Feilretta kritikk av Nordlys

Eg er veldig glad for at vi kjem til å vedta å halde fram drifta av ei avdeling på Kvaløysletta sjukeheim og at vi skal opne 60 plassar i Kroken.

Bakgrunnen for vidareføringa av drifta på Kvaløysletta og opning av Kroken er ei utgreiing om heildøgns omsorg som var bestilt av Helse- og velferdsutvalet og vi kan no vedta ein god plan for Helse og omsorg for dei neste ti åra. Det at vi er komen dit skal Helse og velferdsutvalet i kommunen som er leia av Gunhild Johansen er leiar for ha ein del av æra for. Dei har pressa på for å få dette på plass.

Gunhild Glosemeyer Johansen er leiar i Helse- og velferdsutvalet i Tromsø kommune. Det er Helse og velferdsutvalet som har bestilt den nye rapporten om heildøgns omsorg. Foto: Martin Eilertsen

Prosessen omkring Kvaløysletta sjukeheim har ikkje vore god. Men eg er forundra over at leiarskribenten i nordlys vel å rette skytset mot SV og Gunhild Johansen i denne saka. SV (saman med Frp og MdG) ønska å behandle ei sak frå Helse og velferdsutvalet i kommunestyret i si fulle breidde i kommunestyret. Fleirtalet i formannskapet sa nei til at kommunestyret skulle behandle den saka. Dei overlot altså dette til administrasjonen. Kanskje kunne ei skikkeleg handsaming i kommunestyret vore med på å unngått den situasjonen vi har vore i.

Det er fleire ting som ver viktig no. Vi skal opne fleire institusjonsplassar i kommunen, men vi må framleis klare å halde fokuset på det som vil avgjere om kommunen skal klare å gje eit godt helsetilbod framover. Det er to ting som er heilt sentrale:

  1. Vi må få fleire omsorgsbustader
  2. Vi må bli betre rehabilitering slik at fleire kan bu heime og ikkje treng institusjonsplassar.

Eg er veldig glad for at Gunhild Johansen framleis skal leie dette arbeidet i Helse og velferdsutvalet. Det gjer at eg er tygg på at fokus og strategi i kommunen framover vil vere på rett plass.

Vanvitige feilslutningar frå Martin Lægland

Lægland lagar moro over at SVs Gunhild Johansen ikkje synst det er ein god ide med ostehøvelkutt innanfor helse og omsorg i Tromsø. Vidare lager han moro over at Johansen ønsker å vite konsekvensane av kutta som blir foreslått.

Gunhild Johansen er leiar i Helse- og velferdsutvalet i Tromsø kommune. Foto: Martin Eilertsen

Eg meiner det som ville vore heilt vanvitig er om vi hadde politikarar i Tromsø som ikkje ville vite konsekvensane av dei kutta som vi må gjere. Det skulle tatt seg ut!

Vi må vurdere om det vi gjer berre fører til større kostnader andre stader. Dersom dei gjer det er vi jo like langt om ikkje kortare samstundes som brukarane og pasientane er påført unødige vanskelegheiter.

Lægland skriv i kommentaren sin:

Kutt i millionklassen kommer til å gå ut over enkelte brukere og ansatte. Det finnes ikke andre måter å gjøre store kutt på.

Det kan vi kanskje vere samde om. Men det er ikkje uvesentleg kven og kva det går ut over. Meiner Lægland at vi som politikarar ikkje skal bry oss om det? Det er eigna til forundring. Som gruppeleiar for SV er eg stolt av at Gunhild Johansen og alle andre SVarar i kommunestyret faktisk bryr oss om konsekvensane av det vi gjer.

For øvrig har vi sett i gang store endringsprosessar innanfor sektoren – vi har hatt mange forslag. Men at vi som politikarar skal gå inn å foreslå enkeltkutt som ikkje er utgreidd, ikkje er diskutert med tillitsvalde eller ikkje sett i samanheng med drifta for øvrig trur eg eigenleg ikkje Lægland meiner om han berre set seg ned og tenkjer litt før han skriv kommentarane sine.

Mellomvegen 100 – som planlagt

Kristoffer Kanestrøm har i avisene kommentert nedlegginga av Mellomvegen 100. Han veit sjølvsagt at Mellomvegen 100 vart etablert som ei korttidsavdeling for å ta i mot utskrivningsklåre pasientar frå UNN i påvente av at Helsehuset skulle bli ferdig. No er Helsehuset med sine 69 korttidsplassar i full drift, og Mellomvegen 100 blir derfor lagt ned. Det burde ikkje overraske Kanestrøm.

Alle pasientane er godt ivaretatt og alle tilsette har fått tilbod om nye jobbar anten ved Helsehuset eller nokre av de andre sjukeheimane i kommunen.

Det var alltid meininga at Mellomvegen 100 skulle vere ei midlertidig løysing i påvente av opninga av Helsehuset. Derfor hadde dei som vart tilsett i Mellomvegen 100 i arbeidskontraktane sine ein fortrinnsrett til arbeid ved Helsehuset.

I 2018 brukte vi 32 millionar kroner på overtid og innleige av vikarar på Helsehuset. Ved å legge ned dagens drift av Mellomvegen 100 og tilby alle dei tilsette jobb på Helsehuset og Otium får vi ned utgiftene på Helsehuset. Vi får ei mykje betre drift ved Helsehuset når vi kan drive med eigne dyktige tilsette enn vi hadde gjennom å leige inn personell. Eigne tilsette vil skape større kontinuitet, kvalitet og større effektivitet på Helsehuset.

Samtidig viser tala at vi ikkje får fleire som ligg utskrivingsklare på UNN etter nedlegginga enn vi hadde før nedlegginga. Ved å kombinere kreftene klarer vi å drive betre, meir effektivt og med eit like godt, om ikkje betre, tilbod til pasientane.

Bygninga på Mellomvegen vart i si tid kjøpt av kommunen for å dekke behov kommunen har innafor helse og omsorg. Til no har det altså vore brukt som korttidsavdeling for rehabilitering av utskrivningsklare pasientar. Kva det skal brukast til framover blir diskutert. Bygget har begrensningar i og med at det er bygd som ein institusjon, men det har allereie komen inn fleire gode forslag. Behova er mange og varierte.

Eg meiner derfor at dette er ei god løysing

Sjukepleiarar i streik

I går var eg glad for å få halde apell på streikemarkeringa til sjukepleiarane i Tromsø. Dei kjemper ein viktig kamp for lik løn for likt arbeid. Du kan lese meir om streikegrunnlaget her. Her kan du lese Nordlys sin reportasje frå markeringa i går. Les og gjerne Lill Sverresdatter Larsen sitt gode blogginnlegg om situasjonen. Larsen er nestleiar i Norsk Sykepleierforbund i Troms.

Foto: Rune Larsen

Dei seks sjukepleiarane som streikar her i Tromsø.

 

 

Dette er omtrent det eg sa i går:

Kjære sjukepleiarar

Hadde dokker fått løn som fortent måtte vi i alle fall dobla lønna, men verda er ikkje rettferdig. Og, i ei urettferdig verd er det kjempeviktig at vi har sterke fagforeingar som kjemper for det som er rett og det som er viktig. Lik løn for likt arbeid, uavhengig om du har NHO eller KS som motpart er eit sjølvsagt krav som har SVs fulle støtte.

På sett og vis kunne eg vore glad for at NHO ikkje vil betale det same som kommunane gjer. I Tromsø å manglar vi nesten 300 sjukepleiarar og vernepleiarar. Kanskje blir rekrutteringa lettare om løna i privat sektor er dårleg? Men det fungerer jo ikkje heilt slik. Realiteten er at den eine fort kan presse det andre ned.

Vi har ei regjering som ønsker å konkurranseutsette og privatisere heilt sentrale velferdstenester. Vi har ei høgreside i Tromsø som ønsker det same. Det skal visstnok bli billigare. Og vi veit at stort sett den einaste måten det kan bli billigare på er gjennom at løn og pensjon blir dårlegare. Derfor er det for SV heilt sentralt at ikkje dårleg løn gjer at meir blir privatisert og konkurranseutsett. Vi vil at dei sentrale velferdstenestene skal utførast av det offentlege – eventuelt i samarbeid med ideelle aktørar

For vi veit at det ikkje blir billigare å privatisere, å sette ut på anbud, å konkurranseutsette. Det ligg kostnader der, kostnader som må dekkast av kommunale budsjett og av arbeidstakarane som får dårlegare arbeidsforhold.

For dersom arbeidsforholda blir dårlegare, så trur eg at pasientane og får det dårlegare.

Streiken dokker er inne i no er ein rettferdig streik. Ein streik for betre løn for sjukepleiarar med lang ansiennitet, for ei betre sjukeløn. Ein viktig streik. Eg er spesielt imponert over dokker som er i streik her i Tromsø. Kurbadet følgjer allereie Spekter sin tariff så her er det ein solidaritetsstreik. I mitt hjarte finst ikkje større heltar enn dei som tar kampen i solidaritet med andre og ikkje for seg sjølv.

