Nofima har saman med Menom laga ein interessant rapport om verdiskapinga i fiskerinæringa, begrensa til fangsleddet i næringa. Det er mange interessante tal i denne rapporten. Tromsø er den kommunen i landet med flest fiskarar, og den kommunen i landet med fjerde høgast verdiskapinga frå fiskeria, direkte og indirekte.
Ålesund er den kommunen som har den aller høgaste verdiskapinga frå fiskeria. I Ålesund er verdiskapinga på omtrent to milliardar, medan den i Tromsø er på ca 1,2 milliardar.
Samla er det 13000 årsverk i fangstnæringa Noreg. Den samla sysselsettinga i heile den norske sjømatnæringa var i 2019 på 92000. Samla verdiskaping i fangstleddet var på 22,7 milliardar. Av dette vart 16,6 skapt direkte i flåten og resten var indirekte verknader. Det var 9800 sysselsette direkte i flåten og ytterlegare 5700 indirekte. Dette betyr at verdiskapinga per sysselsett i flåten er på 1,69 millionar. Det er langt over det som er vanleg i norsk næringsliv. Blant dei indirekte sysselsette er verdiskapinga på linje med norsk næringsliv.
Det er og verd å merke seg at Bærum er den kommunen med den femte høgaste verdiskapinga frå fiskeflåten i Noreg, med Oslo på ein god sjuandeplass. Oslo og Bærum til saman har ei verdiskaping frå fiskeri på nesten to mlliardar frå fiskeflåten. Det er i all hovudsak snakk om indirekte verknader. Det står ikkje konkret i rapporten, men eg vil tru det er innkjøp av ulik slag og kjøp av tenester anten advokatar, banktenester eller anna.
Vi ser dette tydelegare i rapporten frå 2019 som viser sysselsettinga i heile sjømatnæringa:
Det vi ser er at vi i Nord-Noreg og i Tromsø ikkje er så gode på salsaktivitetar og på leverandørindustri som ein skulle tru at vi skulle vere med tanke både på havbbruks- og fiskeriaktiviteten i nord. Det er litt overraskande å sjå at det er fleire sysselsette i sjømatnæringa i Oslo enn i Tromsø. Vi ser og at det er langt opp til Vestlandet.
Eg tenkjer det kunne vore eit interessant oppdrag for Tromsø sitt nye næringsutviklingsselskap vere med å utvikle ein konkret strategi for korleis vi kan få større sysselsetting og verdiskaping av fiskeri og havbruk framover.
I Nordlys i dag er det eit oppslag om at «Petro større enn fiskeri og landbruk» Det er ei sanning med store modifikasjonar. Oppslaget er basert på ein rapport frå «Norsk olje og gass». Rapporten er ikkje tilgjengeleg på nettsidene deira.
Tala som blir referert i Nordlys seier at det til saman jobbar 8700 personar i bransjar relatert til olje i Nord-Noreg, medan det til saman jobbar 8381 personar med fisk og landbruk. Og, ja så jobbar det i tillegg 3544 i fiskeindustrien. Så dermed er ikkje olje større enn fisk og landbruk, tvert i mot. Fisk og landbruk er større. Til saman 11925
Vel så interessant er det å sjå korleis dei kom fram til 8700 petroarbeidsplassar. Dei har tatt med alt som kan minne om olje i dei tala. Det kan nesten sjå ut som om det inkluderer dei som sel tacobollar på bensinstasjonane. Det betyr at samanlikninga mellom olje og fisk er som å samanlikne epler og pærer. Dei har ikkje tatt med firskeriforskarane i tala, men dei har tatt med oljeforskarane. Dei har ikkje tatt med dei som lager eller raparerer fiskeutstyr, men dei har tatt med dei som lager og reparerer oljeutstyr. Dei har ikkje tatt med dei som vedlikeheld båtane, dei har tatt med dei som vedlikeheld olje basane. Slik kan ein fortsette i det uendelege.
