EØS er høgrepolitikk

Jens Stoltenberg
Jens Stoltenberg
Eg trur Stoltenberg vil måtte gje seg på EØS, i alle fall delvis. Foto: Håkan Dahlström

Du har kanskje fått med deg at SV og Sp har sett EØS på agendaen fram mot Stortingsvalet neste år? Det er lurt. Eg meiner at EØS-avtalen er ein husmannsavtale som innfører høgrepolitikk i Noreg. Karin Andersen skriv inderleg godt om saka her, og eg tillet meg å sakse litt:

Vi må sikre at EU ikke kan svekke norske lønns- og arbeidsvilkår, arbeidsmiljøloven, arbeidsretten eller gripe inn i tariffavtaler. Og vi må slå fast at EU ikke kan sette til side ILO-konvensjoner. Hvis vi kunne vært enige om dette hadde mye vært gjort. En slik avklaring må forplikte også når EØS presser oss.

SV mener Norge må si nei til høyrepolitikk uansett om den kommer fra Erna Solberg eller fra Brussel. Det burde alle regjeringspartiene være enige i.

Spesielt når det gjeld arbeidslivsspørsmål må vi no kreve reforhandling av EØS-avtalen. Vi kan ikkje akseptere at EØS-avtalen over tid medfører at arbeidslivet blir tøffare. Så er det mange som snakkar om at Jens Stoltenberg og Ap ikkje er til å rikke i denne saka, og då kan det vere det same kva SV og Sp meiner. Dei viser då ofte til utsegner av denne typen:

Han gjorde det helt klart at det ikke blir noen fortsettelse av det rødgrønne samarbeidet, dersom ikke EØS ligger i bunn. Ap, som det førende regjeringspartiet, vil ikke ta noe initiativ i retning av å få fjernet deler av regelverket som andre i regjeringen misliker. Stoltenberg mener det er en politisk, juridisk og handelsmessig umulighet.

Eg trur det vil vise seg at kommentariatet og Stoltenberg tar feil. Og, eg trur Stoltenberg veit det. Han er nøye på å gje seg sjølv opningar og utgangar når han snakkar. Eit godt døme er i Aftenposten i dag:

Samtidig satte Stoltenberg døren ørlite grann på gløtt for å benytte handlingsrommet innenfor dagens avtale, uten å reforhandle.

– Det vi kan gjøre er å bruke rommet som ligger i reservasjonsretten bedre. Å være imot eller å være kritisk til enkeltdirekiver er ikke det samme som å være imot EØS-avtalen, sier Stoltenberg.

Det er ikkje så veldig lenge sidan det ville vore nærmast utenkjeleg at leiaren i Ap skulle seie noko slikt som dette. Det at Ap no opnar døra på gløtt kjem av at LO, SV og Sp har løfta debatten og fått alierte på venstresida i Ap.

Eg meiner det er uomtvisteleg at EØS er ein dårleg avtale for Noreg, over tid kjem det faktumet til å vinne fram. Då blir det ei reforhandling eller ei oppseiing av EØS-avtalen.

Menneske mot maskin

Eg meiner Stoltenberg framstår maskinelt og mekanisk i asylsaka. Foto: Harry Wad

Det er noko maskinelt og mekanisk over norsk utkastingspolitikk. Når Jens Stoltenberg argumenterer, argumenter han reint mekanisk. Det er nesten som ein robot som står der på talarstolen og ytrar det han er programert til å seie.

Les desse utsagna frå Stoltenberg, sitert i VG:

– Vi vil ha et rettferdig og forutsigbart regelverk. Da kan vi ikke åpne for et system som premierer dem som jukser med sin identitet, og som gir feilaktige opplysninger om hvor de kommer fra. Vi kan heller ikke gi særbehandling i tilfeller der barn skyves foran, sa statsministeren i Stortinget onsdag.(mi utheving)

Sett dette opp mot historia vi kan lese i NRK i dag. Verona er ni år gamal. Ho er fødd i Noreg, og har budd her heile livet. Ho har gått på skole på Rjukan. Foreldra har budd i Noreg i 11 år. I dag kom politiet for å hente dei og tvangssende dei ut av Noreg. Til Bosnia.