Sjukepleiarforbundet vart i årets oppgjør einige med alle andre arbeidsgivarar, men ikkje NHO. Det er viktig at NHO ikkje blir ein stad for arbeidsgjevarar som tilbyr billigare avtaler enn det som er inngått andre stader, på bekostning av de tilsette og bedrifter som ønsker å tilby sjukepleiarar gode vilkår. Ingen skal vinne anbud på sykepleiarane si bekostning.

Vi treng eit samfunn som er innretta for dei mange ikkje for dei få.

Småleg og unødvendig

Øyvind Hilmarsen har lagt fram eit budsjett der det blir kutta hardast i tilboda til ungane. Foto: Høyre

Eg trur dei to orda som best samanfattar Høgre-, Venstre- og Frpbyrådet sitt framlegg til revidert budsjett er småleg og unødvendig.

I morgon vedtar byrådet sitt forslag til revidert budsjett for Tromsø kommune for 2012. Budsjettet innebærer kutt over heile linja, samt auke i dei gebyra som innbyggjarane må betale. Var det nokon som sa skatteletteparti?

Det viktigaste er at dei fleste av kutta ikkje er naudsynte. Grunnen til at kutta kjem er at byrådet reknar med at det ikkje blir utbytte frå Tromskraft i år etter skandalen med Kraft og Kultur i Sverige.

Punkt ein her er at vi ikkje enno veit kva konsekvensar denne skandalen frå Sverige vil bety for Tromskraft. Utbyttet frå selskapet skal vel i hovudsak dekkast av den løpande drifta, den er så vidt eg veit ikkje ramma i særleg grad. Så kan det vere at selskapet bør bygge opp at eigenkapitalen etter det som har skjedd og at utbyttet bør reduserast av den grunn, men sjølv eit moderat utbytte frå Tromskraft vil kunne gjere desse kutta unødvendige. Men, dersom eigenkapitalen er problemet bør selskapet først og fremst sjå på engasjementet sitt innafor olje, ikkje på å redusere på drifta av velferd for innbyggarane i Tromsø.

Det andre poenget her er at Tromsø kommune har fond som kan nyttast til drifta. Dersom det skulle vere slik at vi i eit enkelt å ikkje får utbytte frå Tromskraft så er det ein god grunn til å nytte fondsmidlar for å unngå nedskjeringar som får store konsekvensar.

Det tredje er at byrådet sjølv har valt å bruke 15 millionar på fleire heiltidspolitikarar framfor velferd for innbyggjarane i Tromsø. SV foreslo at dersom høgrepartia meinte dette var ein god ide burde dei finansiere det gjennom eigedomsskatt. Så ville vi sett kva veljarane meinte om det ved neste kommuneval. I staden for har byrådet valt å la ungane våre betale rekninga.

For det er ungane våre som først vil sjå konsekvensane av mange av nedskjeringsframlegga frå byrådet. Dei kuttar den kulturelle skolesekken med 60 000,- kroner. Dei kuttar 238 000,- kroner til ungdomsaktivitet ved Tromstun.  Dei aukar brukarbetalinga ved kulturskolen med 10%. Når det gjeld skolane skriv byrådet (s16):

I tillegg melder enkelte skoler avvik knyttet til drift, da i hovedsak innkjøp av undervisningsmateriell og inventar, som følge av reduksjonen av driftstilskuddet for 2012. En rekke skoler har problemer med å tilpasse seg til denne reduksjonen, men byrådet er av den oppfatning at avvik må tas innen skolerammen.

Altså skolane må pent finne seg i å ikkje bruke meir undervisningsmateriale i år. Har du gjeve elevane det materialet dei treng må dei pent slutte med det resten av året. Derimot finn byrådet rom for å bruke 130 000,- meir på skoleskyss på grunn av innføringa av fritt skoleval. Eit fantastisk tydeleg eksempel på at ideologi er viktigare enn sunn fornuft for dette byrådet. Dei skattelegg innbyggarane ekstra gjennom å auke kostnaden ved SFO med 100 kronar i månaden.

Direkte hyggeleg er heller ikkje det dei skriv her:

Videre ser flere skoler muligheter for å slå sammen klasser fra høsten 2012, men om dette lar seg gjøre, er per nå noe usikkert. For øvrig jobbes det kontinuerlig med å redusere driftskostnader der det er mulig.

