Categories
Økonomi Politikk

Evigvarande kvoter og fisken på børs

2013-08-07 20.09.10
Fiskeribladet Fiskaren onsdag 7. august

Det var vel eigentleg ikkje nokon grunn til å sette kaffen i halsen, men eg gjorde det likevel då eg såg førstesida på Fiskeribladet Fiskaren i går. Med krigstyper skreiv dei: “Høyre lover evige kvoter”

Dette bryt med eit av dei mest sentrale premissa i norsk fiskeripolitikk. I Noreg er det slik at det er folket som eig fisken, og vi har ønska at verdien av fisken skal vere med å bygge fiskerisamfunna. Dette byggverket vil Høgre rive ned.

Dersom vi tar eit lite sidesprang til Island. Der innførte dei evigvarande kvoter på nittitalet. Fisken skulle ikkje lenger tilhøyre samfunnet, men den einskilde kvotebaron. I løpet av kort tid var fisken samla på få hender, og fisken gjekk frå å vere ein vare og ein ressurs til å bli eit verdipapir som det vart spekulert på børsen med. Det var denne endringa som la grunnlaget for den islandske bankkollapsen. Spekulasjonen i fiskeripapir skapte ei islandsk bankboble og finansekspansjon som til slutt kollapsa og knuste den islandske økononomien. Høgre synst vist dette var eit så vellukka eksperiment at dei vil gjenta det i Noreg. Kanskje ikkje så rart at eg sette kaffen i halsen likevel?

Dessverre har vi allereie gått for langt i denne retninga i Noreg allereie, med strukturering av kvotane i den større kystflåten. SV har heldigvis klart å stoppa Ap sin iver etter store einingar og såkalla rasjonalitet for flåten under 11 meter. Ein rasjonalitet som konsentrerer fiskekvotane på få hender og utarmar mange fiskerissamfunn. No seier Høgre tydeleg frå at dei vil ha strukturering på alle nivå, også i kystflåten. Også den minste flåten skal kunne spisast av dei store. Dette vil føre til ei ytterlegare utarming av mange kystsamfunn.

SV har ein positiv politikk for kystflåten med satsing på kvalitet, fiskareigde farty og at verdien av fisken skal hamne i fiskeværa, hos fiskaren og ikkje på børsen. Men slikt skaper ikkje papirformuar hos dei som gjev Høgre millionstøtte i valkampen.

Men, dette er kanskje ikkje så rart når Erna Solberg ser på levande vesen, på biologisk produksjon på same måte som møbelproduksjon. I Høgre sitt sjømatprogram seier ho:

«Jeg kaller laksen Norges Ikea.»

Categories
Politikk

Har Senterpartiet gått av hengslene?

Irene Lange Nordahl
Irene Lange Nordahl meiner at meir av fiskeressursane skal privatiserast. Foto: Senterpartiet/Flickr

Ja, eg tenkjer sjølvsagt på Ola “drill, baby, drill” Borten Moe, men eg tenkjer ikkje berre på oljefanatismen som ser ut til å ha smitta det partiet. Det som verkeleg har forundra og irritert meg den siste veka er at arbeidsprogramkomiteen i Senterpartiet har gått inn for å privatisere omtrent siste rest av fiskeressursane våre.

Irene Lange Norddahl lanserte dette framlegget i Nordlys den sjette september. Framlegget går ut på at også den minste flåten (under 11 meter) skal få kjøpe og selje retten til å fiske og slå saman fleire kvoter.

Det dette betyr er to ting. Det første og kanskje viktigaste er at fiskarane vil ta opp nye lån for å skaffe seg fiskerettar. Det igjen betyr at meir av fiskaren sin arbeidsinnsats vil gå til å bygge bankpalass i Oslo, og mindre vil gå til å bygge lokalsamfunna langs kysten.

Det andre er at det er med på å sementere at retten til å fiske er ein privateigd rett, og ikkje ein samfunnsressurs som vi alle har i lag. I det lange løp vil dette føre til at kvotene blir samla på færre og færre hender, på større og større einingar, medan profitten går til folk som Røkke og ikkje til kystsamfunna.

Men, kanskje er det ein samanheng her mellom fiskeriframlegget og oljepolitikken til Sp. Når dei utarmar distrikta sine tradisjonelle inntekter, så må dei jo skape eit alternativ. Alternativet ser ut til å vere ei næring som har potensiale til å øydelegge miljøet vårt.

Vel, vel, kvart sitt val.

Categories
Miljø Økonomi

Skummel forskjellbehandling?

Den spanske trålaren Arosa Quince vart raskt oppbrakt av norsk kystvakt. Skjer det same med norske trålarar?

Den 26. juli meldte NRK at den russiske trålaren «Melkekart II» får ei bot på 450 000 kroner for å ulovleg ha dumpa fisk i Barentshavet. Det ser ut som om det tok ein dag å etterforske saka og gje reiarlaget og skipperen bot.

I mai 2011 filma fiskeridirektoratet at ein norsk trålar dumpa fem tonn torsk på havet. No, eitt år og tre månader seinare er det enno ikkje gjeve bot eller tatt ut tiltale. (NRK si sak her)

Det kan godt tenkast at der er gode grunnar til at det er blitt slik, men dei gode grunnane er ikkje komen fram enno. Den einaste grunne som direktøren i fiskeridirektoratet gjev er at «Vi har tradisjon for å gå ganske nøye inn i desse sakene». Det kan då vere verd å spørje korfor ein går så mykje nøyare inn i den eine saka enn i den andre?

