Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom.
Eg trur vi vil sjå ei omfattande privatisering av det kommunale tilbodet. Eg er heilt sikker på at heimetenesta vil bli konkurranseutsett. Kommunen vil vinne nokre konkurransar og vil tape nokre, men det betyr at vi vil flytte mine og dine skattepengar til å gje privat profitt. Det vil og gje auka byråkrati i kommunen for nokon må jo skrive kommunen sine eigne anbud, medan nokre andre vil måtte velje mellom anbuda og ikkje minst kontrollere dei. Dei som treng tenestene kan komme til å forhalde seg mange nye folk og det vil bli press på arbeidsvilkåra til dei tilsette. Pensjonen er særleg utsett. I programmet sitt skriv Høgre:
Høyre vil oppfordre til konkurranse for å gjøre alle helse- og omsorgstjenester best mulig, og vil stykkprisfinansiere alle helse- og omsorgstjenester.
Eg er og ganske sikker på at store delar av bydrifta vil bli konkurranseutsett, det trur eg vil føre til fleire vaskebrett på vegane, dei private er ikkje glad i å bruke vegskraper. Vegskraping slit på reiskapen. Det betyr at at mykje av den kunnskapen om drift av byen vår som dei tilsette i Bydrfit har, og som ikkje alltid er nedskriven vil kunne gå tapt.
Eg blir heller ikkje forundra om drifta av ein sjukeheim eller to blir overlatte til private firma. Eg tippar Sør-Tromsøya er det første som blir privatisert. Det er nyast, enklast å drifte og på grunn av det vil det sjå ut som private er betre enn kommunale.
Sommerlyst skole blir heilt sikkert bygd som eit offentleg-privat samarbeid. Det skjer nok og med den nye sjukeheimen på Otium. Det gjev kommunen mindre fleksibilitet, for det er andre som eig skolen og sjukeheimen. Eg har skrive meir om det her.
Eg er ganske sikker på at det blir enklare å kjøpe øl, og at vi vil kunne gjere det mesteparten av døgnet. Det vil vere triveleg ein gong i blant, men vil og føre til meir vald og at fleire vil komme til å slite med alkoholproblem.
I skolen så vil det ganske sikkert bli fleire prøver etter modell av osloskolen, og det vil bli innført fritt skoleval. Dette vil vere med på å skape større forskjellar mellom skolane i Tromsø. Det blir og mindre tid til undervisning
Innafor kultur vil det og bli privatisering. Fokus Kino vil bli selt, og eg tvilar på at det nye byrådet vil prioritere å gje Tvibit eit godt tilbod i den gamle brannstasjonen saman med Musikkens Hus.
Eg er og bekymra for framtida til Troms Kraft. Tromsø Høgre skriv i sitt program:
For at Troms Kraft skal kunne videreutvikles til det beste for Tromsø og Nord-Norge, vil Høyre åpne for kapitaltilførsel gjennom nye deleiere, også private.
Når vi veit at Høgre og sit i fylkesrådet i Troms, som er den andre eigaren i Troms Kraft så ser dette skummelt ut.
Men eg har inga tru på at eigedomskatten kjem til å gå ned. Det kan kanskje bli ein symbolsk nedgang, men heller ikkje meir. Eg trur og at byrådet med Høgre og Frp kjem til å måtte akseptere vegprising i ei eller anna form.
Kva trur du, har du dine eigne spådommar?
[poll id=»12″]