Categories
Politikk SV Troms og Tromsø

Eit vanskeleg val

Eg synst det er spennande og fint at det ser ut til å bli kamp om førsteplassen på kommunelista til Tromsø SV. Det er ei viktig sak fordi at ho som blir vår førstekandidat fort blir anten ordførar eller varaordførar i Tromsø etter valet. Det er eit godt teikn at folk slåss om å gjere ein jobb for partiet og for å skape eit betre Tromsø for folk og natur.

Vi har to gode kandidatar til førsteplassen. Eg gler meg til å stå på andreplass uansett kven som blir valt på første. Eg har framleis eit håp om at ho som ikke blir på første takkar ja til tredjeplassen på lista (Du kan sjå innstillinga frå nominasjonskomiteen her).

Vi har fått eit val, eit vanskeleg val. Når eg vel å støtte Ingrid Kielland på førsteplass på lista er det tre grunnar til det:

  1. Eg trur Ingrid kan nå andre veljargrupper enn Gunhild. Grupper som kan vere viktige for å gjere eit godt val.
  2. Eg meiner det er rett å rotere på verv. Gunhild Johansen har vore førstekandidat ved to val. Når vi har ein god annan kandidat, synst eg vi skal i tråd med vedtektane til SV, bytte på verva.
  3. Dessutan likar eg måten Ingrid kommuniserer politikk på og framstår i media. Det apellerer til meg, og dermed så trur eg det apellerer til mange andre og.

Eg er sikker på at vi stiller med beste kandidaten i byen uansett kven vi vel. Men når vi i SV skal gjere vårt val skal vi vere ganske kyniske. Vi må stille med den kandidaten vi trur kan trekke flest røyster og dermed vere med på å bevege byen vår i ei meir miljøvenleg og rettferdig retning.

Det er nok høgrepolitikk no.

Categories
SV Troms og Tromsø

Stolt og glad over å bli foreslått på andreplass

Mandag la nominasjonskomiteen fram sitt første forslag til SVs kommunevalliste for Tromsø SV ved kommunevalet i 2015. Lista blir endeleg avgjort den 24. januar. Eg er veldig stolt og glad for å bli foreslått på andreplass på Tromsø SV si liste. Eg gler meg til å gå ut i valkampen og kjempe for skolane i Tromsø,for eit betre miljø og å legge til rette for eit kreativt og verdiskapande næringsliv.

Ingrid Kielland er foreslått som toppkandidat for Tromsø SV. Det trur eg blir bra.

Sist mangla SV 35 stemmar på at eg skulle komme inn i kommunestyret. Grunnen til det var at ho som no er foreslått på førsteplass, Ingrid Marie Kielland fekk fleire personstemmar enn meg. Og, eg skjønnar veljarane godt. Ho er dyktig, grundig og gjev seg aldri. Det treng både byen, kommuen og SV. Det er ikkje utan grunn at ho har kalla bloggen sin for Tromsødama. Med ho som ordførar ville Tromsø få ein ordførar som er meir interessert i politikk  og og byutvikling enn snorklipping.  Her skriv ho godt om sin visjon for Tromsø. Ho blir ein glitrande førstekandidat for SV.

Sist val vart eg som sagt forbigått av ho som stod på tredjeplass når veljarane hadde sagt sist. Eg er «redd» det kjem til å skje denne gongen og. Gunhild Johansen er godt kjent i byen, ein politisk tungvektar med eit vell av erfaring og ei ro når det stormar som gjev tryggleik til andre. Eg er utruleg glad for at ho er med vidare.

Dette er eit fantastisk selskap å vere i, og eit godt lag for Tromsø og SV!

Så, eg er ganske sikker på at SV har potensiale til å gjere eit godt val i Tromsø. Eg trur vi kan få både fire og fem mandat. Målingane tyder i alle fall på framgang.

Eg er i alle fall avhengig av at vi gjer det betre enn sist, for å konkurrere med Ingrid Kielland og Gunhild Johansen om personstemmane blir vanskeleg.

 

Exit mobile version