Har Senterpartiet gått av hengslene?

Irene Lange Nordahl
Irene Lange Nordahl
Irene Lange Nordahl meiner at meir av fiskeressursane skal privatiserast. Foto: Senterpartiet/Flickr

Ja, eg tenkjer sjølvsagt på Ola “drill, baby, drill” Borten Moe, men eg tenkjer ikkje berre på oljefanatismen som ser ut til å ha smitta det partiet. Det som verkeleg har forundra og irritert meg den siste veka er at arbeidsprogramkomiteen i Senterpartiet har gått inn for å privatisere omtrent siste rest av fiskeressursane våre.

Irene Lange Norddahl lanserte dette framlegget i Nordlys den sjette september. Framlegget går ut på at også den minste flåten (under 11 meter) skal få kjøpe og selje retten til å fiske og slå saman fleire kvoter.

Det dette betyr er to ting. Det første og kanskje viktigaste er at fiskarane vil ta opp nye lån for å skaffe seg fiskerettar. Det igjen betyr at meir av fiskaren sin arbeidsinnsats vil gå til å bygge bankpalass i Oslo, og mindre vil gå til å bygge lokalsamfunna langs kysten.

Det andre er at det er med på å sementere at retten til å fiske er ein privateigd rett, og ikkje ein samfunnsressurs som vi alle har i lag. I det lange løp vil dette føre til at kvotene blir samla på færre og færre hender, på større og større einingar, medan profitten går til folk som Røkke og ikkje til kystsamfunna.

Men, kanskje er det ein samanheng her mellom fiskeriframlegget og oljepolitikken til Sp. Når dei utarmar distrikta sine tradisjonelle inntekter, så må dei jo skape eit alternativ. Alternativet ser ut til å vere ei næring som har potensiale til å øydelegge miljøet vårt.

Vel, vel, kvart sitt val.

Berusa av oljedamp?

oljerigg
Det er betre å spare olja på botn av havet: Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Eg må innrømme at eg har tatt feil. Eg har lenge trudd at Senterpartiet var ein alliert i klima og miljøkampen. Eg har lenge visst at SPs Irene Lange Nordahl var berusa av oljedampen, men at også SPs Ola Borten Moe, oljeminister, har tatt til å sniffe petroleumsprodukt er rett og slett trist.

Det er nesten ingen tvil om at vi står framfor store menneskeskapte klimaendringar — om vi ikkje får redusert utsleppa av klimagassar. Bevisa er så trygge at vi må handle. I Tromsø vil SV satse på buss og gang- og sykkelvegar, for at vi skal gjere vårt. Men det nyttar ikkje så mykje om vi held fram med å pumpe opp oljeressursane våre i aukande tempo. Eg hadde trudd at Senterpartiet var ein alliert i kampen for ein ansvarleg oljepolitikk. Det kan virke som eg har tatt feil. Borten Moe seier til VG:

Han mener det er et «paradoks» at det i den norske samfunnsdebatten er et motsetningsforhold mellom det å være for olje og gass og å være miljøvennlig og foroverlent.

Men, og om vi ser bort frå klima er det mange gode argument for å redusere tempoet i oljeutvinninga i Noreg. Olja og gassen vår blir ikkje verdilaus i framtida. Det er derimot mykje større sjanse for at investeringane våre i internasjonale aksjar og handlegater skal bli mindre verd i framtida. Det er mykje betre å spare til framtidige pensjonar på botn av havet enn på internasjonale børsar (eg har skrive litt om dette tidlegare).

Så veit vi at oljeutvinnga skaper problem for fiskerinæringa. Både forurensing og konflikt om areal kan øydelegge for den største fornybare næringa i Noreg. Skal vi ta sjansen på det i bytte mot italienske lånepapir og aksjar?

SV er mot oljeutvinning i nord, eg håper ikkje Borten Mo og Lange Nordahl får gjennomslag i SP til å gjere det partiet og avhengig av oljedunstar.