Nordlys hadde i dag eit oppslag om ei fæl sak. Ein mann har mishandla kjærasten sin, kom med dødstruslar og halde ho fanga. Men, skal vi tru Nordlys er det verste av alt at ho vart tvungen å reise til Alta. Det er i alle fall det som får fram krigstypene i avisa.
Ein kan jo lure på kva opplevingar desken i Nordlys har hatt i Alta? Kom med forslag!