I dag slår VG på nett til med mykje drama. Og, nei det handlar ikkje om teater eller situasjonen verken i Zimbabwe eller Kongo. Den første dramasaka er om mannen som kastar sko på president Bush. VG inviterer oss «til å se dramatikken her». Men ikkje berre det er dramatikk. Det er og dramatikk på hoppkanten. Vi blir invitert til å lese om «dramatikk på bommen». Felles for all denne dramaen er at ingen vart skada. Kanskje er det meir komedie enn drama?
Eg synst likevel avisa tar kaka med ei sak om skatten vår til neste år. Der skriv VG: «Feil renteberegning kan gi deg tilbakesmell på skatten». Då kan det kanskje vere verd å spørre om tilbakesmell er noko positivt eller negativt. Er det noko du gjerne vil ha? Eg må innrømme at eg er litt usikker.
Forøvrig er det trist å få melding om at Anne Cath Vestly er død. Ho har gjeve mange store og spennande opplevelsar. Må ho få kvile i fred.