Eg trur det er to hovudgrunnar og ein drøss med tilleggsgrunnar. Eg trur dei to hovudgrunnane er at det har vore alt for lite debatt og politikkutvikling i partiet, og delvis som ein følgje av det første, vi har hatt ein for lite samhandling i organisasjonen.
Eg har vore så “heldig” å få vere med i den gruppa som fekk i oppdrag frå sentralstyret i SV å analysere katastrofen. Det har vore eit interessant arbeid, og du kan lese heile rapporten vår her. Gruppa har bestått av Stein Ørnhøi, Steinar Nørstebø, Line Gaare Paulsen, Ola Elvevold, Sanja Pasovic, Pål Julius Skogholt, Andreas Halse og Vibeke Johnsen. VG skriv om raporten vår her.
I den rapporten skriv vi nokre ting som eg vil framheve:
For mykje av energien i SV vart nytta til å handtere dei debattane som dukka opp kvar einskild dag, og for lite av dei samla ressursane i partiet vart sett inn for å utvikle politikk for morgondagen. Resultatet var at vi mangla nok konkrete og tydelege nye politiske framlegg å presentere for veljarane ved valet i 2013.
Dette trur eg er heilt sentralt for å forstå korfor det gjekk så galt. Debattane i partiet har handla om det vi har gjort i regjering, og i alt for liten grad om kva vi skulle i regjering å gjere. Partiet vart fokusert på notid og fortid og for lite på framtida. I tillegg må vi innsjå at det har vore ein mangel på gode debattarenaer i partiet. Mange, kanskje dei fleste lokallaga er for små til å drive fram slike debatter som vi treng, andre har noko vore for forsiktige. Med unnatak for ei debattliste på epost har vi heller ikkje hatt ein debattarena som er tilgjengeleg for heile partiet. Det er eit stort sakn som vi må få gjort noko med.
I rapporten skriv vi:
Partiorganisasjonen vart ikkje nok involvert i politikkutviklinga og i dei strategiske diskusjonane, avstanden mellom regjeringsapparatet og fylkes-og lokallaga vart for stor. Den disiplineringa av partiet som skjedde i første del av regjeringsdeltakinga, førte nok og til at lokallag og fylkeslag i for liten grad løfta fram nye saker og utfordra regjeringa sin politikk seinare i regjeringsperioden. Fleire har og opplevd at det har vore få arena for debatt i partiet der slike ting kunne drøftast.
Eg trur og at vi lulla oss inn i ei forståing av makt som er feil. Vi trudde vi hadde makt fordi vi sat i regjering, medan realiteten er at vi var i regjering fordi vi hadde makt.
Vi skriv:
Likevel har regjeringsdeltakinga i aukande grad vore prega av dei små, men likevel viktige sigrane. Våre største politiske sigre td ingen utstasjonering av atomvåpen, folkerøystingane om EU, barnehagereforma og oljefritt LoVeSe er vunne med kombinasjonen av folkeleg mobilisering og parlamentarisk arbeid utanfor og i regjering. SV må finne svara på korleis partiet kan søkje makt også gjennom regjeringsdeltaking utan å miste truverde og folkeleg støtte.
Eg trur at løysninga for å løfte SV opp til åtte til 10 prosent ved neste stortingsval går gjennom at vi klarer å ha meiningsfylte og utviklande politiske debattar i partiet. Det er berre slik vi kan utvikle ein sosialistisk politikk som folk kjenner seg igjen i. Eg trur noko av det aller viktigaste er å sjå korleis dei styringssystema vi har i det offentlege verkar disiplinerande og er med på å redusere fagfolka si rolle i det offentlege verksemda.
Eg trur og at det er viktig at vi snakkar om mykje meir enn skole og miljø. Vi må snakke meir om arbeidsliv, arbeidsplassar (også i det private) og økonomi. Det er ganske rart at kapitalismen har vore gjennom/er i ei stor krise samstundes som ikkje diskuterer det.
Eg trur eg vil avslutte med nok eit sitat:
Analysegruppa meiner at det er strategiske val gjennom lang tid som har ført partiet dit vi er i dag, og det er berre SV sjølv som sit med nøkkelen til å reise til SV i folket. Rekordmange veljarar har valt bort SV dei siste vala, det er alvorleg for partiet. Situasjon til partiet gjer det naudsynt å halde fram den politisk nyorienteringa av SV-prosjektet, -strategien og –profilen. Situasjonen i verda krev djerve visjonar kopla med gode, konkrete løysingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette arbeidet gler vi oss til å vere med på.
Eg håper du vil komme med dine kommentarar og kanskje hjelpe til med å finne vegen vidare for SV.