Eg er i alle fall heilt sikker på ein ting, om ikkje russiske fiskarar og russiske styresmakter trur at vi i Noreg er i stand til å handheve reglane likt overfor norske og utanlandske farty vil vi snart få store problem med forvaltninga i Barentshavet. Kor lenge vil russiske farty akseptere norske reglar om det blir skapt ei oppfatning av at reglane er strengare for russarane enn for nordmenn. Ikkje lenge vil eg tru.

Det går godt an å spekulere i korfor det er blitt slik. Eg ser for meg to grunnar. Anten arbeider direktoratet for tregt, eventuelt manglar kompetanse, eller så er samrøret mellom pengeinteressane og offentlege styresmakter slik at ein kvier seg for å reagere. Eg skal ikkje seie noko om kva som er realiteten. Men begge delar bør føre til ei opprydding i direktoratet og departementet.

Miljøkriminalitet må stoppast raskt og kontant.

Så kan ein jo og spørre om korfor departement ikkje har klart å sette i verk stortingsvedtaket om forbud mot fiske for båtar større enn 15 meter på fjordane. Kan det vere same grunnen?

Categories
Feature Troms og Tromsø

Finanskrisa blir fiskerikrise

Den viktigaste fiskerisesongen for mange er akkurat no. Det er no torsken kjem inn til kysten og han er lett tilgjengeleg for fiskarane. Det har vore gode fangstar, og alt burde ligge til rette for ein gods sesong med liv og pengar i væra. Dessverre er det ikkje slik over alt.

sjark
Det er ille å fyre for kråka, kanskje verre å fiske for måsen? Foto: enger/Flickr.com

I Nord-Troms er no nesten alle fiskebruka stengt. Når ingen kjøper fisk nyttar det ikkje at fiskarane fiskar fisk. Det er fleire grunar til at fiskebruka stenger. Bruka klager på høge prisar, og seier prisen må ned, fiskarane seier at prisen allreie har gått ned med 20 prosent. I tillegg er marknaden treig, slik at det ligg mykje fisk på lager. Då slår det ekstra ille ut at bankane ikkje gjev kreditt.

Eg trur det er to ting som må ligge fast. Ein, dersom alle snakkar om at prisen skal ned blir det ein sjølvoppfyllande spådom. Kjøparane i den europeiske marknaden vil vente med å kjøpe til prisen går ned, omsettinga stoppar opp og krisa blir enno verre. To, dersom ikkje bankane no tar i bruk krisepakka og gjev kreditt til bruka må staten gjennom Innovasjon Noreg eller gjennom ein eigen statleg fiskeribank gå inn å sørge for at bedriftene har likviditet til å kunne kjøpe gjennom den beste sesongen.

Vi har alt for mange sårbare fiskerisamfunn til at dette kan få skure og gå.

Categories
Feature Politikk

Kystfiskeutvalet

I dag har eg vore på høyringa Troms fylkeskommune arrangerte om kystfiskeutvalet si innstilling. Det fulle namnet er «NOU 2008:5 Retten til fiske i havet utenfor Finnmark«. Innstillinga går i korte trekk ut på å anerkjenne finnmarkingane og sjøsamane i Finnmark sin rett til fiske i fjordane og kystnære farvatn utanfor Finnmark. Dette er ei god og spennande innstillinga.

Utvalet foreslår å begrense kapitalen si kontroll over fiskeria langs kysten
Utvalet foreslår å begrense kapitalen si kontroll over fiskeria langs kysten

Innstillinga seier at basert på hevdvunne rettar og dei folkerettslege pliktene Noreg har, så får urfolka rett til fiske i fjordane og langs kysten av Finnmark. Det fantastiske er at denne retten og vil gjelde alle som bur i Finnmark, ikkje berre samane.

Denne retten vil vere personleg, uomsetteleg og knytt til at ein bur nær fiskeplassen. Dette er musikk i mine øyre (då reint bortsett frå at eg ikkje er så veldig glad i musikk – men eg er altså glad for dette). Eg har kjempa for ein slik fiskeripolitikk så lenge eg har vore politisk aktiv. Det er viktig å rett at kystfolket har rett til å fiske. At denne retten ikkje skal omsettast på ein børs og at det skal vere råd å komme inn i fiskeria utan å måtte bruke store summar på å kjøpe seg kvotar.

Det er fleire grunnar til at dette er rett. Når ein ikkje må kjøpe kvote minkar presset på fiskebestanden, fordi ein ikkje må fiske til banken før ein kan starte å fiske til seg sjølv. I tillegg må desse nye kvotane takast frå ein plass. Det er sannsynleg at desse kvotane vil komme gjennom at staten kjøper ut kvote frå havfiskeflåten. Dette vil vere med å minke presset på bestandane og redusere energiforbruket og dermed CO2-utsleppa frå næringa.

Eg håper Stortinget no vedtar denne innstillinga, og at vi kan utvide denne ordninga til å gjelde heile den nordnorske kysten. Det vil vere ein siger for verdiskaping, miljø, kystkultur og ikkje minst vere med å ta vare på den sjøsamiske kulturen.

Det er godt å kjenne seg oppglødd ein fredags ettermiddag.