Midt oppi kommuneproposisjon, revidert statsbudsjett og nye fylkesvegar brukte eg i dag litt tid saman med det nye Ungdomens fylkesråd i Troms. Dei hadde sitt første møte i dag for å diskutere korleis dei skal sørge for at røysta til ungdom i Troms blir høyrt – høgt og tydeleg.
Eg er svært glad for å ha fått vere med på å opprette både dette ungdomsrådet og ungdommens fylkesting i Troms. Eg har store forventningar til at ungdomane kjem med gode innspel, stiller krav, roser og kritiserer oss for det vi som fylkespolitikarar gjer.
Eg håper og trur at ungdomsrådet vil bruke mykje tid på vidaregåande opplæring. Det første møtet tyder på det. Eg er glad for alle som er opptatt av skole, og alle som kan vere ein alliert i å gje skolane våre den plassen i offentlegheita og budsjetta som dei fortener.
Eit av spørsmåla eg fekk var om dei kom til å få makt. Det er ikkje enkelt å svare på, men eg trur dei vil bli lytta til, men at vi som politikarar og må lære oss at ungdommen si røyst skal med.
Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet om ungdomssaker det er viktig at vi tar opp i Troms.