Kva vil skje i Tromsø?

Øyvind Hilmarsen blir den første byrådsleiaren i Tromsø. Foto: Høyre

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom.

Eg trur vi vil sjå ei omfattande privatisering av det kommunale tilbodet. Eg er heilt sikker på at heimetenesta vil bli konkurranseutsett. Kommunen vil vinne nokre konkurransar og vil tape nokre, men det betyr at vi vil flytte mine og dine skattepengar til å gje privat profitt. Det vil og gje auka byråkrati i kommunen for nokon må jo skrive kommunen sine eigne anbud, medan nokre andre vil måtte velje mellom anbuda og ikkje minst kontrollere dei. Dei som treng tenestene kan komme til å forhalde seg mange nye folk og det vil bli press på arbeidsvilkåra til dei tilsette. Pensjonen er særleg utsett. I programmet sitt skriv Høgre:

Høyre vil oppfordre til konkurranse for å gjøre alle helse- og omsorgstjenester best mulig, og vil stykkprisfinansiere alle helse- og omsorgstjenester.

Eg er og ganske sikker på at store delar av bydrifta vil bli konkurranseutsett, det trur eg vil føre til fleire vaskebrett på vegane, dei private er ikkje glad i å bruke vegskraper. Vegskraping slit på reiskapen. Det betyr at at mykje av den kunnskapen om drift av byen vår som dei tilsette i Bydrfit har, og som ikkje alltid er nedskriven vil kunne gå tapt.

Eg blir heller ikkje forundra om drifta av ein sjukeheim eller to blir overlatte til private firma. Eg tippar Sør-Tromsøya er det første som blir privatisert. Det er nyast, enklast å drifte og på grunn av det vil det sjå ut som private er betre enn kommunale.

Sommerlyst skole blir heilt sikkert bygd som eit offentleg-privat samarbeid. Det skjer nok og med den nye sjukeheimen på Otium. Det gjev kommunen mindre fleksibilitet, for det er andre som eig skolen og sjukeheimen. Eg har skrive meir om det her.

Eg er ganske sikker på at det blir enklare å kjøpe øl, og at vi vil kunne gjere det mesteparten av døgnet. Det vil vere triveleg ein gong i blant, men vil og føre til meir vald og at fleire vil komme til å slite med alkoholproblem.

I skolen så vil det ganske sikkert bli fleire prøver etter modell av osloskolen, og det vil bli innført fritt skoleval. Dette vil vere med på å skape større forskjellar mellom skolane i Tromsø. Det blir og mindre tid til undervisning

Innafor kultur vil det og bli privatisering. Fokus Kino vil bli selt, og eg tvilar på at det nye byrådet vil prioritere å gje Tvibit eit godt tilbod i den gamle brannstasjonen saman med Musikkens Hus.

Eg er og bekymra for framtida til Troms Kraft. Tromsø Høgre skriv i sitt program:

For at Troms Kraft skal kunne videreutvikles til det beste for Tromsø og Nord-Norge, vil Høyre åpne for kapitaltilførsel gjennom nye deleiere, også private.

Når vi veit at Høgre og sit i fylkesrådet i Troms, som er den andre eigaren i Troms Kraft så ser dette skummelt ut.

Men eg har inga tru på at eigedomskatten kjem til å gå ned. Det kan kanskje bli ein symbolsk nedgang, men heller ikkje meir. Eg trur og at byrådet med Høgre og Frp kjem til å måtte akseptere vegprising i ei eller anna form.

Kva trur du, har du dine eigne spådommar?

[poll id=»12″]

Arbeidarpartiet vel Høgre

Pia Svensgård, Aps fylkesrådsleiar vel å halde fram samarbeidet med Høgre, framfor å velge ein sentrum-venstrekoalisjon. Foto: Troms Ap/Flickr

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap.

Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga:

  • AP    12
  • SV     2
  • Rødt   1
  • SP     3
  • KRF    1
  • V       2
  • H       9
  • FRP   6
  • KYST  1

Det er med andre ord fleirtal for ein koalisjon av AP, SV, Sp og V, eller om det er for høgrevridd for Ap så er det og fleirtal for Ap, Sp, Krf, V og Kystpartiet. Eg meiner det seier mykje om Ap at dei ikkje har prøvd å få på plass ein einaste av desse mulege koalisjonane. I reklamane i valkampen ba Ap oss gjere eit verdival i fylkestingsvalet – det kan verke som Ap har har valt verdiane til høgresida.

Eg har vanskar å sjå korfor Arbeidarpartiet gjer som dei gjer. Det kan jo sjølvsagt vere fordi høgrefolka på fylkestinget er trivelege folk, men eg synst det er ein dårleg grunn. Då gjenstår det tre viktige politiske grunnar til at Ap gjer som dei gjer. Det som skjer er berre politisk fornuftig dersom Ap er opptatt av å halde fram med å legge ned distriktsskolar, dersom dei ikkje er interessert i å gjere noko med anbudsutsettinga av kollektivtrafikken og dersom det å arbeide hardt for oljeutvinning er det viktigaste.

Eg lurer på kva resten av Troms Ap seier til dei vala toppane i fylkestingsgruppa har foretatt? Det kan jo ikkje vere på grunn av næringspolitikken til Høgre.

Heller eige enn leige

Høgres Øyvind Hilmarsen spør i eit lesarinnlegg om det ikkje blinker varsellamper for SV med omsyn til at gjelda er i ferd med å bli stor i Tromsø. Jo, det er ingen tvil om at det hadde vore hyggelegare å vere gjeldfri, det trur eg dei fleste av oss kan skrive under på. Men, faktum er at om du ikkje tar opp lån vil dei færraste ha råd til hus eller leilegheit. Det same gjeld for kommunen. Og gjelda til Tromsø kommune er innafor det kommunen har råd til.

Den medisinen Høgre vil bruke betyr at kommunen for evig blir leigetakar. Høgre vil openbart at vi skal leige skolar, barnehagar og sjukeheimar. Eg er heilt sikker på at det blir dyrare i det lange løp. Dersom vi skal leige ein skole må vi ikkje berre betale kostnaden med skolen, vi må og betale profitten til utleigaren, og det er sannsynleg at skolen blir dyrare, fordi ein privat utbyggar vil måtte betale høgare rente enn kommunen vil. Venstres Jonas Stein Eilertsen har gått i same felle som Hilmarsen. Han hadde eit stort oppslag i Nordlys der han gjekk inn for såkalla OPS, som betyr å leige heller enn å eige. Eg har kommentert det oppslaget på bloggen min tidlegare. I eit tilsvar han misvisande har kalla «Mer skole for pengene» skriv han:

Å lese Pål Julius Skogholts (SV) kritikk av vårt forslag er nokså illustrerende for sosialistenes manglende vilje til nytenkning og modernisering. For å understøtte sine argumenter bruker han den marxistiske tenketanken, Manifest. For å understøtte våre argumenter bruker Venstre forskningsrapporter fra SINTEF.

Problemet til Eilertsen er at SINTEF-rapporten bygger på sviktande føresetnader. SINTEF bruker eit tal for investeringskostnader som sannsynlegvis er feil. Fagforbundet skriv i ein rapport om OPS:

Selskapet [SINTEF]mener å ha funnet fram til en totalvirkning på kr 41,55 millioner i lavere kostnader på Persbråten skole. dette skyldes lavere nåverdi av prosjektkostnadene inklusive finansieringskostnad på 43,80 millioner kroner, som igjen kommer av at selve prosjektkostnaden er antatt å være 58 millioner kroner billigere med OPS-alternativer, i forhold til tradisjonell entreprise (262 mill kr – 320 mill kroner). dette har SINTEF kommet fram til ved å ta utgangspunkt i papirene til bystyresak 95/05. Der var byggekostnadene for Persbråten anslått til 260 mill kroner. Undervisningsbygg oppga samtidig at det var for tidlig i prosjekteringsfasen til å kunne gi en fastpris og anga derfor et risikopåslag på 30 prosent. dermed ble kostnaden på 320 mill kroner. det er dette tallet SINTEF har brukt i sine beregninger av besparelsene.

Det er imidlertid ingen grunn til å tro at ikke undervisningsbyggs første anslag var nær det riktige. dette fordi man faktisk fikk inn et anbud som var helt i tråd med dette anslaget i forbindelse med OPS-kontrakten. Videre viste det seg at byggekostnadene for Bjørnholt vgs, som ble bygget omtrent samtidig, ble 48 millioner kroner lavere enn den opprinnelig vedtatte ramma, og med nesten nøyaktig samme byggekostnader pr m2 som Persbråten.