Smak på orda til Stoltenberg opp mot denne historia. Høyrest det rettferdig ut? Føreseieleg, å bli sendt ut etter 11 år?  Trur du Verona har juksa med identiteten sin? Er det å skuva barna framfor seg å påpeike at denne jenta er norsk?

Asylpolitikken kan aldri lausrivast frå einskildskjebnar. Det er einskildskjebnar som er sjølve poenget med asylpolitikken.

Eg kjenn ikkje bakgrunnen til familien til Verona, og korfor dei rømte frå Bosnia. Men, eg klarer ikkje å sjå ein einaste grunn til at vi skal sende ungar til eit framandt land. Verona er født her, vaks opp her, gjekk på skole her. Ho er herifrå.

Spesielt ironisk er det at det denne gongen gjeld Bosnia. Bosnia, eit land som kjem til å bli medlem av EU om ikkje alt for mange år. Då vil alle bosniarane fritt kunne slå seg ned i Noreg på lik linje med andre EU-borgarar.

Eg trur historia kjem til å dømme oss hardt for det vi gjer mot dei ungane som blir sendt ut etter lang butid i landet. Eg håper Stoltenberg er villig til å stå for historiens dom – den vil bli hard.

Eg meiner at det må gå ei grense for kor lenge barn kan vere i Noreg og framleis bli sendt ut. Eg er derimot villig til å akseptere at vi set inn ressursar for å få avgjort asylsøknadar raskare. Eg skal vere med å diskutere – fordomsfritt – om det er for mange ankemoglegheiter og for lett å sende omgjeringskrav. Eg er villig til å bruke ressursar på å raskt sende folk ut etter at avgjerda er tatt raskt.

Eg er derimot ikkje villig til å diskutere om det er rett at barn som har budd lenge i riket skal få bli her. Barnets beste må vere avgjerande. I 99 prosent av tilfelle vil det vere best for barnet å få bli i landet om dei har budd her i fleire år.

Eg heiar på menneska, ikkje maskinane

 

 

Likskap for loven?

Det kan sjå ut som om Stolteberg og Ap prøver å overta Frp sine klede medan dei er ute og badar. Foto Harry Wad/

Eg vart opphissa av Dagsrevyen 21 i dag. Det var eit innslag med Jens Stoltenberg som opna valkampen med å skryte av at han vil fjerne likskap for loven og innføre stavnsband i Noreg.

Stoltenberg seier til VG:

– Regjeringen vil blant annet foreslå at asylsøkere som begår kriminalitet i åpne rusmiljøer i de store byene, skal kunne pålegges et bestemt oppholdssted andre steder i landet. Hvis et slikt pålegg ikke etterleves av asylsøkeren, så ligger det i vårt forslag en mulighet for fengsling etter utlendingsloven mens saken er til behandling, sier statsministeren.

Med atterhald i at eg ikkje har lese framlegget, og at eg har ein mistanke om at Stoltenberg gjekk vel langt i denne saka fordi han av ein eller anna grunn trur han skal vinne røyster på framandfiendtlegheit, så oppfattar eg dette som grunnleggande illiberalt. Vi ville aldri funne på ein lov som seier at ein person som har gjort eit brotsverk som ikkje er ille nok til at det kvalifiserer til fengsel likevel skulle kunne forvisast til andre delar av landet og måtte vere der i ein lengre periode med meldeplikt dersom denne loven kunne ramma oss vanlege folk.

No meiner eg Arbeidarpartiet sitt jag etter røystene til Framstegspartiet tar til å gå vel langt. Nokre prinsipp må haldast høgt, eit av dei er likskap for loven. Stavnsband, altså at fattigfolk ikkje kunne flytte frå eit gods, har vi aldri hatt i Noreg. Danmark avskaffa dei siste restane av det i 1800. Det er ganske ille når vi kanskje er i ferd med å innføre ei liknande ordning i Noreg i 2011.

