around the world who seek a place to exercise their traditions and embrace their identity in peace.

I sang the Israeli anthem in the train rails of Aushwitz-Birkenau and I pledged to fight every day of my life to make sure the savage crimes that had taken place there would never happen again. Every year I pledged: Never Again. Remember and Never forget.

Well, I haven’t forgotten. And so to honor that pledge, to honor the memory of my family members who died in those death camps and because «there comes a time when silence is betrayal», today I finally and publicly end my support for the state of Israel.

Samstundes kan ein jo spørre seg, er ikkje det moralske ansvaret vårt i Kongo like stort. Er ikkje den europeiske kolonialismen like mykje grunnlaget for det forferdelege som skjer der? Er det ikkje slik at det mange av folkegruppene i Afrika er utsette for, er like ille som det som har skjedd med jødane. Eg trur det. Det må derfor vere noko meir enn det moralske ansvaret for alt som har skjedd som er grunnlaget for eit større engasjement i Afrika en i Midt-Austen.

Kanskje har det noko med at idealstaten vår – Israel har skuffa oss. Dette landet som vi trudde på, hadde draumar om. Demokratiet i Midt-Austen. Når dei ikkje maktar å leve opp til ideala, så blir fallet dess større, så blir avstandtakinga dess sterkare? For det er ingen tvil om at Israel har fallen frå pidestallen sin. Landet bryt tallause FN-resolusjonar, okkuperer og fordriv menneske frå heimane sine på Vestbredden og stenger dei inne bak høge murar både i Gaza og på Vestbreidda. Fordi vi har så høge forventningar til Israel, fordømmer vi dei sterkare for stengte grenser enn vi gjer Egypt.

Eg trur og dette har noko med kunnskap å gjere. Over tid har vi bygd oss opp kunnskap om det som skjer i Midt-Austen. Bibelhistoria gjev oss ei referanseramme å putte ting inn i. Betlehem, Nasaret og Jerusalem er like kjente stader for dei fleste nordmenn som Ålesund, Vadsø og Lillestrøm. Det gjer at vi tør å ha meiningar, at vi tør å ta standpunkt i konflikten, tør å kjempe for det vi meiner er rett.

Eg har ei klår meining, i dagens situasjon er det Israel som er overgriparen. Dessverre er ikkje kunnskapen min om Kongo og Somalia god nok til at det er tilsvarande lett å ha klåre meiningar om kven som har rett og korleis ting heng saman.

Kva er så konklusjonen på dette. Tja, ikkje godt å vite, men eg skal no prøve å lese meg opp på Kongokonflikta. Frøken Makeløs har vist skrive mykje bra. Ho skriv forresten litt om den same tematikken som er i dette innlegget her.

Det internasjonale samfunnet må ta ansvar i Darfur

Darfur er ein provins i Sudan der regjeringa i samarbeid med Janjaweed militsen står for eit folkemord av enorme dimmensjonar. Til no er 400 000 mennesker drept som ein fålgje av konflikta, 2,5 millionar er på flukt og 3,5 millionar menneske har lite eller ingen mat. FN meiner dette er den verste humanitære katastrofa i verda (sjå: http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/africa/3496731.stm).

Den afrikanske union (AU) har på bakgrunn av ein FN-resolusjon fredsbevarande styrkar i Darfur. Desse er dårleg utstyr, utan luftståtte, og alt for få til å på ein effektiv måte patruljere provinsen eller stoppe militsen når denne får ståtte frå fly og helikopter frå regjeringa i Kartoum.

Regjeringa må no ta initiativ og arbeide for fortgang i den internasjonale prosessen for å få på plass FN-styrkar i Darfur som er mange nok og utstyrt for å stoppe det folkemordet som foregår. Noreg må gå i front og stille med styrker, fly og helikopter. I første omgang må Noreg ståtte AU gjennom å stille til rådvelde transport (fly og helikopter) og luftståtte for operasjonane deira.

Exit mobile version