Nynorsk – eit frigjeringsprosjekt

Ivar Aasen på Karl Johans gate
Ivar Aasen på Karl Johans gate
Ivar Aasen sitt språk var eit frigjeringsprosjekt, her er han på Karl Johans gate, der dei dansk-norske embetsfolka regjerte. Foto: Carl Størmer, henta frå Nasjonalbiblioteket

Nynorsken oppsto som eit frigjeringsprosjekt. Dei som skapte og bar fram det som var landsmålet og som no er nynorsken har vore nokre av dei viktigaste aktørane for å skape eit norsk språk for alle, ein norsk kultur for andre enn eliten og for å vise fram den intellektuelle kapasiteten som finst utanfor dei store byane. Nynorsken frigjorde oss frå det danske embedsmannspråket og også bokmålet er blitt betre på grunn av det.

Slik var nynorsken. Spørsmålet er om nynorsken framleis er eit frigjeringsprosjekt. Eg er usikker må eg innrømme. For meg er nynorsken frigjerande. Det at eg kan skrive “eg” og “ikkje” i staden for “jeg” og “ikke” er viktig og frigjerande for meg. Eg bytta frå bokmål til nynorsk i tredje klasse på gymnaset. Delvis for å plage norsklæraren min, delvis for at språket sto meg nærmare.

Men, eg er ikkje sikker på at nynorsken blir opplevd som frigjerande for det store fleirtalet av nordmenn.

Eg trur dessverre ikkje det er slik at nynorsken blir oppfatta som eit språk det er enklare å uttrykke tankane sine klårt og fornuftig på enn bokmål. Samstundes er det ikkje noko tvil om at det talemålsnære språket verkar frigjerande, sjå berre på bruken av dialekt i mange settingar, blogg, sms, chat osb.

Det som er utfordringa for oss som trur nynorsken kan verke frigjerande for mange er å få fjerna mange av dei stigma som er knytt til nynorsken. Eg er ikkje sikker på korleis vi skal få det til, men eg er heilt sikker på at måten nynorsken blir undervist i norske skolar per i dag ikkje er vegen å gå.

Derfor helsar eg velkommen debatten som går no. Nynorsken si framtid er ikkje avhengig av karakterar og eksamenar, men av at han nok ein gong blir frigjerande. Det er den viktige debatten vi må ta.  Korleis legg vi opp ei undervisning som gjev ungdom reell moglegheit til å bruke språket for å uttrykke seg? Makter vi det, makter vi og å styrke nynorsken, og viktigare vi gjev fleire eit verkty for å uttrykke seg slik dei vil.