Kan vi desentralisere kommunale arbeidsplassar?

Tromsø er ein stor kommune. Vi har mange viktige bygder utanfor byen som kunne trengt fleire arbeidsplassar og meir folk. Eg har tenkt ein del på om vi kunne lagt fleire kommunale arbeidsplassar utanfor Tromsø sentrum.

Du kan òg lese Nordlys sin artikkel om saka her.

Det er jo sjølvsagt mest aktuelt for dei som ikkje jobbar direkte mot brukarar. Lærarar og barnehagepersonell må jo vere der ungane er, akkurat som helsepersonellet må vere der pasientane er. Men koronakrisa har vist oss at det er ein god del tilsette i Tromsø kommune som kan gjere arbeidet sitt utan å vere på Rådhuset.

Eg har derfor lagt fram eit privat forslag for å sjå om vi kan gjere noko med dette. Forslaget skal opp i formannskapet 5. januar og er er slik:

Desentralisering av kommunale arbeidsplassar

I Tromsø er det ganske mange tilsette som utfører hovudvekta av arbeidet sitt ved ein datamaskin og som dermed ikkje må vere ved ein spesifikk kontorpult for å gjere jobben sin. Koronaperioden har og lært oss at svært mykje samhandling kan løysast gjennom bruk av ulike digitale plattformar.

Vi veit og at det er dyrt å leige eller ha kontorplassar i Tromsø sentrum. Det er og slik at kommunen har bygg i ulike bygder som Lakselvbukt, Sjursnes, Tromvik og Sommarøy. Det kan vere skolar, helsebygg eller andre ting. Det er ikkje alltid desse bygga er fullt utnytta.

Det betyr at det anten kan vere kontor tilgjengeleg eller ganske enkelt kan gjerast om til brukbare kontor. Det betyr at kommunen kan tilby kontoransatte å ha sin arbeidsplass andre stader enn ved Rådhuset i Tromsø sentrum.

Det bør derfor vere mogleg for kommunen å tilby folk som i dag er tilsett i kommunen å jobbe fast andre stader enn på Rådhuset, men ikkje minst bør det vere mogleg å tilby dette til alle nyansatte i kommunen. Formålet med dette forslaget er å bidra til å styrke bygdene i Tromsø kommune gjennom å bidra til stabile arbeidsplassar.

Forslag til vedtak:

Kommunestyret ber administrasjonen utgreie kvar det finst eller enkelt kan gjerast tilgjengeleg kontor utanfor rådhuset og korleis ein kan legge til rette for at kontoransatte kan ha sin daglege arbeidsplass utanfor Rådhuset. Saka skal leggast fram for kommunestyret innan juli 2021.

Eg håper dette kan vere eit bidrag til at fleire kan slå seg ned utanfor sentrum. Eg gler meg til å sjå kva utgreiinga finn ut og satsar på at det blir fleirtal for dette i kommunestyret.

Småbruk eller Airbnb?

Ottar Brox si siste bok «På vei mot et postindustrielt klassesamfunn» viser at Brox framleis tenkjer klårt og godt om utviklinga i landet. Boka er spennande, og eg anbefaler det til alle som er opptatt av korleis vi utviklar eit samfunn med små skilnader mellom folk.

Den sentrale bodskapen i boka er at dersom folk flest har lett tilgang til sjølvsysselsetting, så forhindrar vi utviklinga av eit klassesamfunn med store skilnader. I norsk samanheng viser Brox til at det at folk lett kunne skaffe seg eit småbruk med eit par kyr, eller hadde tilgang til fiske gjorde at dei sto sterkare i møte med det nye industrisamfunnet. Dei måtte ikkje akseptere kva som helst frå fabrikkeigaren. Dei hadde noko å falle tilbake på. Dette hevdar Brox skil Noreg frå mange andre land. I tillegg gjorde dette at vi ikkje først la ned landbruksøkonomien før vi bygde opp industriøkonomien. Samla sett førte det til ein større økonomisk vekst i Noreg.

Dersom vi aksepterer denne argumentasjonen. Og, eg synst den er god og sterk, så er neste spørsmål korleis vi kan halde fram med å bruke denne mekanismen i dag, utan å trur at vi skal tilbake til småbruket. For, som Brox skriv:

«Det er ikke mulig å skaffe seg billig arbeidskraft i et høgkostland uten å samtidig skaffe seg fattige familier»

Det er derfor sentralt for ei utvikling utan store skilnader at vi ikkje har billig arbeidskraft i landet vårt. Brox skriv litt om korleis vi skal få til dette, men det er den minst utvikla og kanskje den svakaste delen av boka. Han peiker på at vi er i ferd med å bygge opp ein ny underklasse i byane. Mange, kanskje eit fleirtal av desse er innvandrarar av ulikt slag. Nordmenn vil ikkje lenger skrubbe gryter og gjere alle dei tinga som må til for at samfunnet skal gå rundt. Korleis gjev vi dei som er i den lågtlønte tenesteytarklassa maktmiddel til å gjere situasjonen sin betre? Kan vi bruke same strategien på nytt, altså sørgje for at det finst alternativ til lågt betalte tenesteytingsjobbar i byane?

