Trist for distriktstroms

I dag la fylkesrådet i Troms fram sitt framlegg til budsjett for 2010, og i samband med det foreslår dei å legge ned Skånland vgs og å samlokalisere Høgtun og Bardufoss. Dei foreslår og å starte ein prosess som kan føre til at Sjøvegan vgs og Sørreisa vgs blir historie. Eg gjekk av som fylkesråd i protest mot desse framlegga, og er ikkje mildare stemt i dag.

For skoletroms som heilskap er det likevel varst at skolane ikkje blir tilført det dei treng for å kunne vidareføre drifta på dagens nivå. Fylkesrådet skriv i pressemeldinga si:

Fylkesrådet i Troms vil satse på økt kvalitet i den videregående opplæringen i Troms, og tilfører derfor sektoren 24,6 millioner kroner i 2010 for å gi skolene handlingsrom for å tilpasse seg framtiden. Samtidig gjøres det strukturelle grep i sektoren.

I år har sektoren eit underskott på 30 millionar, og skolane er pressa til det ytterste på alle område. Det å tilføre 25 millionar er dessverre ikkje nok for å gje skolane levelege vilkår. Det vil ikkje vere rom for ei kraftfull satsing mot fråfall dei komande åra. Det å kalle dette ei satsing på skole er i beste fall ei kraftig overdriving.

Eg er glad for at Skjervøy vgs bergar seg i denne omgangen. Ap skal ha honør for å ha snudd i den saka. For Skånalnd er dette ein trist dag. I pressemeldinga skriv fylkesrådet:

Skånland vgs legges ned, og tilbudet flyttes til Heggen vgs. Utdanningstilbudet SIGMA Nord videreføres. Fylkesrådet vil samtidig se på finansieringen av tilbudet, særlig det at Troms fylkeskommune i dag finansierer ordningen også for ungdom som kommer fra andre fylker.

Det er to store utfordringar med dette. Det som gjer tilbodet ved Skånland til SIGMA Nord så spesielt er nærleiken mellom skolen og behandlingsinstitusjonen. Opplæringa kan vere ein integrert del av opplæringa. Sjølv om ein vidarefører tilbodet til pasientane ved SIGMA Nord forsvinn den delen av tilbodet som har vore viktig gjennom at skolen forsvinn til Harstad. Mellom linjene kan ein og lese at fylkesrådet heller ikkje lenger vil betale for elevar som kjem frå andre fylke. Dette er ofte elevar som ikkje har utdanningsrett. Det kan føre til at heile tilbodet fell i fisk, og at det offentlege i lengda får mykje større kostnader, men då på andre budsjett.

Eg trur og at det blir vanskeleg å halde oppe det samiske miljøet som i dag er på Skånland på Heggen i Harstad. Ikkje fordi ikkje skolen vil, eller fordi det ikkje er fagmiljø, men fordi det samiske miljøet blir splitta. Halvparten av elevane som i dag går på Skånland må til Narvik. Det betyr at vi ikkje får same mengde samiske elevar – og sjølvsagt eit svakare miljø.

Eg må innrømme at eg er spent på kva forslaget om ein ny skole i Midt-Troms betyr. Det trur eg må vente med å kommentere til sakspapira kjem.

SV vil halde fram arbeidet med å prøve å berge dei skolane som no er truga av nedlegging og forsøke å auke rammane til utdanning. Presset må no leggast på Krf og Høgre som har blitt samde med Ap i denne saka.

Og, ikkje nok med at dei er blitt samde i denne saka, dei skal og styre fylket i lag framover. Det skal bli interessant å følgje med på.

Goliat, olje og dissens

Det italienske oljeselskapet ENI har no lagt fram konsekvensutgreiinga for utbygginga av goliatfeltet utanfor Finnmark. Goliatfeltet ligg svært nær land og nært det store fuglefjellet Gjesværtappan. Det er eit felt som vi ikkje treng bygge ut. Det er berre 48 kilometer frå Goliat og inn til land. Olja vil bruke vel eit døgn på turen, og vi har ikkje beredskap til å stoppe dette.

Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r
Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r

Eg skulle vore med på å bygd ut olje om det var slik at vi trengte pengane i dette landet, eller fordi det var mangel på energi i verda. Slik er det ikkje. For å sitere meg sjølv:

Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar på botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Derfor tok eg og SV dissens i fylkesrådet i denne saka i dag (referatet finn du her). I eit parlamentarisk styresett som det vi har i Troms er dissens ei alvorleg sak – og det er første gong eg har vore med på dette sida eg kom inn i fylkesrådet hausten 2006. Utbygging av olje og gass er ei alvorleg sak. Eg er litt fortvilt over at AP ikkje kan sjå at meir olje ikkje er det verda treng akkurat no. Eg hadde jo håpa at AP skulle følgje AUF-leiaren frå Harstad. Han er medforfattar i ein kronikk i Dagbladet som heiter Stopp Goliat. I kronikken skriv han og fleire andre:

Det å åpne for utvinning av olje og gass på Goliat-funnet er et startskudd for å åpne Barentshavet for oljeindustrien. Det gjør at kampen om Goliat ikke bare er kampen om ett enkelt oljefunn, men om et helt havområde. Vi mener Norge har inngått internasjonale forpliktelser som gjør det umulig for oss å bygge ut: både gjennom våre Kyoto-forpliktelser og gjennom at vi har ratifisert Konvensjonen for biologisk mangfold som pålegger nasjonalstater å stoppe tap av biologisk mangfold innen 2010.

SV vil halde fram med å kjempe mot utbygginga av Goliat. Og vi har enno eit ørlite håp om at fylkestinget vil snu i denne saka.

Meir:

  • Troms SV si pressemelding finn du her
  • Nordlys skriv om saka her
  • Konsekvensutgreiinga til ENI finn du her
  • Referatet frå fylkesrådsmøtet finn du her

Satsing på skole og ungdom

Eg er glad og lykkeleg over det budsjettet vi i fylkesrådet la fram i går. Budsjettet har eit tydeleg fokus på barn og ungdom. Vi styrkar driftssida av sskolebudsjettet med 16 millionar og investerer 119,5 millionar i nye skolebygging og ombygging av skolebygg. Det er eit løft for kvaliteten i den vidaregåande skolen i Troms.

Eg siterer frå pressemeldinga eg sendte ut:

Økt fokus på kvalitet i opplæringen fordrer større innsats på flere områder. Etterutdanning, gode opplæringstilbud, skolebygg som tilfredsstiller nye pedagogiske krav og tilrettelagt opplæring på alle nivå vil være områder som fylkesrådet prioriterer.

Kvalitet i utdanning er avhengig av kvalifiserte lærere, og fylkesrådet prioriterer derfor etterutdanning av lærere. Med innføringen av kunnskapsløftet og den store satsingen på elevpc’er er det viktig å bygge opp en systematisk og kontinuerlig etterutdanning av lærere og annet skolepersonell. Spesielt viktig blir etterutdanning av de som har opplæringsansvaret for de nye reformlærlingene.

Det er sjølvsagt mykje vi gjerne skulle fått til, men som det ikkje vart plass for denne gongen, trass i eit godt budsjett. Eg skulle gjerne funne rom til den utbygginga som Skjervøy vgs så sterkt ønskar seg.

Det at ei satsing på tannlegar er ei satsing på ungdom er det kanskje ikkje så mange som tenker på, men slik er det. Dei fleste av oss kan vel vere samde om at det trass alt er verre å ha tannverk enn å gå til tannlege. Men, viktigast av alt er det å forebygge. Det må starte med vbarn og ungdom. Derfor satsar vi no på å rekruttere nok tannleger slik at alle baarn får tilgang til tannlege.

Fakta frå budsjettet:

  • Styrker rammene til skolene og til lærlinger (10,3 millioner)
  • Opprettet videregående skole i Murmansk (1,9 millioner)
  • Følger opp bevilgning til Kunnskapsløftet (2 millioner)
  • Bevilger penger til lovfestet rett til videregående utdanning for voksne (1,2 millioner)
  • Styrker språkopplæringen for minoriteter (0,7 millioner)
  • Styrker den kulturelle skolesekken (1,2 millioner)
  • Styrker tannhelsetjenesten (2 millioner)
  • Oppgraderer våre tannhelseklinikker (3 millioner)
  • Trapper opp satsingen på spesialisttjenester innen tannhelse (2,3 millioner)
  • Styrker rekrutteringsarbeidet av nye tannleger (0,5 millioner)
  • Styrker satsingen på å trygge skoleveiene (1,5 millioner)

Bygger og renoverer skoler:

  • Kvaløy videregående skole (50 millioner)
  • Rå videregående skole (33,5 millioner)
  • Kongsbakken videregående skole (25 millioner)
  • Stangnes videregående skole (8,5 millioner)
  • SMI-skolen videregående skole (2,5 millioner)

Media skriv om budsjettet: