Kameraovervaking i Tromsø

Her er alle overvakingskamera som Datatilsynet har registrert i Tromsø

Debatten om datalagringsdirektivet har ført til at mange er blitt meir opptatt av privatlivet sitt, og tatt til å tenkje på kor viktig informasjon er for fridom. Då tenkjer eg på at ikkje alle veit alt om deg.  Kampen mot datalagringsdirektivet er kanskje den viktigaste fridomskampen i Noreg akkkurat no, men ikkje den einaste. I heile Noreg blir dte stadig fleire overvakingskamera. Tromsø er nok enno ikkje den verst ramma byen, men også her blir du filma titt og ofte. Dessverre veit vi lite om korleis data frå desse kamera blir nytta. Det kan derfor vere greitt å vite kor du finne desse kamera.

På kartet nedanfor har eg merka av alle dei overvakingskamera i Tromsø som er meldt inn til Datatilsynet. Dette er sannsynlegvis «the good guys». Dei har gjort som dei skal, og sagt frå om at dei set opp kamera. Eg har ein mistanke om at det finst mange kamera som ikkje er meldt inn til datatilsynet. Det hadde vore artig å prøvd å leita dei fram. Derfor veit du om eit kamera som ikkje er på lista her? Send meg eit bilete av det tatt med mobilen din, så skal eg få det inn på kartet. Lat oss overvake overvakarane.

Det kan vere feil på dette kartet. Datatilsynet skriv i ein e-post til meg:

Vedlagt finn du oversikt over kameraovervaking som er meldt til oss, frå Tromsø. Kan også sende deg landsoversikta, dersom du er interessert i dette. Eventuelle meldingar som har kome inn sidan 1. november er ikkje med i denne oversikta.

Samstundes er det nokre moment ein må merke seg:

Melding er ikkje det same som løyve. Det at ein har meldt betyr berre at meldinga blir lagt inn i ein base hjå oss, ikkje at vi har gått gjennom den og godkjent den.

Det er mange som ikkje følgjer meldeplikta si, så dette er ikkje noko eksakt tal over kor mange som faktisk har sett opp kamera.

Når ein melder inn kameraovervaking til oss, er det ikkje noko plikt å opplys om KOR MANGE kamera som blir sett opp. Dette gjer at talet på reelle kamera som er sett opp er langt høgare enn talet på meldingar som vi mottek.

Ein må melde kameraovervaking på nytt etter tre år. Når det har gått tre år fell meldinga automatisk ut av vår base. Somme trur at sjølv om dei har meldt for mange år sidan er alt i orden, medan dei i røynda ikkje har følgt plikta si.

Det er den behandlingsansvarlege (ikkje verksemda) si fysiske adresse som skal meldast og dermed kan meldinga sjå ut som om at den gjeld for ein stad, medan overvakinga eigentleg føregår ein heilt annan stad. I somme verksemder blir det til dømes berre sendt inn ei melding for alle filialane i heile landet. Dersom ein søkjer på ein konkret geografisk stad i meldingane, vil ikkje dette kome opp dersom den behandlingsansvarlege held til ein annan stad. Eller i tilfellet med skular kan skulande som blir overvaka «dekkast» over ved at det er kommunen som driv overvakinga.

For å komplisere det heile er det nokre få verksemder/kommunar som har personvernombod. Desse har fritak frå meldeplikta til oss. Ei oversikt over kven som har personvernombod finn du her: http://www.datatilsynet.no/templates/article____1796.aspx.

Så med alle atterhald, er overvakingskamerane i Tromsø kommune:


Vis Kameraovervaking i Tromsø i eit større kart

Eg skal ikkje ha sterke meiningar om kva kamera som er på sin plass og kva er for mange, men lurer på kva du meiner?

Exit mobile version