Telefon eller lesebrett

Er dette det nye lesebrettet? Foto: SpeednutDave/http://www.flickr.com/photos/speednutdave/4169880384/

Eg er i ferd med å lese mi andre e-bok. Den første eg leste, las eg på datamaskina mi. Denne gongen les eg på telefonen. Telefonen er ein fantastisk liten dings som heiter Nokia N900. Eg har aldri brukt iPhone, så eg kan ikkje samanlike, men denne gjer alt eg vil. Litt få program enno, men eg har stor tru på at dei kjem til denne vesle linuxdingsen.

Men dette skulle ikkje først og fremst handle om telefonen min. Det kunne vore kva slag som helst telefon med litt storvoren god skjerm. Desse er gode å lese på, du har den med deg alltid og over alt. Ingen andre dingsar kan konkurere med det.

Det store spørsmålet blir då, kjem eg til å kjøpe meg eit lesebrett i tillegg, eller kjem telefonen til å gjere nytta? Det er nok heilt sikkert slik, at det er hakket meir behageleg å lese på eit lesebrett og dermed går kanskje og lesinga raskare. Men er kostnaden verd det? Då tenkjer eg ikkje først og fremst på kostnaden i pengar, men i form av: hugsar eg å ta med lesebrettet, orkar eg vekta og har eg plass i lomma? For telefonen er svaret ja på alle dei spørsmåla.

Så her er spådomen min. Lesebrettet tar ikkje heilt av, og telefonen kjem til å bli det fremste leseverktyet framover.

Kva trur du, tar eg feil og korfor?

Boka er forøvrig kul og heier «Maker» og er skriven av Cory Doctorow. Du kan laste ned boka her

Eit forsøk med e-bok

jahn-aril
No kan du lese Jahn-Arill Skogholt sin siste roman elektronisk her.

Eg legg no ut siste romanen til far min, Jahn-Arill Skogholt. Eg legg boka ut her i ulike format. Boka kom opprineleg ut på Orkana forlag i 1999. Dei har mange spennande bøker til sals, kjøp dei!

Eg håper mange vil finne glede i denne boka. Del ho gjerne med andre (Creative Commons). Last ho ned, men du har ikkje lov til å tene pengar på boka.

Den versjonen du finn her, er den som låg på datamaskina til han Pappa då han gjekk bort. Eg har ikkje fått krysslest mot den trykte versjonen for å finne ut om det er avvik. Det skal eg få gjort etterkvart. Om det er avvik kjem eg til å rette opp det.  Eg vil tippe at det er eit par skrivefeil i dette manuset som er fanga av korrekturen i den trykte versjonen.

Etterkvart håpar eg at den andre romanen, «I Havherrens land» skal bli publisert her, men då må eg få skanna boka først.

Takk til Eirik Newth som gav meg om ikkje ideen, så i alle fall puffet som skulle til for å få dette gjort. Gje meg gjerne tilbakemelding om du finn feil i formata. ISDN nummer på html-versjonen er 978-82-998087-0-5 (html)

Les boka her, ordliste her

Last ned som pdf her

Last ned som Mobipocket (bør funke på Kindle, gje meg gjerne ei tilbakemelding om det)

Last ned for eReader (Palm markup language)

ePub for Sony Reader og andre (fungerer fint på smarttelefon og tablet)