Eg synst det er ein god ide å redusere driftskostnadene der det er mulig, men eg er nok usamd med byrådet i kva som er mogleg.

Byrådet skal derimot ha honør for ein ting. Barnevernstenesta har ein prognose på at dei vil bruke 15 millionar meir enn budsjettert i år. Byrådet tilfører tenesta 10 millionar. Det vil kanskje føre til at dei aller vanskelegast stilte ungane ikkje får det så alt for mykje verre.

Eg tenkte det var greitt å ta med heile kuttabellen for byutvikling (s20):

1 Vakanse kommuneplanleggerstilling 250000
2 Øke gebyrsatser på seksjonering/kart/oppmåling 150000
3 Økte gebyrsatser reguleringsplaner 100000
4 Reduksjon prosjekt bydelsløftet 200000
5 Intern fakturering geodata 100000
6 Vakanse reguleringssjefstilling 200000
7 Administrasjon (reiser div) 120000
8 Uteidrettsanlegg reduksjon vedlikehold 300000
9 Parker reduksjon vedlikehold 500000
10 Torg reduksjon vedlikehold 200000
11 Offentlige lekeplasser reduserte innkjøp og reparasjoner 200000
12 Asfaltlapping redusert standard 1000000
13 Busskur innsparing offentlige midler 250000
14 Kantklipping 50000
15 Friluftsområder 50000
16 Gatelys lengere utskiftingstid mørklagte lys 100000
SUM EFFEKTIVISERINGSKRAV 3770000

Kva betyr desse kutta. Her kan vi godt bruke byrådet sine eigne ord. Dei skriv:

  • Tiltaket vil føre til kapasitetsutfordringer som vil kunne begrense kommunens egen planlegging. 
  • altså en reduksjon i reguleringskontorets kapasitet
  • innebærer kutt i reparasjoner av skader på anleggene. Kuttet medfører økt forfall på anleggene med kvalitetsforringelse som konsekvens.
  • Reduksjon i forskjønningstiltak som innebærer kutt i blomster «-tårn» og -krukker, samt redusert klipp og beskjæring av busker.
  • Mindre ressurser til skadereparasjoner og reduksjon i vedlikeholdet medfører kvalitetsforringing av torgområdene.
  • Medfører begrensede reparasjoner og nye innkjøp. Tilbudet i de offentlige lekeplassene vil svekkes.
  • Halvering av aktivitetsnivået vil bidra ti l et redusert standardnivå. Reduksjonen øker sannsynligheten for flere regresskrav.
  • Overlate driften og vedlikeholdet av busskurene til private gjennom reklamefinansiering. Privatisering av busskurene vil gi besparelser i offentlige midler
  • reduksjon i brøytingen av utfartsparkeringene. Vil kunne bidra til mer ustrukturert parkering på offentlig vei og eventuelle utfordringer i forhold til optimal trafikksikkerhet.
  • Pærer vil skiftes sjeldnere og medfører til at mørklagte lys forblir mørklagte litt lengre enn i dag. Reduksjon i W-styrke gir litt svakere lysforhold.

 

Altså kutta fører til at byen blir styggare, meir utrygg, planlegging vil ta lengre tid, det blir meir reklame og komersialisering av det offentlege rom og kommunen vil måtte betale erstatning for øydelagte bilar oftare. Lurt!

Helse og omsorg rapporterer om eit overforbruk på 36 millionar. Eg som trudde at hovudargumentet for parlamentarisme var betre politisk kontroll slik at denne typen overforbruk ikkje skulle skje. Vi har med andre ord betalt 15 millionar for fleire heiltidspolitikarar som ikkje leverer det dei skulle. Lurt!

Innsparingstiltaka på dette området er interessante. Dei aukar sakshandsamingsgebyret på startlån. Dette er lån til dei som i utgangspunktet treng hjelp med å få lån. No blir det dyrare. Vidare vil byrådet kutte ein million til dagsentertilbodet for unge demente på Sør-Tromsøya sjukeheim med ein million. Dei vil kutte ned eit tiltak som er med på å få ned sjukefråveret og gje tryggar jobbsituasjon for vikarar i kommunen. Der skal dei spare 2,8 millionar for, som dei skriv «Prosjektet har levert sin første delrapport, og byrådet ser at prosjektet er i rute i henhold til mål som er satt». Då er jo det einaste fornuftige sett med Frp-briller å kutte prosjektet. Utruleg men sant. Jamt over påstår byrådet at desse kutta kan gjerast «uten at dette viktige tilbudet forringes vesentlig.» Kven trur dei eigentleg at dei lurer?