Eg skal ikkje påstå at tala til oljeindustrien er feil. Då må eg lese rapporten først i alle fall. Men det er ingen tvil om at samanlikninga deira lyg så det står etter.
Oljenæringa er ei solnedgangsnæring og kan ikkje bære Noreg framover. Sakte men sikkert vil andre næringar måtte ta over. Då er det viktig for Nord-Noreg å vere i første rekke i dei nye næringane, der dei nye arbeidsplassane blir skapt. Vi har ofte mykje å lære av Vestlendingane om å satse framtidsretta og langsiktig.
Det minner meg om ei lita historie las i Rubicon av Agnar Mykle ein gong. Før motoren si tid var vist møringane dei beste til å ro. Dei einaste som kunne slå dei i roing var nordlendingane, men berre over eit kort stykkje og om det sto kvinnfolk i fjæra og såg. Den nordnorske trua på at oljenæringa skal skape tusenvis av arbeidsplassar er den moderne versjonen av denne historia.
No, når oljetida går mot slutten skal vi satse og gire næringslivet mot noko som snart er over. Då nyttar det ikkje om kvinnfolka vinkar aldri så mykje – vi må bli betre på den langsiktige satsinga. Nokre tal kan underbygge dette. I troms jobbar det 519 personar i petroleumsnæringa, i Finnmark er talet 260. I perioden frå 2000 til 2007 auka Rogaland sin andel av dei tilsette i petroleumsnæringane (tal frå SSB, Rapporter 2009/7). Dette skjedde samstundes med utbygginga av Snøhvit. Oljenæringa er ikkje på veg nordover.
Det kan bli ein liten sysselsettingsvekst i nord knytt til petroleumsnæringa, men å tru at dette er framtidsnæringa er feil. Til samanlikning jobbar det nesten sju gonger fleire i fiskerinæringa i Troms enn med olje, ni gonger fleire med turisme og det er tre gonger fleire bønder i Troms enn personar som jobbar i petroleumsnæringa. Erna Solberg seier til oilinfo.no at det er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet at det blir oljeboring utanfor Lofoten Vesterålen.
Men Vestlendingane har skjønt at framtida ligg andre plassar enn i oljen. Dei store vestlandske kraftselskap har samla seg i selskapet Vestavind Offshore as for å satse på vindkraft. Kraftnytt.no rapporterer at:
«Rune Birkeland, administrerende direktør i Grieg Logistics, tror offshore vindkraft kan gi store positive ringvirkninger for næringslivet på Vestlandet.
– Vi har blitt eksperter på offshore virksomhet gjennom erfaringen fra oljevirksomheten. Kobler vi vår ekspertise med utenlandsk kompetanse på vindturbiner, kan vi skape mange arbeidsplasser, sier Birkeland, som også er styremedlem i Norwind, et selskap som fokuserer på offshore vindkraft.»
Vi har ikkje tid til å gå omvegen om oljenæringa for å skaffe oss kompetanse på dei nye energiformane. Vi må hoppe bukk over olja for å vere med på det nye. Satsar vi på olje no blir vi sittande i fjæra medan verda går vidare.
Kva skal vi satse på?
Eit godt eksempel på kva Eg og vi i SV vil satse på er den utviklinga av tidevasskraft som skjer i Harstad. Toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark besøkte Hydra Tidal no i august. Lena Jensen, SVs førstekandidat i Troms uttalte den gongen til NRK:
– På syttitallet bygget Norge opp oljeindustrien og fikk pengene hit. På samme måte ønsker SV nå å bygge opp fornybar energiindustri, og vi vil satse spesielt i Nord-Norge.
– Da er det viktig at vi sikrer at Hydra Tidal, som ligger fremst i verden på tidevannskraft, får de pengene de trenger. For det er akkurat her den nye industrien og de nye massive arbeidsplassene skal komme i Nord-Norge i framtida, og ikke innenfor olje.
Den viktigaste fiskerisesongen for mange er akkurat no. Det er no torsken kjem inn til kysten og han er lett tilgjengeleg for fiskarane. Det har vore gode fangstar, og alt burde ligge til rette for ein gods sesong med liv og pengar i væra. Dessverre er det ikkje slik over alt.
