Det vart naturleg å stille det spørsmålet då eg kom over denne videoen av ein av dei store heltane mine, Isaac Asimov. I videoen under snakkar han om drivhuseffekten i ein tale frå 1989. Litt har kanskje skjedd, men løysninga er ikkje riktig på plass enno. Tvert i mot, mengda CO2 i atmosfæren har berre auka. I tillegg til å vere ein stor forfattar var han professor i biokjemi ved Boston University og skreiv mykje populærvitskap.
Asimov er forfattar av det som kanskje er den beste science fiction boka/trilogien som nokon gong er skrive, «Foundation«. og ei av dei beste novellen «The last Question«. Han er kanskje likevel mest kjent for «I, robot» og andre bøker/noveller om robotar der han mellom anna skapar robotikkens tre «lover»:
- Ein robot kan ikkje å skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade.
- Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov.
- Ein robot må verne om sin eigen eksistens såframt slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov.
Men i alle fall, før eg pratar meg heilt bort, her er videoen eg vart fascinert av. Den fann eg på NASA sin blogg om klimaendringar: