Skal hardt arbeide lønne seg?

I Tromsø har vi mange flinke studentar. Ein av dei heiter Cederique Augustave Lovasoa. Han er frå Madagaskar og er i ferd med å avslutte ein Master i International Fisheries Managment, som han har tenkt å bruke til å vere med å utvikle Madagaskar når han er ferdig med studia.

Det er grunn til å vere stolt av at Universitetet i Tromsø vil gjere porten vid og døra høg. Foto: Wikipedia Commons

Han er ikkje berre ein god student. Han er og flittig, og gjennom å jobbe ved sida av studiane har han forsørga seg sjølv og har ikkje vore verken det norske samfunnet eller nokon annan til byrde.

Men for å få studieopphold i Noreg må du kunne vise til at du har pengar på konto. Derfor lånte han den summen pengar som han trengte for å få studentvisum. Det er heilt greitt og innafor regelverket. Når det viste seg at han klarte seg sjølv gjennom deltidsarbeid ved sida av studiane, så betalte han tilbake dette lånet.

Dette, som ikkje viser noko anna enn at Cedrique er flittig og arbeidssam fekk UDI til å gå bananas og miste eit kvart begrep om sunn fornuft. Fordi han betalte lånet tilbake, så fann UDI ut at han hadde lurt oss! Det er jo heilt vanvittig. UDI vil no kaste han ut to månader før han er ferdig med masteren og uansett skulle reise heim.

Heldigvis har han tatt saka til retten, og eg er utruleg stolt av at mitt universitet, Universitetet i Tromsø har bestemt seg for å dekke kostnadane med saka. Det viser at UiT tar vare på studentane sine, og tar ansvar for både fornuft og å rette opp i urettferdighet.

Det forundrar sjølvsagt ikkje at Per Willy Amundsen ser sitt snitt til å synst at det er dumt at en hardtarbeidende ung mann får hjelp av universitetet til å avslutte utdanninga si. Det kan verke som at det i Amundsen si bok er negativt å vere flittig og pliktoppfyllande.

Islam, kristendom eller religion?

Per Willy Amundsen har ein interessant kronikk i Aftenposten i dag. Han skriv at han er kritisk til islam fordi islam ikkje har gått gjennom ein reformasjon og opna for ei vitskapleg utvikling. Så kan ein jo ha det artig med at Frp hald seg med den uvitskaplege meininga at det ikkje finst menneskeskapte klimaendringar, men det får vere til ein annan gong.

Amundsen held fram dette som kjerna i debatten:

Problemet med islam er ikke primært terrorisme og selvmordsbombere, selv om det er skremmende nok i seg selv. Problemet er hvordan islam brukes som en ideologi, juridisk og politisk. Slik endres fundamentale forutsetninger for å videreføre vår samfunnsmodell gjennom en altfor rask innvandring, som integreringstiltak ikke klarer å løse, grunnet en manglende bevissthet fra politisk hold.

Eg hadde vore samd med Amundsens første og andre setning, i alle fall i grove trekk, om han hadde bytta ut islam med religion i avsnittet over. Men dersom vi ser vidare på det Amundsen skriv så er det viktig at vi har ein del fakta i botn. Mellom anna er det viktig å vite at innvandringa frå kristne land er større enn innvandringa frå muslimske land. Det skulle bety at det er lite som tyder på at muslimane er i ferd med å ta over Noreg.

Religion er problematisk, sjølv om arkitekturen kan vere strålande. Denne moskeen er frå Jeddah i Saudi-Arabia. Utfordringa er å unngå at religion får dominere og legge grunnlaget for den politiske debatten. Foto: Wikipedia Commons/User:Laitche
Det er eit kjempeproblem når religiøse argument blir dei viktigaste i ein politisk debatt. Men dette er ikkje ein situasjon som er eineståande i islamske land. Ein treng ikkje følgje amerikansk politisk debatt med meir ein eit halvt auge for å forstå at situasjonen i USA, i stor grad, er nettopp at religiøse argument utan vitskapleg forankring blir grunnleggande i den politiske debatten. Dette gjeld moralske og etiske spørsmål som abort og homofili, men og på område som vitskapen har gjeve hos klåre svar på. Eit godt døme er debatten om evolusjon kontra kreasjonisme. Evolusjon er kanskje ein av dei vitskaplege teoriane som har høgast sannsynlegheit for å vere rett, men blir likevel avvist av mange kristne og andre religiøse fordi det strir mot deira forståing av Bibelen, Koranen eller andre trusvedkjenningar. Det må vere ein gud som har skapt oss, blir det hevda

Det er dessverre ikkje berre i USA kristendomen legg store delar av grunnlaget for den politiske debatten. Dersom vi tar ein titt på kristne land i Afrika opplever vi mykje av det same, spesielt knytt opp mot homofili. Store delar av den anglikanske kyrkja i Afrika ønsker å bryte med erkebiskopen i Canterbury fordi han er for liberal i homofilispørsmålet.

I Europa og Noreg har vi heldigvis ein snill og ganske så ufarleg kristendom. Men vi skal ikkje mange år attende før vi tydeleg ser i Noreg og at kristendomen og religiøse argument var førande i den politiske debatten, til dømes om ytringsfridom. Både Bjørneboe og Mykle opplevde dette.

Utfordringa er ikkje islam eller kristendom, men religion.

Svært interessant blir kronikken til når Amundsen koplar islam og økonomi. Amundsen skriv:

For: Se deg litt rundt i verden. Hvorfor tilhører majoriteten av landene i den muslimske verden, på tross av sine mange naturressurser og rikdommer, likevel det vi betegner som utviklingsland?

Det er mange svar på dette spørsmålet og kanskje er det og ei lita samankopling mellom økonomisk utvikling og kulturen i landa. Men vi skal og huske at den økonomiske framgangen i Europa, utviklinga av våpen og banksystem som la grunnlaget for den europeiske dominansen av verda oppstod lenge før renessansen, før protestantismen, lenge før “fornuften triumferte og vi endelig kunne frigjøre oss fra pave- og kirkemakt”. Då er det ikkje usannsynleg at vi må leite bak islam og kristendom for å finne svaret på korfor vi har fått den økonomiske utviklinga i verda som vi har. Det er andre og mykje meir fundametale krefter som har påverka den økonomiske utviklinga i verda. Eg vil rå Amundsen til å lese litt Marx og boka “Guns, Germs, and Steel” av Jared Diamond som nettopp kom ut på norsk. Geografi, naturressursar, plantemateriale og klimaendringar er nok viktigare faktorar enn islam.

Det Amundsen skal ha er at kronikken er eit godt skrive og intellektualisert forsvar for Frp sin menneskefiendlege innvandringspolitikk. Ikkje meir, ikkje mindre.

For øvrig er eg samd med desse fyndorda frå Amundsen:

Ta dette innover deg, uansett religion: islam og kristendommen i sine fundamentalistiske råversjoner, er alltid uhyggelige. Opp gjennom historien er begge kjennetegnet med krig, vold og hat.

Skreddaren og bussjåføren

Bilal Gahni Mohammad og Hawre Mohammed Ali heiter to kurdarar som bur i Tromsø. Dei har budd her ti år no. Hawre er skreddar, og driv den einaste skreddarforetninga i Tromsø. Eg veit ikkje om det stemmer, men eg har høyrt at han mellom anna driv mykje med tilpassing av politiuniformar. Bilal er bussjåfør i Tromsø. Det vil seie var bussjåfør. UDI har nekta han å jobbe, han skal ut av landet. Hawre må no stenge skreddarforretninga og må ut av landet 12. januar. Finst det noko som helst logikk i dette?

Både Bilal og Hawre tilhøyrer dei såkalla MUFarane. Dei har levd med usikkerheit i mange år. Er det ikkje på tide at den raud-grønne regjeringa gjev dei tryggleik og lar dei bli i landet. Vi treng bussjåførar, skreddarar og ikkje minst treng vi solidaritet. I dag hadde eg glede av å vere med på ei markering på Stortorget i Tromsø i protest mot utsendinga av Bilal og Hawre. Kanskje er det eit slag i lufta, men vi må prøve. Eg synst det var spesielt gledeleg at russepresidenten i Tromsø var ein av appellantane.

Det er fleire måter du kan hjelpe på:

For øvrig har Nordlys hatt gode artiklar om saka, mellom anna her og her.

Exit mobile version