I Nord-Troms er no nesten alle fiskebruka stengt. Når ingen kjøper fisk nyttar det ikkje at fiskarane fiskar fisk. Det er fleire grunar til at fiskebruka stenger. Bruka klager på høge prisar, og seier prisen må ned, fiskarane seier at prisen allreie har gått ned med 20 prosent. I tillegg er marknaden treig, slik at det ligg mykje fisk på lager. Då slår det ekstra ille ut at bankane ikkje gjev kreditt.
Eg trur det er to ting som må ligge fast. Ein, dersom alle snakkar om at prisen skal ned blir det ein sjølvoppfyllande spådom. Kjøparane i den europeiske marknaden vil vente med å kjøpe til prisen går ned, omsettinga stoppar opp og krisa blir enno verre. To, dersom ikkje bankane no tar i bruk krisepakka og gjev kreditt til bruka må staten gjennom Innovasjon Noreg eller gjennom ein eigen statleg fiskeribank gå inn å sørge for at bedriftene har likviditet til å kunne kjøpe gjennom den beste sesongen.
Vi har alt for mange sårbare fiskerisamfunn til at dette kan få skure og gå.
Det er litt rart eigentleg, men fisk og pirat er blitt to ord som høyrer saman. Det heiter ikkje sjørøvarskip no lenger, det heiter pirattrålar. Spørsmålet blir, korleis henger desse to orda saman med Somalia?
Det har i media vore mange meldingar om piratverksemd utanfor Soamlia. Spesielt har det vore lange artiklar om kapringa av det ukrainske skipet «Faina», fult av våpen som vart kapra for ei tid sida. Totalt har VG på nett hatt 617 saker om Somalia og piratar, Dagbladet nøyer seg med 89. Kor mange av desse saken dreier seg om årsaka til piratverksemda, utover å slå fast at Somalia er ein øydelagt stat?
Eg har utan å lese alle desse artiklane funne svært få. Eit heiderleg unntak er ein kronikk i Dagbladet. Redaksjonelt er det lite å finne. Det var derfor overraskande, men svært hyggeleg å opne Dag og Tid (saka ligg dessverre ikkje på nett) i dag og finne ein god artikkel om noko av bakgrunnen for denne piratverksemda. Og no nærmar vi oss koplinga mellom alle tre orda i innleiinga.
Stig Jarle Hansen og Atle Mesøy seier det slik i ingressen på kronikken sin i Dagbladet:
Sjørøvere fra Somalia har spesialisert seg på en piratvirksomhet som overgår de fleste fantasier. I fjor ble det registrert 35 angrep. En kaprergruppe kaller seg Den Nasjonale Frivillige Kystvakten og forlanger løsepenger av båter som ikke har kjøpt fiskelisens.
I følgje FNs matvareorganisasjon, FAO en er det rundt 700 utanlandske båtar som er involvert i ulovleg fiske utanfor kysten av Somalia. Dette gjer det heilt umuleg å kontrollere kvoter og liknande, men erfaringar frå andre land tilseier at det ikkje blir så mykje igjen til det tradisjonelle kystfisket i Somalia. På eit tidspunkt var det 30 000 fiskarar i Somalia og 60 000 som jobba i tilstøytande næringar. Dersom framande skip har tatt levebrødet frå dei er det kanskje ikkje så rart at dei reagerer og at denne reaksjonen kan vere agressiv og valdeleg. Dette unnskylder ikkje piratverksemda, men det forklårer ein god del. FAO er og tydeleg på at det er sannsynleg at det er dumpa store mengdar farleg avfall langs kysten av Somalia. Det gjer sikkert ikkje folk meir venleg innstilt.
«Somalia is grateful for recent initiatives taken by the United States Navy aimed at curtailing rampant sea piracy that has been taking place in the territorial waters of Somalia,» said Farah.
«But it will also be pleased if similar action could be taken against illegal fisheries in the Somali territorial waters. The illegal international fishing vessels cause serious damage to Somali marine resources and its environment,» said the minister.
