Staten må kjøpe hurtigruta

SVs Lena Jensen har foreslått at staten bør gå inn å kjøpe opp heile eller delar av Hurtigruta. Dette er eit godt innspel.

Hurtigruta har tapt mykje pengar den siste tida, men er fgramleis viktig for kysten. Foto: Andreas Solberg/http://www.flickr.com/photos/andreassolberg

Nordlys har skjønt poenget og skriv på leiarplass i dag at:

«NÅ HAR det gått så langt at selskapet er i reell pengemangel. Derfor forhandler ledelsen med banksyndikatet som har lånt ut penger, og den undersøker også muligheter for en aksjeutvidelse, en emisjon. Det sistnevnte kan bety at det nordnorsk eierskapet utvannes.

HURTIGRUTEN er infrastruktur i Nord-Norge. Vi mener derfor at et statlig eierskap, eller deleierskap, kan være riktig. I alle for en periode mens restrukturering pågår.»

Så får det heller stå sin prøve at Nordlys på laurdagen stilte følgjande spørsmål:

«Er Lena Jensen (SV) i stand til å drive lønnsomt?» og svarte: «Svaret er nei.»

No kan det vel seiast at dagen løysning med privat eigasrskap heller ikkje har produsert dei valdsame overskotta dei siste åra. VG melder om at 200 mister jobben i selskapet etter at selskapet har tapt 120 millionar så langt i år. Hurtigruta er framleis eit viktig samferdselstiltak langs store delar av kysten, slik NSB og andre er det i andre delar av landet. Denne typen infrastruktur er det eit offentleg ansvar å halde oppe.

Fylkesstyret i Troms SV handsama saka i møtet sitt i helga. Vedtaket kan du lese på Troms SV sine sider, men det kan vere verd å ta med seg dette poenget:

Det trenges også langsiktige løsninger som sikrer Hurtigruten som transportløsning for personer og gods. Hurtigrutens potensial som reiselivsmotor i kyst-Norge og på Svalbard må utvikles, samtidig som selskapets soliditet styrkes.

Cominor

Smatt litt på ordet Cominor. Kva tenkjer du på, ein ny sjampo, eller treningsdrikk? Ikkje veit eg, men det er altså namnet på det nye busselskapet her i nord. 1. september blir TIRB, Tromsbuss og Ofotens bilruter slått saman.

Ein kan seie mykje om namnet, men comi (sk) i nord kan det fort bli. Korfor dei insisterer på å bruke C når første del av ordet skal stå for kommunikasjon kan ein jo spørre selskapet om, vidare kunne eg hatt lyst til å spørre om korfor dei ikkje kan skrive nord med D, men forlanger å feilstave.

Den største utfordringa er likevel at dette gjer det vanskelegare for fylket og kommunen å kunne kjøpe attende Tromsbuss til offentleg eigarskap. Eg er og redd for at dette legg til rette for at bussdelen av Hurtigruten gruop blir enklare å selje til andre. Det er ikkje usannsynleg med dei underskota Hurtigruten har. Det er trist om desse selskapa skulle bli selt ut av landsdelen.

Exit mobile version