På tide å stoppe krigen i Libya

Ein delvis oppbrent kopi av Gadhafi si grønne bok. Kven skal kaste regimet hans, folket i Libya eller bombane våre? Foto: Roberto Schmidt/AFP/Getty Images

Eg meiner at det i utgangspunktet var rett av Noreg å bidra til å oppfylle FNs sin resolusjon om Libya. Men eg er blitt svært bekymra for om ikkje operasjonane no går langt ut over det som er mandatet frå FN.

Det kan vere at den manglande informasjonen frå Forsvarsdepartementet og forsvaret om kva norske styrkar gjer i Libya er grunnlaget for dette. Dersom det er tilfelle reknar vi med at FD snarast legg fram informasjon og operasjonane til norske styrkar slik at vi kan ha ein opplyst debatt om dei norske operasjonane er i tråd med FN-mandatet. Når forsvarsdepartementet no skal legge fram meir informasjon er dette eit steg i rett retning, men enno ikkje nok.

NATO sin operasjon i Libya ser ut til å ha glidd frå ein operasjon for å forsvare sivile i Libya til å bli ein operasjon for å få til regimeskifte i Libya. Dette er ikkje i tråd med FN-mandatet eller grunnlaget for norsk deltaking. Ei endring av det libyske samfunnet må vere verket til libyarane sjølve. Erfaringane viser at å bombe seg til ei regimeendringar sjeldan fører til stabile og demokratiske regimer.

På bakgrunn av dette meiner eg at:

Forsvarsdepartementet må legge fram informasjon som gjer det muleg å vurdere om dei norske operasjonane er i tråd med FN-mandatet.

At det norske styrkebidraget må trekkast ut av Libya så snart som råd

[poll id=»9″]

 

Oppdatert:

VG melder i dag om harde åtak mot Tripoli som eg har vanskeleg å sjå har ei rolle i å forsvare sivilbefolkninga.