Arbeidarpartiet vel Høgre

Pia Svensgård, Aps fylkesrådsleiar vel å halde fram samarbeidet med Høgre, framfor å velge ein sentrum-venstrekoalisjon. Foto: Troms Ap/Flickr

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap.

Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga:

  • AP    12
  • SV     2
  • Rødt   1
  • SP     3
  • KRF    1
  • V       2
  • H       9
  • FRP   6
  • KYST  1

Det er med andre ord fleirtal for ein koalisjon av AP, SV, Sp og V, eller om det er for høgrevridd for Ap så er det og fleirtal for Ap, Sp, Krf, V og Kystpartiet. Eg meiner det seier mykje om Ap at dei ikkje har prøvd å få på plass ein einaste av desse mulege koalisjonane. I reklamane i valkampen ba Ap oss gjere eit verdival i fylkestingsvalet – det kan verke som Ap har har valt verdiane til høgresida.

Eg har vanskar å sjå korfor Arbeidarpartiet gjer som dei gjer. Det kan jo sjølvsagt vere fordi høgrefolka på fylkestinget er trivelege folk, men eg synst det er ein dårleg grunn. Då gjenstår det tre viktige politiske grunnar til at Ap gjer som dei gjer. Det som skjer er berre politisk fornuftig dersom Ap er opptatt av å halde fram med å legge ned distriktsskolar, dersom dei ikkje er interessert i å gjere noko med anbudsutsettinga av kollektivtrafikken og dersom det å arbeide hardt for oljeutvinning er det viktigaste.

Eg lurer på kva resten av Troms Ap seier til dei vala toppane i fylkestingsgruppa har foretatt? Det kan jo ikkje vere på grunn av næringspolitikken til Høgre.

SV legg ikkje ned skolar

Biletet viser logoen til produksjonsvaken på Høgtun. I løpet av dagene og natta 21.-22. oktober laga elevane mange ulike kunstverk for å sette fokus på framtida til skolen. Foto: Pål Julius Skogholt

I dag er det blitt brot i fylkesrådssamarbeidet i Troms mellom SV og Ap. Det var ikkje råd for oss å bli samde med AP om den framtidige skolestrukturen i Troms.

Derfor har eg i dag sendt dette brevet til fylkesrådsleiaren:

AVGANG SOM FYLKESRÅD

Med bakgrunn i at det ikkje har vore muleg å komme til semje mellom SV og AP om den framtidige skolestrukturen i Troms og gjennom det heller ikkje semje budsjettet ber eg om å få tre av som fylkesråd umiddelbart.

SV og eg kan ikkje stille oss bak det fleirtalet i fylkesrådet går inn for i desse sakene. For SV er det ikkje muleg å gå inn for ei nedlegging av Skjervøy og Skånland vidaregåande skolar. Det parlamentariske samarbeidet mellom SV og AP vil derfor opphøyre.

Eg er lei for denne utviklinga, og vil takke for eit godt samarbeid i dei tre åra vi har samarbeid i fylkesrådet. Eg håper vi og for framtida kan samarbeide i fylkestinget frå sak til sak. SV ser for seg ei rolle som konstruktiv og løysningsorientert opposisjon.

Med helsing

Pål Julius Skogholt

Denne hausten har ikkje vore den lettaste, verken for meg eller for mange tilsette og elevar i skolane i Troms. Vi har ein krevande økonomisk situasjon i fylkeskommunen. Utdanningssektoren har vore underfinansiert med 30 millionar kroner. Det betyr at vi sto overfor eit val. Anten måtte vi legge ned skolar, eller så måtte vi overføre pengar frå samferdsel til utdanning. Det er reelt sett den einaste måten å unngå store underskott for fylkeskommunen. I dette valet valde SV og Ap ulik retning. SV gjekk inn for å flytte pengar frå samferdsel til utdanning, medan AP meiner det var rett å ta større kutt på utdanning.

Dette er ikkje eit lett val for verken SV eller AP, og for eigen del må eg innrømme at eg har vore i sterk tvil inntil det siste. Det som avgjorde for meg var fleire ting. Men, viktig var den betydninga skolane har for lokalsamfunna sine. Skal fylket kunne vere ein aktør som er med på å utvikle heile fylket kan vi ikkje samstundes legge ned skolane i distrikta. På den andre sida er det ei kjempeutfordring at talet på 15-19 åringar går ned i nesten alle kommunane i fylket i åra fram mot 2030. På eit eller anna tidspunkt må vi anten finne nye løysningar for korleis vi kan drive undervisning i distrikta, eller så vil skolar måtte leggast ned. Det finst ei nedre grense for kor små skolane kan bli. Tida for nedlegging er likevel ikkje no.

Panelet som framla saka for Skånland vgs på folkemøte den tredje november i år. Trine Nørstad er andre frå Høgre

I går (den tredje november) var eg på folkemøte i Skånland. Det gjer stort inntrykk å sjå korleis bygdefolket mobiliserer for skolen sin. Det sterkaste inntrykket gjorde likevel Trine Nørstad. Ho er ein tidlegare rusmisbrukar som har fått hjelp til å komme seg på rett kjøl av det spesielle tilbodet som er på Skånland (les meir hos Fremover). Skolen ligg vegg i vegg med rusklinikken og tilbyr undervisning for dei som er inne til behandling med ekstremt godt resultat.

Tilsvarande gjorde det stort inntrykk å vere på produksjonsvaken som elevane på Høgtun arrangerte i protest mot flytting av skolen sin. Kvar gong eg har vore ute å besøkt vidaregåande skolar i Troms er eg blitt imponert og stolt over å vere på same laget. Det blir gjort enormt mykje godt arbeid på skolane i Troms, og eg er trygg på at det vil halde fram – uansett. For eigen del er det sjølvsagt trist å ikkje lenger få vere ein del av dette laget. Det er likevel underordna.

Vi har hatt ein brei og grundig prosess i SV i denne saka, og fylkesstyret har vore svært tydeleg på kor grensa gjekk for SV. Vedtaka har vore samrøystes, og konsekvensen av desse er at fylkesrådssamarbeidet mellom SV og AP opphøyrer.

Så skal vi gjere det vi kan i dagene og vekene framover for at skolane ikkje skal bli lagt ned.

Valet og alt det der

Eg har i lengre tid tenkt at eg skulle skrive noko om valet. Det har ikkje vore heilt enkelt å finne ut kva det skulle vere. Eg kunne få ut frustrasjonen min. Men eg veit ikkje om det er så interessant. Eg kunne sagt kva eg tenkjer om statsrådar, valkampen og partiet (både SV og andre), men det kunne fort blitt for interessant.

No sit vi i forhandlingar, dvs. vi skulle gjerne vore i forhandlingar. I går fekk vi meldinga om at Senterpartiet tok sekken med seg og rusla over grensa og snakkar med Frp og Høgre. Det er litt med Senterpartiet som med NATO, ein kan aldri vere heilt trygg på om ein kan stole på dei.

Eg lurer no svært sterkt på om kva senterpartiet sine veljarar i Troms tenkjer no. Tenkjer dei kanskje på at distriktspartiet vil samarbeide med parti som går inn for fritt skoleval i fylket, og dermed nedlegging av fleire vidaregåande skolar? Eg ville tenkt på det. Eg ville tenkt på kva det vil seie å sleppe marknadsliberalistane lause på eit såpass sårbart samfunn som distriktstroms er. Forhåpentlegvis vil også dei som styrer i Senterpartiet tenkje på dette, og besinne seg.

Exit mobile version