Hadde han ikkje ein kokk?

Kristin Halvorsen og mange med ho meiner det er rett og rimeleg at også dei rikaste skal betale litt skatt. Foto: Harry Wad

Eg har ikkje sjekka, men eg antar dei fleste skriv om Stein Rik Hagen for tida. Det er kanskje ikkje så rart for utflyttinga har sett på spissen ein del heilt sentrale politiske spørsmål. Eg synst kanskje Jens Ulltveit-Moe (av alle!) sa det best til TV2:

«– Hagen føler formodentlig at hans formue er noe som er hans, som skal gå videre til barna i størst mulig skala. Kristin Halvorsen føler at han forvalter en del av nasjonalformuen en stund, og derfor har samfunnet krav på den, sier Jens Ulltveit-Moe. – Jeg er i grunnen mye nærmere Kristin Halvorsens syn på dette. Derfor vil ikke jeg flytte ut, slår han fast.»

OG dette er det heilt sentrale poenget. Eg unnslår ikkje at Hagen har gjort ein god og kanskje naudsynt jobb med å bygge opp butikkar og næringsliv i Noreg. Han har likevel ikkje gjort dette åleina. Var det ikkje Berthold Brecht som spurte om Napoleon og bedriftane hans, «Hadde han ikkje ein gong ein kokk?» Og jo, det hadde han, akkurat slik mange tusen har vore med å bygd opp formuen til Hagen-familien. Då kan det ikkje vere galt å be om eit lite bidrag tilbake til alle desse tusen gjennom ein formueskatt på 1,1 prosent?

Eg synst det er trist med eit så svakt nasjonalt sinnelag hos mannen, og ganske utruleg at fyren stod i Vålerenga kyrkje for ei tid sida og preika mot grådigheitskulturen (takk til Ordfranord for den påminninga).

Exit mobile version