Reisebrev frå Frogner

Eg har no budd på Frogner i Oslo i litt meir enn eit halvt år. Tida mi har eg stort sett brukt på familie og jobb, så eg har ikkje hatt så mykje tid til å vere turist i eigen bydel. Eg har likevel fått med meg nokre skilnader mellom burettslaget mitt i Tromsø og den nye bydelen min her i Tigerstaden.

Det første eg la merke til at her på Frogner har det vore mykje pengar lenge. Du ser det på husa og på kva type butikkar som finst i nabolaget. Bortsett frå 7-11, ICA og ei videosjappe er det ikkje så mykje eg kjenner att. Her er ein klesbutikk som berre sel klede med La Crosse spelarar på, ein fiskebutikk der det ligg haugar med hummar i vindauga på fredagen, her er fine konditori og dyre møbelbutikkar.

Men bilane, det er på bilane eg verkeleg ser skilnaden. No skal det seiast at tilhøvet mitt til bilar er omtrwent slik at om bilen er svart og nyvaska så trur eg at bilen er dyr. Og – på Frogner er bilane nyvaska og svarte. Aldri før har eg sett så mange nyvaska bilar andre dagar enn i konfirmasjonstida og på 17. mai. Bilane er reine midt på vinteren i verste saltria. Eg visste ikkje at det gjekk an.

Dei har og namn som Porsche Carrera, BMW, Mercedes, Jaguarar og noko som ser ut som svindyre Volvoar. (Det er vel ganske fine bilar sjølv om dei er blitt kinesiske no?). I tillegg er det slikt som Aston Martin og andre merke eg knapt veit om og som eg ikkje aner er dyre eller ikkje. Dei er uansett nyvaska og svarte.

Det andre verkeleg store skilnaden er mangelen på ungar, i alle fall er det ein stor mangel på ungar som er ute. Av og til rek det ein par strikar forbi, men mange er dei ikkje. Anten blir dei gøymt inne, elles så bur det stort sett einslege, barnlause eller gamle folk i bydelen – i alle fall i nabolaget mitt. Men det er kanskje ikkje så rart om folk held seg inne. I området mitt er bustadene verd over 100 000 kroner per kvadratmeter  og då må ein jo sørgje for valuta for pengane. Så kan ein jo diskutere om det er ’verd’ det, men nokon har i alle fall betalt slike fantastiske prisar for å bu i desse gatene som er folketomme, men fulle av dyre butikkar og dyre bilar.