Motsetnadsfylt

Jonas Stein Eilertsen meiner at Tromsø kommune ikkje kan uttrykke venskapleg sympati med Gaza fordi det ville vore utanrikspolitikk. Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Det er kanskje berre eg som synst det er artig. Men eg kan ikkje noko for at eg må flire når folk seier ting som står i direkte motsetnad til kvarandre. Det er kanskje ikkje riktig så artig når det skjer av politiske bekvemlegheitsgrunnar.
Hald fram med å lese «Motsetnadsfylt»

Reis meir, Gunhild!

Det er viktig at Gunhild og andre i den politiske leiinga i Tromsø reiser ut og hentar inn informasjon, kunnskap og inspirasjon

Skal Tromsø vere ein holme i havet i arrogant einsemd, eller skal det vere ein viktig by i verda? For meg er det ingen tvil om at Tromsø skal vere ein viktig by i verda, at vi ikkje skal vere oss sjølve nok. Då må Tromsø ta vare på venskapsbyane våre, då må vi vere til stades i i Brüssel, då må vi lære av det som skjer andre stader i verda.

Eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som er interessert i å hente inn inntrykk utanfrå for å gjere byen våre betre, eg er stolt over at vi har ein varaordførar i Tromsø som tar ansvar for å pleie venskap med andre byar. Nokre av dei, som Gaza, treng verkeleg venskap både frå oss og andre.

Eg trur fleire i kommunestyret og i politisk leiing burde reise meir, at vi oftare burde sjå informasjon og diskusjon i kommunestyret om internasjonale tilhøve, helst utan at nokre parti marsjerer ut.

Tromsø blir påverka av det som skjer i Russland, USA, Kina, Latin-Amerika og EU. Vi har valet, skal vi melde oss ut av det som skjer i verda, eller skal vi delta? For meg og for SV er svaret enkelt.

Til sist, eg kan ikkje la vere å nemne ein liten ting. Blomseth seier til Nordlys i dag, 14.05.11 at dette viser at vi ikkje treng ein varaordførar i full stilling – dette frå mannen som vil innføre parlamentarisme i Tromsø og dermed opprette minst fem, og kanskje fleire fulltidsstillingar for politikarar i Tromsø. Parlamentarismen er utprøvd på fylkesnivået, og det er ikke tvil om at det fører til flere heltidspolitikere.

[poll id=»8″]

Ytringsfridom

Eg er ytterst usamd med dei som demonstrerte til støtte for Israel på Eidsvolds plass, men det er mykje verre at motdemonstrantane nektar dei å ytre seg gjennom pøbelaktige handlingar.

Dagbladet skriv:

Motdemonstranter kaster snøballer, egg, flasker, stein og fyrverkeri mot politiet og israelvennene.

Dette er handlingar som heile det politiske og oppegåande Noreg må ta avstand frå. Det er ikkje ofte eg er samd med generalsekretær i Frp – Geir Mo – men eg er heilt samd i denne utsegna:

Du ser det er krefter her som ikke er demokratiske.

Dersom dette blir knytt til den demokratiske venstresida er det ille. Eg trur det er viktig at SV tar offentleg og tydeleg prinsippielt standpunkt for ytringsfridomen. Det kan vi gjere og framleis fordømme Israel.

Les det andre eg har skrive om Gaza her

De blør i Gaza

Denne tekstmeldinga blir no sendt frå telefon til telefon. Eg har ingen grunn til å tvile på det som står der:

«Takk for all støtte.. De bombet det sentrale grønnsakmarkedet i Gaza by for to timer siden. 80 skadde, 20 drept, alt kom hit til Shifa. Hades! Vi vasser i død. blod og amputater. Masse barn. Gravid kvinne. Jeg har aldri opplevd noe så fryktelig. Nå hører vi tanks. Fortell videre, send videre, rop det videre. Alt. GJØR NOE! GJØR MER! Vi lever i historieboka nå, alle! Mads G, 3.1.09 13:50, Gaza, Palestina»

I Tromsø skal det vere ei lysmarkering på Torget mellom 1700 og 2000 i dag. Les meir hos Palestinakomiteen.

Ta og ein titt på denne videoen

Her er nokre bilete frå markeringa i Tromsø i dag

Du kan lese meir om markeringa hos NRK, Bladet Tromsø og Nordlys. Du kan lese det eg har skrive om Gaza her.

Exit mobile version