I natt reduserte Russland gasstraumen til EU gjennom Ukraina med 70 prosent. Innbyggarane i Bulgaria har fått beskjed om å sjå seg om etter andre energikjelder. Bulgaria, Hellas, Makedonia og Tyrkia er ramma i første omgang melder EUObserver og Dagbladet.
Med dette går gasstriden mellom Russland og Ukraina inn i ein ny fase. Dei er usamde om pris og betaling. Russland hevdar Ukraina skuldar dei to milliardar dollar for gass og at dei stel av lasset av den gassen som går til EU. Ukraina har på si side svart med å truge med å auke prisen Russland må betale for å frakte gassen gjennom Ukraina seks gonger. Saka blir ikkje enklare av at det er politisk stillingskrig mellom statsministeren og presidenten i Ukraina, slik at ingen av dei i realiteten kan gjere noko med saka.
Dette er ei alvorleg utfordring for EU. Mange av EU-landa i det gamle Aust-Europa er nesten hundre prosent avhengig av russisk gass, men alle EU-landa med unntak av Irland nyttar større eller mindre delar russisk gass. TV2 melder at Austerrike no slit, og at Tyskland og merkar nedgangen i gassleveransane. Det blir spennande å sjå kva Tyskland vil gjere framover. Vil dene krisa sette ytterlegare fart på bygginga av ei ny røyrledning gjennom Østersjøen frå Russland til Tyskland, eller vil Tysklandendre politikk og i større grad leite etter energi andre stader? Den store miljøbekymringa er at EU-landa no går tilbake til å i større grad nytte kol til energi. Dette vil auke CO2-utsleppa kraftig. Dagbladet skriv:
Slovakia erklærer unntakstilstand og Bulgaria vil starte opp igjen gamle kjernekraftverk etter at Russland kuttet gassen til store deler av det sørøstlige Europa. Den bitende vinterkulden det europeiske kontinentet opplever setter gasskrisen ekstra på spissen, ettersom forbruket av gass dermed øker.
Så langt er det ingen som tener på denne konflikten. Russland taper sal, inntekter, og i det lange løp vil nok EU i enno større grad sjå seg om etter andre leverandørar av energi. Ukraina håper å sleppe å betale rekninga si, og å få større inntekter på transitten. Taparane er dessverre mange. Forbrukarane i EU-landa som er avhengige av gass til oppvarming og koking vil kunne komme til å li i vinterkulda om dei ikkje har tilgang til andre energikjelder.
Eg har tidlegare skrive om at Gazprom er i trøbbel. Indra Øverland er inne på noko av det same i Dagbladet. Dagbladet siterer Øverland slik:
Mens 2006-krisen mellom Russland og Ukraina ble sett på som et tegn på russisk maktarroganse, er dagens konflikt mer et utrykk for økonomisk desperasjon.
The Streetwise professor er inne på noko av det same. Han hevdar at Russland juksar med omsyn til valutareservane sine. Putin har endeleg innrømt at den internasjonale finanskrisa og vil ramme Russland. Kanskje fordi pengebingen tar til å tømmast?
OPPDATERT
- No har Russland stoppa all gasslevering gjennom Ukraina.
- Dagbladet melder at Europa frys