Matvareprisar og matvareproduksjon

Kveiteproduksjonen stig seinare enn folketalsveksten. Korleis skal vi fø ni milliardar menneske? Foto: Özgür Mülazımoğlu /Flickr

I løpet av dei siste dagane har eg fått to skriv i postkassa som handlar om matvareprisar og matproduksjon. Først kom The Economist med ei stor sak om korleis vi kan klare å produsere nok mat til ni milliardar menneske i 2050, og i dag kom Nordlys (Nordlys si satsing på Apple produkt der ting berre er elektronisk tilgjengeleg på iPhone og iPad tar til å irritere meg skikkeleg, men det er ei anna sak) med si eiga lokale oppfølgjing av VGs matbørs.

Desse to ulike artiklane fekk meg til å tenkje litt. Korleis er samanhengen mellom pris og produksjon av mat? Eg er minst like glad i billig og god mat som alle andre, men eg er heilt sikker på at dersom bonden ikkje får ei skikkeleg inntekt så blir det ikkje produsert nok mat i verda.

Dei siste åra har vi sett store prisendringar på mat, der maten i to tilfelle har blitt svært dyr. Dette skaper store problem for dei fattigaste i verda, men det gjev og signal om at matproduksjonen i verda allereie er marginal. Det skal svært små forstyrrelsar i marknaden til før det gjev store utslag i matprisen.

Då synst eg det er litt skummelt at Noreg ikkje har skikkelege strateggiske matvarelager. I ei usikker verd, med krig og konflikt samt klimaendringar som potensielt vil kunne skape stor avlingssvikt så er det ikkje sikkert vi alltid vil kunne kjøpe det kornet vi treng. No er vi sjølvsagt så rike at vi stort sett alltid vil få tilgang på korn, men eg er likevel ikkje bekvem med at det einaste matvarelageret Noreg har er lagra på butikken og hos grosistane. Eg meiner vi burde ha lager for minst eit års forbruk i landet.

Men, det aller viktigaste matvarelageret er at vi har ein robust matproduksjon over heile landet. I både eit matvaretryggleiksperspektiv og eit perspektiv der det blir matmangel i verda bør vi halde oppe det norske landbruket over heile landet. Det betyr at maten vår må ha ein pris som gjer at ungdom har lyst til å overta og drive gardsbruk i Noreg.

I dag er det ca ein milliard menneske som ikkje har nok mat. Med tanke på at vi kjem til å bli to milliardar fleire menneske på jorda i løpet av dei neste 30 åra så betyr det at matproduksjonen må auke med 50 prosent i løpet av desse 30 åra. Det kjem til å bli vanskeleg.

Mykje kan gjerast gjennom at meir av maten blir spist og ikkje går tapt eller bli kasta. I dag mistar vi over 30 prosent av maten som blir dyrka. I fattige land går mykje tapt i dårleg logistikk, infrastruktur og lager. I den rike verda går mykje tapt gjennokm at vi kastar mat. Dette kan ikkje halde fram.

Men, dersom vi klarer å få bukt med overforbruk og tap på grunn av dårleg infrastruktur og klarer å auke produktiviteten særleg i Afrika til det nivået som er i India så trur eg det vil vere muleg å fø ni milliardar menneske på jorda. Føresetnaden er sjølvsagt at vi og klarer å få bukt med klimaendringane før dei reduserer jorda si evne til å produsere mat.

Korleis trur du vi skal klare å produsere nok mat?