Det ligg derfor fast at ein skole eller ein sjukeheim blir ikkje billigare av at du betaler leige over driftsbudsjettet heller enn å investere i den same skolen eller sjukeheimen. Eilertsen, det blir mindre skole for pengane.

Det betyr at både Venstre og Høgre framleis har til gode å svare på spørsmålet mitt. Kva for ein skole vil dei ikkje bygge, kva for ein barnehage vil dei ikkje bygge? Kostnadane blir større med Høgre og Venstre sin modell, det må vel gå utover noko?

Eg meiner veljarane har krav på å få vite det.

Koalisjonen av dei villige

Så har Tromsø fått ein borgarleg allianse. Høgre, Venstre og Frp har gått saman og publisert eit manifest som dei skal styre byen etter.

Dersom vi trekk frå alle honørord og det vi alle er samde om, så gjenstår to ting. 1. mistillit til kommunalt tilsette og tru på at private gjer alt betre og 2. skamlause overbod utan økonomisk dekning. Kven trur dei at dei lurer. Skal du kutte eigedomsskatten så blir det færre og dårlegare tenester frå kommunen.

Det som kanskje er mest overraskande er likevel at Venstre her i Tromsø ser ut til å gå lengre enn Venstre i Oslo i forpliktande samarbeide med Frp. I Oslo er Venstre eit støtteparti for H/Frp-byrådet, i Tromsø ser det ut til at dei er villige til å gå enno lengre og faktisk gå inn i eit byråd med Frp. Det kan bli spennande og sjå kva som skjer med Venstre sin miljøprofil og korleis det blir med ein liberal og inkluderande politikk i det samarbeidet? Eg spår Venstre får det tungt men at lysten på taburettar trumfar prinsippa. I den nye koalisjonen er nok Venstre dei kåtaste og villigaste.
Men politikken då, kva vil dei eigentleg? Dei har publisert eit manifest.
Mykje av det som står der er felleseige i tromsøpolitikken. Ny sjukeheim og kvalitet i skolen. Men og ein del ting eg og SV reagerer på
  • Fritt skoleval meiner eg vil føre til enno større skilnader mellom folk og skolane i Tromsø. Dei med størst ressursar vil vinne i kappløpet.
  • Meir måling er ikkje rett retning og gå for å auke kvaliteten i skolen, meir og betre undervisning er det vi treng.
  • Ein dyr parlamentarisk styreform gjev ikkje rom for betre kommunale tenester
  • Å fjerne eigedomsskatten vil føre til dårlegare skole, barnehagar og omsorg.
  • Å seie tvert nei til vegprising betyr dårleg busstilbod og dårleg vedlikehald av bil og sykkelvegar.
Høgresida har teikna sitt bilete av Tromsø, og det er ikkje triveleg. No får veljarane seie sitt. Eg trur dei fleste av oss ønsker solidaritet og gode kommunale tenester. Stem SV!

Uetisk av Eidsmo

Kanskje er det slik at dei som trivst på arbeidsplassen og har lågt fråver? Foto: Håvard Fossli

Eg reknar det som uetisk å seie at andre har dårleg moral, særleg når du har lite å støtte deg til av faktisk kunnskap.

Nordlys skriv: Arne Eidsmo mener deler av det [sjukefråver] skyldes dårlig arbeidsmoral.

Dette blir ikkje underbygd i artikkelen. Derimot viser eit par raske nettsøk fleire interessante ting. Sist gong vi diskuterte sjukefråver og moral her i landet var i 2009, delvis basert på eit utspel frå Frp. Så fort kan ei sanning feste seg, men det er vel ikkje rart at den gamle NHO-direktøren går Høgre og Frp sitt ærend no i valkampen i eit åtak på rettane til arbeidstakarane. For først kjem påstanden om umoral, deretter kjem krav om kutt i sjukelønna.

La oss ta ein titt på fakta i denne saka. Punkt ein, det er det legemeldte fråveret som aukar — ikkje det eigenmeldte (Her er SSB-saka som starta det heile). Det motsette av kva ein skulle tru om det var dårleg moral ute og gjekk. Så kan vi tru kva vil vil om legane sin moral, men eg tviler på at dei er meir slepphendte i Troms enn ellers i landet.

