Island har store finansielle problem for tida. Valutaen er i fritt fall, og renta går kraftig opp. Island har allereie nasjonalisert den tredje største banken i landet. VG skriv i dag at dette har utløyst ein debatt på Island om tilknytting til EU og å ta i bruk euro som valuta. Eg skal ikkje ha sterke meiningar om korleis Island ordnar seg i forhold til EU, men eg meiner no at det er på tida at Noreg gjer det vi kan for å hjelpe Island i denne situasjonen. Noreg er i ein svært sterk finansiell posisjon. Vi kan stille pengar til disposisjon for Island slik at dei med truverd kan bakke opp valutaen sin og bidra til å få den islandske økonomien på fote igjen. BBC skriv i dag:
The country’s credit rating was slashed after the Glitnir nationalisation. The Icelandic krona, which had lost more than half its value since last summer, lost a further 14% this week. The government is openly divided on whether to keep the currency or ditch it – and adopt the euro. There’s a growing sense that this country, with just 300,000 people, is too small to cope. Sigurdur Kristjanson, an MP from the prime minister’s party, disagrees.
Eg er ingen økonom, men eg er sikker på at Noreg kan gjere noko i denne situasjonen viss vi vil, og dersom Island vil. Då bør Stoltenberg og Halvorsen seie i frå til Island at om dei treng hjelp er vi villige til å stille opp. Såpass bør vi gjere for eit naboland i krise.
Oppdatert: Dagbladet skriv om saka her Oppdatert 2: Kristin Halvorsen seier at Noreg er klår til å hjelpe Island.