Kanskje er dette eit poeng? Eg trur det. Tony Blair gjorde det til eit mantra i ein valkamp å seie «tough on crime, tough on causes of crime». Kanskje det kunne vore noko å ta med seg i internasjonal politikk og? Eg trur det.
Chicago Tribune skriv at farvatna utanfor Somalia vart ein internasjonal dumpingplass for avfall på byrjinga av 90-talet. Dei skriv:
Fishing boats from Italy were reported to have ferried barrels of toxic materials to Somalia’s shores and then returned home laden with illicit catches of fish. Rusting containers of hazardous waste washed up on Somali beaches as recently as 2005, after a powerful tsunami roared through.
But fish poaching has proved far more devastating to Somalis, environmental officials say.
«It’s been like a long gold rush for Thai, European, Yemeni and Korean boats,» said Abdulwali Abdulrahman Gayre, the vice minister of ports and fisheries for Puntland, a dusty, semiautonomous state in northern Somalia that is the bastion of the pirates.
«We have some of the richest fishing grounds in the world,» said Gayre. «Scientists say it is like a rain forest of fish. But our fishermen can’t compete with the foreigners in big ships who come to steal from our waters.»
Many of Somalia’s angry fishermen have picked up rifles and joined the pirate mafias that have seized more than two dozen vessels off the Somali coast so far this year, maritime security experts say.
«It’s almost like a resource swap,» said Peter Lehr, a Somalia piracy expert at the University of St. Andrews in Scotland and the editor of «Violence at Sea: Piracy in the Age of Global Terrorism.» «Somalis collect up to $100 million a year from pirate ransoms off their coasts. And the Europeans and Asians poach around $300 million a year in fish from Somali waters.»
Det viktigaste er det siste avsnittet i dette sitatet. Somaliske pirater er sofistikerte og dyktige, men har berre makta å tene inn ein tredjedel av det tapet somaliarane har lidd gjennom tjuveri og vandalisme frå innbyggarar i andre land.
Kan vi då seie noko om kva somaliarane sjølv tenkjer om det dei held på med? Eg har ikkje snakka med nokon av desse piratane, men det har The New York Times. Dei har hatt ein lengre samtale med piratane ombord i det ukrainske våpenskipet «Faina». Sansynlegvis må vi ta det denne pirattalsmannen seier med ei klype salt, som vi må med alle i slike situasjonar. Det er alikevel svært interessant kva han seier til avisa:
“We don’t consider ourselves sea bandits,” he said. “We consider sea bandits those who illegally fish in our seas and dump waste in our seas and carry weapons in our seas. We are simply patrolling our seas. Think of us like a coast guard.”
og
He insisted that the pirates were not interested in the weapons and had no plans to sell them to Islamist insurgents battling Somalia’s weak transitional government. “Somalia has suffered from many years of destruction because of all these weapons,” he said. “We don’t want that suffering and chaos to continue. We are not going to offload the weapons. We just want the money.”
Al Jazeera rapporterer at det kostar 2,5 dollar å dumpe eitt tonn avfall utanfor Somalia. Kostnaden med å kvitte seg med avfallet på lovleg vis kan vere over 1000 dollar tonnet. Her er det pengar å tene. I same artikkelen siterer Al Jazeera FN utsendinga i Somalia, ein Ould-Abdallah, han seier i følgje TV-stasjonen:
«What is most alarming here is that nuclear waste is being dumped. Radioactive uranium waste that is potentially killing Somalis and completely destroying the ocean,» he said.
Ould-Abdallah declined to name which companies are involved in waste dumping, citing legal reasons.
But he did say the practice helps fuel the 18-year-old civil war in Somalia as companies are paying Somali government ministers to dump their waste, or to secure licences and contracts.
Så det er ingen tvil om at fiskeri og piratverksemd er to ord som høyrer saman. Dei høyrer likevel saman på ein litt annan måte utanfor Somalia enn i Barentshavet, men pengar er drivkrafta begge plassane.