Det som openbart er viktig er å få sagt opp eller endra EØS-avtalen slik at vi kan redusere arbeidsinnvandringa til Noreg. Det vil gjere at vi ikkje får eit stadig påfyll av folk som vil jobbe for låge løner.

Delingsøkonomien, ein del av problemet eller løysninga?

Eg synst Brox for lett avfeier delingsøkonomien som ein del av løysninga for framtida. Det er openbart at delingsøkonomien som Über berre er ein måte å erstatte drosjesjåførar med billigare arbeidskraft, men andre delar av delingsøkonomien treng ikkje fugere på same måte som Über. Det som kjenneteikna den småbrukarøkonomien som Brox skildrar er at jord var billig i Noreg, det gjorde at småbrukarøkonomien var tilgjengeleg for dei fleste i Noreg. Går det an å tenke seg at delingsøkonomien kan fungere delvis på same viset. At den økonomien gjer tilgjengeleg kapital, i form av verkty, tomme hus eller anna på ein måte som gjer at folk kan sjølvsysselsette seg.

Eg meiner at verken det eine eller andre resultatet er openbart, og vil bli kraftig påverka av korleis vi vel å regulere delingsøkonomien framover.

Bustadprisane i norske byar er etterkvart blitt så høge, at det krevst ei heil lønning berre for å betale huslånet. Det betyr at om vi legg til rette for at byane ikkje skal vekse meir, og at bygdene kan halde oppe folketalet så gjer vi og noko med fordelinga. Derfor vil framleis fiskeripolitikken, distriktspolitikken og landbrukspolitikken vere ein viktig del av jobben for å bygge eit Noreg med små skilnader mellom folk.

Lovund – eit utkantsamfunn med vekst

Eg inspirerer dena ller første makrellfangsten som er levert i Nord-Noreg. Modolf-Sjøseth på Træna tar mot åtte prosent av all pelagisk fisk i Noreg. Foto: Morten Hofstad

Mange småsamfunn i Noreg slit med manglande næringsutvikling, fråflytting med påfølgjande utarming av private og offentlege tilbod. Men nokre samfunn er kjerringa mot straumen, dei får til vekst og utvikling. Kva er det som skil det eine samfunnet frå det andre?

I går brukte eg ein dag på Lovund og Træna. To små øysamfunn på Helgelandskysten, meir enn to timar med ferge frå fastlandet. Stort lenger frå allfarveg er det nesten ikkje muleg å kome i dagens Noreg. Likevel er dette to samfunn med vekst. Lovund har nesten dobla folketalet på 20 år og Træna har og vekst. Lovund har ein ung folkesetnad med mykje ungar.

Både på Lovund og på Træna lever dei av havet. Oppdrett og fiske er livsnerva for desse samfunna. Dei er likevel ikkje lenger først og fremst tradisjonelle fiskevær. Dei er først og fremst industrisamfunn. Det er industriell produksjon av laks og pelagisk fisk som verkeleg gjev vekstimpuls til samfunna. Lovund er ei spennande øy. Dei hadde to gründarar som tidleg heiv seg på fiskeoppdrett. Allereie i 1972 vart den første fisken sett i havet. I dag har øya to veldrivne oppdrettsselskap som til saman kan kome til å tene 400 millionar kroner i år. I tillegg har dei på øya utvikla isoporkasseindustri for å lage emballasje til fisken, og dei ensilerer 60 000 tonn biprodukt av fisk kvart år for å produsere fôr og olje. Dei har satsa mykje pengar på oppdrett av torsk og mislyktes, men bruker realkapitalen frå denne investeringa no til å forsøke seg med oppdrett av leppefisk for å halde nede mengden lakselus i merdane.

