Categories
Feature Helse

Helse, tannhelse og sjukdom

tanntrad
Av og til er det ikkje nok med børste og tanntråd. Då må vi til tannlegen. Kor mykje skal det koste. Foto: pattyanne:made

Eg antyda i forgårs at eg skulle prøve å meine noko om tannhelse. No kjem det, så då er du advart. I går var eg med på ein internasjonal tannhelsekonferanse her i Tromsø. Det var ei vitskapleg av offentlege tannlegar og tannhelseforskarar frå heile Europa. Mykje av innhaldet gjekk lang over mitt hovud – naturleg nok – Tannhelse er vitskap og medisin, men og politikk.

Eg var så heldig at eg fekk love til å delta i opninga av konferansen. Eit slikt opningsinnlegg er sjølvsagt mykje pjatt og kor flott det er i Troms og Tromsø. Håpa alle trives osb. No er det sjølvsagt triveleg og vakekrt her, men det var ikkje det dette innlegget skulle handle om.

Eg fann det naturleg å ta opp ein situasjon som dei aller fleste med ørlite kunnskap om anatomi finn smått underleg. I Noreg har vi den situasjonen at tennene ikkje er ein del av kroppen, i alle fall ikkje i økonomisk og politisk forstand. Eg trur dette i alle fall delvis kjem av at tannhelse blir oppfatta meir som kosmetikk enn medisin. Det er ingen tvil om at eit Hollywoodsmil handlar meir om kosmetikk enn helse. På sett å vis er det meir i slekt med plastisk kirurgi enn noko anna. Men god tannhelse, handlar ikkje mest om kosmetikk. Det handlar om helse. Dårlege tenner er tidvis farleg, og i alle fall emd på å redusere livskvaliteten til folk.

OK, her kjem meininga mi om denne saka, og eg innrøm at dette i stor grad er klipt  frå arbeidsprogrammet til SV, men hald ut. Det kjem meir originale tankar etterpå.

SV vil foreslå ei tannhelsereform som inneber at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig i størst muleg grad er underlagt dei same vilkåra som sjukehus– og legebehandling. SV vil avgrense eigendelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvar eigenandelstak 2.

Dei som går jamleg til tannlegen og har normalt god tannhelse vil med ei reform betale omtrent det same som i dag, mens dei som i dag ikkje kontaktar tannlege, kanskje fordi det er for dyrt, vil få redusert kostnadene sine til 2500 kroner for nødvendig tannbehandling med ei slik ordning. For ein del grupper er det nødvendig at tannhelsetenesta er heilt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelseteneste.

For å hindre for høge kostnader ved ordninga vil SV innføre prisregulering på tannhelsetenester gjennom nasjonale takstar, i kombinasjon med refusjonsavtale for tannlegar som inngår i ordninga. Det er store geografiske forskjellar i det offentlege tannhelsetilbodet. SV vil foreslå at den offentlege tannlegetenesta blir bygd ut, og at det blir innført driftsavtalar med privatpraktiserande tannlegar etter modell av privatpraktiserande legar med driftstilskot.

OK, då har eg meint noko – og ja eg meiner dette verkeleg.

Det mest interessante eg fekk med meg på konferansen var likevel foredraget til Professor emeritus Rolf Seljelid (eit foredrag med same tema kan du finne her). Han snakka om kva helse er for noko. Hovudpoenget hans er at helse ikkje er fråver av sjukdom og at helse er eit svært vidt begrep. Med utgangspunkt i at få ting har endra liva våre meir dei siste 100 åra enn innføringa av moderne medisin set Seljelid opp eit skille mellom sjukdom og helse som er viktig å ta med seg i ein kvar diskusjon om dette viktige temaet. Han seier:

Sjukdom er medisin, men helse er antropologi

Poenget hans er at helse er både meir og mindre enn fråver av sjukdom. Vi må lære oss å leve med den helsa vi har, og korleis vi lev med helsa vår har vel så stor betydning for oss som dei medisinane og diagnosane vi får. Han siterte frå eit brev han hadde fått frå ein ven som hadde vore alvorleg sjuk. I brevet fortalte han om alle sjukdomane og plagene sine, men så konkluderte han:

Mannen er like heil

Og kanskje er det heile poenget, at det viktigaste er om mannen er heil?

Categories
Helse Økonomi

Derfor må skatten opp

Dessverre er det slik at sakte, men sikkert må skattenivået i Noreg og alle andre industrialiserte land bevege seg oppover. I alle fall er det slik om vi ønsker at velferdsnivået skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Korfor spør du kanskje, jo eg skal prøve å svare.

Det er ein stor skilnad mellom det meste av offentleg produksjon og det meste av privat produksjon. Den eine store skilnaden er at over tid vil tilførsel av kompetanse og kapital auke produktiviteten i privat sektor, meir enn i offentleg sektor. Det handlar ikkje om at offentleg sektor er mindre effektiv, men det handlar om kva som blir produsert.

Før eg går vidare vil eg berre nemne at det som kjem no er arketypisk, det vil vere unnatak, og eg meiner at effektiviseringspotensialet i offentleg sektor er høgt. Då var det sagt, så er kanskej sjansen for å bli misforstått redusert litt.

La oss samanlikne ein bilfabrikk med ein skole. Dersom du tilfører ein bilfabrikk meir kapital og kompetanse vil produksjonen auke. Nye maskinar vil gjere at det blir produsert fleire bilar for kvar som jobbar i fabrikken. Kanskje produserte fabrikken to bilar per tilsett i 1980, idag produserer fabrikken 100 bilar per tilsett (desse tala er fiktive og har ingen ting med røyndomen å gjere med mindre eg har usannsynleg flaks, men dei vil illustrere poenget mitt). I denne fabrikken har altså produktiviteten gått opp. Alle er nøgde, kapitaleigarane får større profitt og forhåpentlegvis har arbeidarane fått høgare løn. I skolen har det ikkje skjedd noko tilsvarande. I 1980 utdanna kvar lærar 15 elevar. Fram til i dag har vi tilført kunnskap og kapital i skolen, men framleis vil kvar lærar berre utdanne 15, eller kanskje 16 elevar. Ikkje fordi læraren ikkje er effektiv, men fordi skolen (som sjukeheimar ol.) ikkje kan bli erstatta av teknologi. Eleven treng ein person som rettleiar og førebilete.

Dersom då læraren (som får løna si frå det offentlege – altså frå skatten) skal ha same lønsutvikling som dei som arbeider i bilfabrikken må altså dei som eig fabrikken og dei som arbeider i fabrikken betale meir i skatt no enn dei gjorde i 1980. Både kapitaleigaren og fabrikkarbeidaren vil likevel sitte igjen med mykje meir i dag enn i 1980. Dette synst eg er greitt å forstå. Dersom vi skal ha gode skolar og gode sjukeheimar (bransjar der produktiviteten ikkje kan aukast kraftig gjennom innsprøyting av kapital) må dei bransjene der produtivitetsveksten er stor betale meir.

Då blir det interessant å sjå, korleis har utviklinga i skattenivået i Noreg vore mellom 1980 og i dag? Eg har ikkje funne tal heilt tilbake til 1980, men i 1992 var det offentlege sin andel av fastlands BNP (i følgje NHO ) 61,4% i 2004 var dette redusert til 57,7%. I følgje finansdepartementet har skatteandelen vore omtrent den same i heile perioden frå 1980 til 1997. Det offentlege har ikkje fått den auka inntekta som trengst for å halde oppe kvaliteten på velferdstenestene.

I den same perioden har skolane blitt nedslitte, det har vore konstant krise i helse- og omsorgssektoren og vegane er blitt nedslitte. Tilfeldig? Neppe! Offentleg sektor er rett og slett underfinansiert.

Oppdatering 24.08.08

Skattedebatten har starta, sjå VG og Dagbladet

Categories
Helse Politikk

Helse Sør-Øst får for mykje

Det sluttar aldri å forundre korleis det som skjer på det sentrale austlandsområdet får større vekt enn det som skjer i resten av landet. I løpet av denne vinteren har det vore mykje skriveri om dei økonomiske problema i Helse Sør-Øst, mens resten av landet i stor grad har blitt ignorert. Det vi veit, er at Helse Sør-Øst får nesten 800 millionar meir enn behova tilseier, medan dei andre helseføretaka får tilsvarande for lite.

Regjeringa nedsette i desember 2006 eit offentleg utval under leiing av professor Jon Magnussen med oppgåve å gjennomføre ein brei fagleg gjennomgang av fordelingsmekanismane i dagens basisløyvingar til dei regionale helseføretaka. Formålet var å kome fram til eit system som er så enkelt og rettferdig som mogeleg.

Utvalet sitt forslag til inntektsfordeling skal sikre at dei fire regionale helseføretaka er i stand til å tilby innbyggjarane likeverdig tilgang til spesialisthelsetenester. Forenkla sagt vil ei fordeling ut frå forslaget til utvalet kompensere for reelle regionale skilnader i behov og kostnader. Dette utgangspunktet viser då at Helse Nord, Helse Midt og Helse Vest ha ein større del av løyvingane enn med dagens modell. Dette vil bidra til realisering av Regjeringa si målsetjing om gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustad. Dessverre har vi ikkje likeverdige tenester i dag. Vi kan ikkje leve med ei skeivfordeling av eit sentralt velferdsgode som helsetenester er.