Punkt to, sjukefråveret er nesten like høgt i Nordland som i Troms. I 2005 hadde Nordland den høgaste arbeidsmoralen i landet. Høg moral leier ikkje til lågt fråver.

Då kan vi altså slå fast at det er stor sannsynlegheitsovervekt for at Eidsmo taler mot kjente fakta, og at han veit at han gjer det. Det gjer utsegnene hans djupt uetiske og politiske på vegne av høgresida.

Kva veit vi om kva som leier til fråver. Dårleg trivsel og dårlege sjefar kan føre til sjukdom og fråver hos dei tilsette. Kanskje bør den gamle NHO-direktøren feie for eiga dør?

I SV meiner vi at kommunen som arbeidsgjevar kan bli mykje flinkare til å få ned sjukefråveret og auke trivselen på dei kommunale arbeidsplassane. Først og fremst bør nok grunnbemanninga opp mange stader, i tillegg har vi utarbeid ein arbeidsgjevargaranti som vil vere rettsnora til SV i kommuestyra. Der står det:

  1. Vi skal arbeide for at alle kommunalt ansatte som ønsker det får tilbud om heltidsstillinger
  2. Vi skal arbeide aktivt mot alle former for sosial dumping
  3. Vi skal si nei til privatisering og konkurranseutsetting av kommunale tjenester.
  4. Velferden skal utføres av det offentlige med ideelle aktører som supplement, ikke av kommersielle selskaper
  5. Vi skal arbeide for å redusere bruken av midlertidige stillinger og vikarer til et minimum
  6. Vi skal arbeide for økt åpenhet og dialog med de ansatte i kommunen, og for et nært og forpliktende samarbeid med fagbevegelsen
  7. Vi skal arbeide for å styrke ansattes ytringsfrihet og styrke varslernes stilling, blant annet gjennom å vedta en varslerplakat.
  8. Vi skal arbeide for likelønn i kommuner og fylkeskommuner, blant annet gjennom å foreslå forpliktende planer for likelønn
  9. Vi skal samarbeide med fagbevegelsen om tiltak for å øke kompetansen og bidra til etterutdanning hos kommunalt ansatte
  10. Vi skal arbeide for at all vikarbruk i kommunen gjennomgås, for å sikre at all bruk av vikarer og midlertidige ansatte er i tråd med lovverk og tariffavtaler
  11. Vi skal arbeide for forsøk med sekstimersdagen

Ein litt annan politikk enn det Høgre, Frp og gamle NHO-direktørar står for.

Rangerte skolar

Langnes er ein av skolane som gjer det bra

Høgre er svært opptatt av å rangere skolane i Tromsø. Magnus Mæland har lagt ut tala for dette på bloggen sin. Det minste ein måtte kunne forvente er at han gjorde nokre forsøk på å analysere korfor ein skole er betre enn ein annan. Utan ein slik analyse som gjev ei retning for forbetring fortel ei slik rangering ingen ting.

Tala Mæland legg ut viser mellom anna og heilt som forventa at Workinmarka skole jamt over gjer det godt. Korfor som forventa, jau, fordi denne skolen ligg i ein av dei bydelane i Tromsø med dei høgaste inntektene. Vi veit frå før at barn av foreldre med høg inntekt og eller utdanning gjer det godt i skolen. Det ville med andre ord vore rart om Workinnmarka skole ikkje hadde gode resultat. Resultata seier lite om kvaliteten på skolen. Skolen er sikkert bra, men det er og stor sjanse for at dei har mange skolesterke barn.

Elles har Kattfjord skole god rangering. Det er kanskje ein indikasjon på at høg lærartettleik har betydning for læringsresultatet.

Det verd å merke seg at den av høgresida utskjelte Langnes skole har jamt over gode resultat. Kanskje er ikkje baseskolar det verste som finst likevel. Eller handlar det og om klasse? Vanskeleg å vite utan grundige studiar.

Det er mykje ein kunne sagt om desse tala, men å seie noko verkeleg fornuftig trengst tid, skolefagleg kompetanse og god kunnskap om skolane og skoleelevane. Mæland gjev inntrykk av å mangle minst ein av tingane, og utan det er rangeringa han har brukt mykje tid på å få ut ganske uinteressant.

 

Exit mobile version