Eg har blitt meir og meir forundra etter som eg har lest dokumentet frå byrådet.

Anten er høgrepolitikk verre enn eg hadde trudd, eller så ligg det ein skjult agenda her som eg ikkje har forstått.

Kva trur du?

 

Helse, tannhelse og sjukdom

Av og til er det ikkje nok med børste og tanntråd. Då må vi til tannlegen. Kor mykje skal det koste. Foto: pattyanne:made

Eg antyda i forgårs at eg skulle prøve å meine noko om tannhelse. No kjem det, så då er du advart. I går var eg med på ein internasjonal tannhelsekonferanse her i Tromsø. Det var ei vitskapleg av offentlege tannlegar og tannhelseforskarar frå heile Europa. Mykje av innhaldet gjekk lang over mitt hovud – naturleg nok – Tannhelse er vitskap og medisin, men og politikk.

Eg var så heldig at eg fekk love til å delta i opninga av konferansen. Eit slikt opningsinnlegg er sjølvsagt mykje pjatt og kor flott det er i Troms og Tromsø. Håpa alle trives osb. No er det sjølvsagt triveleg og vakekrt her, men det var ikkje det dette innlegget skulle handle om.

Eg fann det naturleg å ta opp ein situasjon som dei aller fleste med ørlite kunnskap om anatomi finn smått underleg. I Noreg har vi den situasjonen at tennene ikkje er ein del av kroppen, i alle fall ikkje i økonomisk og politisk forstand. Eg trur dette i alle fall delvis kjem av at tannhelse blir oppfatta meir som kosmetikk enn medisin. Det er ingen tvil om at eit Hollywoodsmil handlar meir om kosmetikk enn helse. På sett å vis er det meir i slekt med plastisk kirurgi enn noko anna. Men god tannhelse, handlar ikkje mest om kosmetikk. Det handlar om helse. Dårlege tenner er tidvis farleg, og i alle fall emd på å redusere livskvaliteten til folk.

OK, her kjem meininga mi om denne saka, og eg innrøm at dette i stor grad er klipt  frå arbeidsprogrammet til SV, men hald ut. Det kjem meir originale tankar etterpå.

SV vil foreslå ei tannhelsereform som inneber at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig i størst muleg grad er underlagt dei same vilkåra som sjukehus– og legebehandling. SV vil avgrense eigendelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvar eigenandelstak 2.

Dei som går jamleg til tannlegen og har normalt god tannhelse vil med ei reform betale omtrent det same som i dag, mens dei som i dag ikkje kontaktar tannlege, kanskje fordi det er for dyrt, vil få redusert kostnadene sine til 2500 kroner for nødvendig tannbehandling med ei slik ordning. For ein del grupper er det nødvendig at tannhelsetenesta er heilt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelseteneste.

For å hindre for høge kostnader ved ordninga vil SV innføre prisregulering på tannhelsetenester gjennom nasjonale takstar, i kombinasjon med refusjonsavtale for tannlegar som inngår i ordninga. Det er store geografiske forskjellar i det offentlege tannhelsetilbodet. SV vil foreslå at den offentlege tannlegetenesta blir bygd ut, og at det blir innført driftsavtalar med privatpraktiserande tannlegar etter modell av privatpraktiserande legar med driftstilskot.

OK, då har eg meint noko – og ja eg meiner dette verkeleg.

Det mest interessante eg fekk med meg på konferansen var likevel foredraget til Professor emeritus Rolf Seljelid (eit foredrag med same tema kan du finne her). Han snakka om kva helse er for noko. Hovudpoenget hans er at helse ikkje er fråver av sjukdom og at helse er eit svært vidt begrep. Med utgangspunkt i at få ting har endra liva våre meir dei siste 100 åra enn innføringa av moderne medisin set Seljelid opp eit skille mellom sjukdom og helse som er viktig å ta med seg i ein kvar diskusjon om dette viktige temaet. Han seier:

Sjukdom er medisin, men helse er antropologi

Poenget hans er at helse er både meir og mindre enn fråver av sjukdom. Vi må lære oss å leve med den helsa vi har, og korleis vi lev med helsa vår har vel så stor betydning for oss som dei medisinane og diagnosane vi får. Han siterte frå eit brev han hadde fått frå ein ven som hadde vore alvorleg sjuk. I brevet fortalte han om alle sjukdomane og plagene sine, men så konkluderte han:

Mannen er like heil

Og kanskje er det heile poenget, at det viktigaste er om mannen er heil?

Exit mobile version