Snø, Gardermoen og Kafka

Det skulle vere ei heilt vanleg jobbreise. Eg skulle til Dublin på eit prosjektmøte i eit prosjekt vi er med i for the European Space Agency.

Eg møter opp på flyplassen i Tromsø i strålande vintervêr torsdag morgon. Flyet kjem seg endeleg av garde ein time forseinka. Det var snø på Gardermoen og vi måtte vente på landingstid. Dette var første varslet på at ikkje alt skulle gå perfekt.

Vel framme på Gardermoen landa vi i 19-fløya. Vi hadde 15 minutt til flyet til Dublin skulle gå. Boarding blinkar på infoskjermane. Vi la til flekkings gjennom korridorane på Gardermoen. Undervegs kom tekstmeldinga frå SAS om at flyet til Dublin dessverre var forseinka, vi slappa litt av. Rakk til og med innom tax free’n og fekk oss snus. For sjølv om dei har Guinnes i Dublin så har dei ikkje snus.

Etter kvart som meldingane frå SAS rann inn vart sjansane for snus og guinness i Dublin mindre og mindre.

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1130
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny info: 1315
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1330
Mvh SAS

Etter utsettinga til 1330 fekk vi matbongar. Vi hadde akkurat fått oss litt mat då det plutseleg blinkar boarding på inforskjermane. Vi hiv i oss maten og spring. Vi blir møtt av denne koøen til passkontrollen.

Heile tida medan vi står der blinkar det forlokkande boarding på infoskjermane. Men, merkeleg nok slepp dei ingen gjennom passkontrollen. Ingen kan svare noko på kva som skjer. Vi ventar. Det tikkar inn ei tekstmelding klokka 1346 at flyavgangen er utsett til 1345. Noko seinare sluttar det å blinke boarding på infoskjermen. No står det «cancelled» med store bokstavar. Vi finn etter kvart nokon å spørre og får beskjed om å henvende oss til informasjonsskranken. Der står vi ein time i kø, bevegar oss kanskje ti meter framover.

I denne timen ringer eg først SAS. Overraskande kort telefonkø. Eg kjem gjennom, men får beskjed om å ringe Widerøe, eg hadde bestilt biletten gjennom wideroe.no. Men, widerøe hadde stengt sentralbordet for dagen. Likevel er dei tilgjengelege på epost. Og, eg har jo smarttelefon. Ein epost blir slengt i veg. Svaret frå Widerøe:

Du er allerede sjekket inn, og er således på reise.
Du skal da ivaretas av SAS, som skal booke deg om til neste ledige avgang (evt. alternativ reiserute), og om det ikke er noen alternativer i dag tilby kost & losji + fri ombooking til i morgen.

Kontakt SAS kundesenter på Gardermoen.

Væpna med dette ringer eg SAS slik dei oppfordrar til på høgtalaranlegget. Eg får snakke med ei dame, legg fram problemet mitt og viser til eposten frå Widerøe. Ho må snakke med sjefane sine, men kjem tilbake med beskjed om at dette er Widerøe sitt problem og at eg må snakke med dei likevel. Eg melder dette tilbake til Widerøe på ein ny epost. Litt meir agressiv i tonen denne gongen.

Beskjeden eg får frå SAS er at det er widerøe som må gjere ombookinga. Håper dokker fiksar dette, eg er lei av å vere kasteball. Ring meg gjerne på 97077457

Svaret frå Widerøe:

Hei Det er ALLTID flyplassen som skal håndtere dagens trafikk og reisende ved irregularitet. SAS er innleid av Widerøe til å utføre denne jobben, og skal booke om din reise samt eventuelt utstede matkuponger og hotelvoucher

.

Legg og merke til den faste underskrifta på epostar frå Widerøe:

Bestiller du dine reiser på www.wf.no får du Norges beste og raskeste kundeservice på kjøpet.
Hos oss kan du bestille hele din reise, både SAS og Widerøe i tillegg til mange andre flyselskap.

Kan eg få tillate meg å tvile?

Etter denne timen i kø på telefon og epost kjem det opprop på høgtalarane. «Informasjonsskranken i avgangshallen kan ikke hjelpe med ombooking, alle må gå ned til bagasjebåndene og snakke med informasjonsdesken der»
Vi går – eller vi spring, her er ein sjanse til å avansere i køen!

Nede i bagasjehallen sit det ei stakkars dame i skranka. Eg trekk kølapp. Det står 250 på lappen, over dama lyser 457. Eit eller anna er ikkje heilt rett. Eg brøytar meg fram, roper ganske uhøfleg til dama, og får som svar at vi må ut i avgangshallen og snakke med billettkontoret.

Igjen spring vi, nok ein sjanse til å komme seg fram i køen!
Eg kjem fram, klokka er no halv fem, får meg kølapp. Nummer 6784. Over skranka lyser 6180. Berre litt over 600 før meg i køen.

Ting ser lyst ut.

Klokka sju finn eg den andre køen, for å få hotell. Eg får meg hotellvoucher. Finn ut at eg kan ta meg pause frå køen. Set meg på bussen til hotellet, får meg middag, kviler ein halvtime før eg tar turen tilbake til avgangshallen på Gardermoen. Klokka ni, dei er komen til 6200. 20 personar er ekspedert på dei nesten fem timane eg har venta. (no tel eg ikkje dei som har gullkort, dei står i ein annan kø).

Klokka 22 gjev eg opp. Reiser til hotellet. Søv, og møter på Gardermoen klokka seks. Køen er allereie milelang. Eg snakka med ein av dei som står mindre enn 20 meter frå skranka. Han hadde stått der sida klokka fire i natt.

Eit utsnitt av dagens kø

Så kva gjer eg no? Ventar, kva anna kan ein gjere. Første ledige plass på eit fly til Tromsø er visst måndag.

Exit mobile version