I utgreiinga kjem det fram at det er regionale skilnader i den delen av konsultasjonar som blir utført av private kontra offentlege spesialistar/sjukehus, men det mest interessante her er det totale talet konsultasjonar per 1000 innbyggjarar. Desse tala viser at Helse Nord har det nest lågaste tal konsultasjonar på 1188 per 1000 innbyggjar, mens Helse Sør-Øst har det høgaste talet konsultasjonar på 1305 per 1000 innbyggjarar. Dette har blant anna samanheng med tilbodsstruktur, dvs. kvar spesialistane er lokaliserte og avstand frå befolkninga til desse.

Noko av det viktigaste som kjem fram i utvalet sitt arbeid er at nyare data og analysar klårt viser at sosial ulikskap burde telje meir med i inntektsfordelinga. Så lenge det ikkje blir korrigert for reelle behovsskilnader, vil ein heller ikkje få ei korrekt fordeling av inntekter mellom helseføretaka.

Utgreiinga til utvalet gjev ein god dokumentasjon på at geografiske ulikskapar i behov og kostnader til no ikkje har vore inkorporert godt nok i inntektsfordelingsmodellen. Dette har gjeve seg utslag i at helsetilbodet i nokre delar av landet har vore betre enn i andre delar av landet. Slik kan vi ikkje ha det i framtida, og det betyr at vi må omfordele ressursar frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka. I Noreg har vi fritt sjukehusval. Så lenge helse Helse Sør-Øst har eit betre tilbod enn dei andre helseføretaka vil det vere med på å flytte pasientar frå dei andre helseføretaka til Helse Sør-Øst. Kvar gong ein pasient vel å benytte seg av sitt frie sjukehusval og reise til eit anna sjukehus, er det avsendarsjukehuset som må betale heile rekninga. Når Helse Sør-Øst får meir pengar enn dei burde hatt samanlikna med dei andre helseføretaka vil dei og jamt over og ha kortare ventetid. Det vil føre til at pasientar vil velje seg bort frå Helse Nord, Helse Midt eller Helse Vest. Ikkje berre må desse pasientane då måtte reise lenger enn andre, men det vil og tappe helseføretaka for pengar – pengar som vil gå til å gje innbyggjarane i Helse Sør-Øst sitt område eit betre tilbod enn i andre delar av landet. Over tid kan dette bidra til å utarme kompetansen ved dei andre sjukehusa og dermed i enno større grad skeivfordele tilgangen til gode helsetenester. Spesielt tydeleg kjem dette til å bli fordi utvalet legg opp til at helseføretaka som sender pasientar frå seg skal betale heile rekninga.

Utvalet har påvist ein klår samanheng mellom klima og ressursbehovet innanfor somatikk. Dette kriteriet åleine ville dersom det vart brukt fullt ut i modellen gje ei omfordeling på ein milliard kroner frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka, særleg Helse Nord. Ettersom dette er eit nytt kriterium har det i utvalet vore diskusjonar rundt bruken av dette. Som eit kompromiss enda ein opp med å ta inn kriteriet med 20 % av reell verdi. Klima tel dermed for 200 millionar av den totale omfordelinga på 781 millionar kroner frå Helse Sør-Øst. Verken befolkning eller helseføretak kan gjere noko for å førebyggje regionale klimaskilnader, og det er naturleg at ein gradvis aukar bruken av klimafaktoren opp til i første omgang 50 % og seinare 100% av faktisk kostnad. Alternativet er at folk i Nord-Noreg skal ha dårlegare tilgang til helsetenester enn folk i resten av landet.

Helseføretaka sit på mykje kapital knytt til sjukehusbygningar og utstyr. Utvalet har ikkje vurdert det reelle behovet, men slår fast at skilnadene skal utliknast over 20 år. Det betyr at utvalet ikkje har tatt omsyn til at ein i delar av landet har ei spreidd befolkning og dermed treng fleire sjukehus og meir utstyr i forhold til folketalet enn andre delar av landet. Det er derfor openbart at vi må ha ein ny gjennomgang av kapitalstrukturen i landet. Kapitalbehovet kan aldri bli likt mellom helseregionane. Dersom alle skal ha eit sjukehus i nærområdet sitt så er det ikkje i Helse Nord at kapitalen (les: talet på sjukehus) må reduserast. Den reduksjonen må komme i det sentrale austlandsområdet.

Eg meiner at utvalet sin modell vil vere eit første steg i retning av å rette opp noko av skeivfordelinga mellom landsdelane. Kriteria i modellen framstår som vel velgrunna, og må følgjast opp, og føre til ei reell omfordeling mellom helseregionane. Dersom utfordringane knytt til kapital og klima blir retta opp vil vi nærme oss eit rettferdig system, med eit likeverdig helsetilbod i alle delar av landet. Det kan nok vere eit visst behov for overgangsordningar, men eg vil likevel understreke at dokumenterte skilnader i behov og kostnader må leggjast til grunn dersom vi skal få eit rettferdig system. I motsett fall vil det vere ei bevisst prioritering som gjer at innbyggjarar i Helse Sør-Øst får eit betre helsetilbod enn i resten av landet.