Dersom du spør gründarane på Lovund korfor dei har lyktes, der andre samfunn med i utgangspunkte dei same føresetnadane ikkje har lyktes så peiker dei først og fremst på at bedriftene har tatt samfunnsansvar. Dei to gründarane, Hans Petter Mæland og Steinar Olaisen peiker begge på at dersom ikkje bedriftene på øya hadde vore med og tatt felles løft for å utvikle andre bedrifter og for å utvikle samfunnet (gjennom bygging av svømemhall, squashbane etc) ville bedriftene deira heller ikkje kunne lyktes. Dei peiker og på at storsamfunnet har stilt opp og investert på øya for å få til ei god hamn, barnehage og skole. Så ønsker sjølvsagt øya seg stadig betre kommunikasjon og infrastruktur. Det tar fem og ein halv time til Bodø med hurtigbåt, ferga har ikkje riktig stor nok fart og kapasitet og ei helikopterrute hadde gjort at ein ikkje trengte bruke tre dagar for å komme seg på eit møte i Oslo eller Bergen.

Så då er spørsmålet. Kan andre samfunn lære noko av det dei har gjort på Lovund. Eg skreiv eit tak i tida ei oppgåve på masterstudiet mitt om bruk av kooperativ i lokalsamfunnutviklilinga. (her kan du lese meir om det eg har skrive om kooperativ) Hovudkonklusjonen min var at kooperative løysningar kunne vere med på å få eit samfunn til å løfte i flokk og dermed sette i gang ei utvikling. På meg ser det ut som om Lovundværingane fekk til å løfte i flokk (sjølv om dei ikkje brukte kooperativ), og dette løftet gjorde det muleg å få til den utviklinga dei har hatt. Samspelet mellom bedrifter som satsa langsiktig og samfunnet rundt dei, har gjort at både bedriftane og samfunnet har fått ei god utvikling. Eg trur det kan ligge spennande lærdomar herifrå som vi kan dra med oss vidare.

På den andre sida kan det jo og vere at oppdrett har vore god business i lange tidar og at du kjem langt med millionar av kroner uansett kor du er i verda. Samstundes er det jo mange bedrifter i utknatnoreg som har tent godt på oppdrett utan få ei utvikling som Lovund.

Kva trur du er årsaken?

Kven skal få velje?

Avisane i Harstad Tidende gruppa har i dag eit intervju med meg om fritt skoleval i Troms. I utgangspunktet kan det jo høyrast fint ut med fritt skoleval, men tenkjer ein nøyare gjennom finn ein lett ut at slik er det ikkje.

Fritt skoleval i Troms vil fungere slik at dei elevane med dei beste karakterane vil kunne velge, medan dei med dårlegare karakterar vil måtte ta til takke med det dei får tildelt. Fritt skoleval vil vere fridom for dei få, medan dei mange vil få mindre fridom.

Undersøkingar vi har gjort viser at distriktsungdom er interessert i å flytte til byen. Fritt skoleval vil då kunne føre til at tromsøungdom ikkje vil få plass på tromsøskolane, men ville måtte flytte. Kven er det då som har fått fridom?

Dersom mange elevar frå Nord-Troms vel å søkje seg til byen vil det bli svært vanskeleg å halde oppe det breie tilbodet vi har i Nordreisa og på Skjervøy. Då tar vi vekk fridomen til å velje fag for dei som vil bu i heimeregionen. Kven er det då som har fått fridom?

Fritt skoleval vil gje eit dårlegare skoletilbod for dei fleste ungdomane i fylket. Er det fridom? Det meiner ikkje SV.

Du kan og lese Kristina Torbergsen sitt gode innlegg her

Fly for solidaritet

Det var med stor glede eg leste at bistandsminister Erik Solheim vil vere med på eit internasjonalt prosjekt der ei lita avgift på kvar flyreise skal finansiere naudhjelp og bistand (Les om dette i VG)

Det er mange utfordringar knytt til internasjonalt solidaritetsarbeid. Ei av utfordringane er at slikt arbeid er at det er dårleg med fast finansiering, og mykje skjer litt tilfeldig. Dette kan vere med på å skape langsiktig finansiering, det vil igjen gjere det råd å arbeide langsiktig med for eksempel AIDS-problematikken. Frankrike har gått i spissen for dette arbeidet, og no følgjer Noreg på som land nummer to.

Eg vil likevel løfte ein advarande peikefinger. Sjølv om dette ikkje er dei store summane (åtte kroner for ein billigbillett) er det viktig at denne avgifta blir lagt kun på internasjonale avgangar. Viss ikkje blir dette nok ei «distriktsavgift» som dei som bur utanfor hovudstaden i hovudsak må betale. Slike avgifter er det mange nok av allereie. På den andre sida viser det seg jo i dei store pengeinnsamlingane at folk i distrikta ofte gjev mest – men la no folk avgjere dette sjølv og unngå denne avgifta på kortbanenettet.

Exit mobile version