Eg meiner at anten er lovbrotet ille nok til at vi straffar med fengsel, eller så er det ikkje det. Det kan ikkje gjelde ein lov for nokre av oss og ein annan lov for andre av oss.

Det å ta Frp sine veljarar gjennom å bli som Frp er ikkje ein siger – i beste fall ein pyrrhossiger.

 

Men, på den positive sida i dagens nyheitsbilete. Kristin Halvorsen set foten ned og tillet ikkje Høgre å innføre karakterar i sjuande klasse.

 

Oppdatering klokka 1100 01.06.11:

Etter å ha høyrt justisministeren i spørretimen i dag så har opphissinga lagt seg litt. Kanskje Stoltenberg berre tok litt for mykje Möllers tran?

Justisministeren i spørretimen 01.06.11

Finanskrisa – vi treng styring av marknaden

Kristin Halvorsen har saman med resten av regjeringa styrt økonomien på ein god måte. Foto: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Wikipedia, Kristin_Halvorsen_SV_finansminister_20051017.jpg
Kristin Halvorsen har saman med regjeringa styrt økonomien på ein god måte. Foto: Wikipedia

Finanskrisa har vist oss fleire ting. Den viktigaste lærdomen frå krisa så langt er at skal marknaden fungere så må han styrast, til tider med hard hand. Ein frislept marknad er ustabil og vil føre til kriser med jamne mellomrom. Eg er godt nøgd med korleis denne regjeringa har styrt Noreg. Vi har brukt litt mindre pengar i oppgangstider slik at det er rom for å satse i nedgangstider. Kudos til Kristin, Jens og dei andre i regjeringsapparatet, og veljarane er samde, skriv Dagbladet og VG

Eg har tidlegare skrive litt om finanskrisa her

Eg er svært spent på den krisepakka som Regjeringa har sagt skal komme i månadsskiftet januar/februar. Denne pakka kan bli avgjerade både for korleis krisa blir i Noreg, og korleis det kjem tilå gå ved valet til hausten. Mulegheita i denne krisa er at vi kan satse stort på å legge om til miljøvenleg teknologi og på å oppgradere offentlege bygnader og infrastruktur. Det vil skape ringverknader i økonomien og gje oss eit betre samfunn på sikt.

Først vil vi understreke at ei pakke ikkje må vere ei lånepakke, eller ei pakke som set store krav til eigendel frå kommunane. Dette vil gjere det vanskeleg for mange å benytte pakka. Kommunane har i stor grad allereie for stor gjeld, og gjeld vil på eit eller anna tidspunkt slå inn på driftsbudsjettet anten det er rente eller avdragsfritt i ein periode.

Overordna meiner eg at det er viktig å benytte krisa til å satse på miljøløysningar. Spesielt innan energi, men og når det gjeld trafikk. Ei pakke bør legge opp til ei satsing på enøk, nye energiformer – spesielt vind og bioenergi samt gang-sykkelvegar og busstrasear. Dette vil vere med på å vise ei retning som SV (men og AP og SP bør vere interessert i dette?) kan stå på.

Eg ønsker meg og ei satsing på kultur, både bygg, kulturminne og drift. Det gjev arbeidsplassar direkte og indirekte. Eg vil likevel understreke at pengar som evt. er tenkt til kommunal drift må vere varige og utanfor ramma av dei vanlege kommuneoppgjera. Viss ikkje vil det bli ei avveging mellom eldreomsorg, skole og alle andre gode tiltak.

Utover dette er eg opptatt av vedlikehald og nybygging av skolar og ei satsing på fylkesvegar og øvrige riksvegar. Skolebygningar treng vi ikkje utbrodere, men når det gjeld vegar er det standardheving, rassikring og framkommelegheit som er det viktigaste. Eg vil heller ikkje unnlate å nemne jernbane frå Narvik til Tromsø som eit viktig prosjekt, sjølv om prosjektet ikkje er spadeklart.

Dette er mi ønskeliste. Krisa er ei mulegheit til å flytte forbruk frå den private økonomien til den offentlege. Det vil gje eit betre samfunn for alle. Skolar må ha same kvalitet som private hus. Det har ikkje alle i dag.