Alle taper på å slå saman Finnmark og Troms – også Tromsø

No er det på tide at staten tar signala på alvor. Samanslåinga mellom Troms og Finnmark vil ikkje bli vellykka med den enorme motstanden vi ser i Finnmark.

Eg er no alvorleg bekymra for at eit nytt fylke blir handlingslamma i stadige og nærmast uløyselege diskusjonar mellom Troms og Finnmark. Det har vi ikkje råd til med dei store utfordringane vi har innan skole, veg og kollektivtrafikk i nord.

Eg er og alvorleg bekymra for at Tromsø vil bli nedprioritert i det nye fylket. I Tromsø har vi store planar og utfordringar i kollektivtrafikken. Vil det vere pengar til dette i det nye fylket i kampen mot gode formål i heile det store nye fylket? Det er ingenting som tyder på at Tromsø vil få ei spesielt sterk stilling i det nye fylkestinget, i alle fall om vi skal sjå historisk på det. Tromsø har hatt få representantar på fylkestinget i Troms.

Derfor må vi krevje også frå Troms si side at samanslåinga blir stoppa, går ikkje det – og det gjer det kanskje ikkje – må vi også i Troms ta frykta og sinnet i Finnmark på alvor og seie at fylkesrådmannen skal ha sete i Vadsø og gjere noko med fellesnemda – la til dømes dei to fylkestinga utgjere denne. Kanskje kan det vere med på å løyse litt opp i situasjonen? Det som er heilt sikkert er at vi alle vil tape dersom dagens situasjon får halde fram.

Med dagens teknologi burde det gå heilt fint å ikkje ha ting i den største byen, sjølv om Widerøe nok er dei som vil tene mest på samanslåinga.

Eg trur ikkje Tromsø er det minste interessert i å tappe Finnmark for arbeidsplassar, kunnskap og ressursar. Eg kjenner i alle fall ikkje ein einaste tromsøværing som meiner det. Vi vil vere med å bygge opp, så la oss då gjere det