Vi må starte bygginga av Tromsbanen no

Eit av dei aller vanlegaste argumenta mot bygging av jernbane nordover er at det er for dyrt. Det er vanskeleg å sjå at det er eit gyldig argument.

For det første. Om berre 0,1 prosent av avkastninga på oljefondet vart brukt til Nord-Noregbanen ville den vore finansiert på under 10 år. Og, grensa på å ikkje bruke meir enn 3% av fondet ville ikkje blitt kryssa. I staden for å bygge landet med infrastruktur som skal vare i hundreår, ser man at verdiar i aksjar og obligasjonar nærmest går opp i røyk.

For det andre, det er ikkje slik at vi får mindre til veg om vi får jernbane. Det er ein myte at det er ein motsetnad mellom pengar til fylkesvegane i Nord-Noreg og pengar til jernbane. Ingen andre stader i landet ser vi ein slik motsetnad. Og det er heller ikkje slik at vi i nord får meir pengar til veg enn andre fordi vi ikkje har jernbane. Sanninga er nok heller at vi får mindre til både veg og bane.

Ein jernbane i nord må byggast for å binde landet saman. For å sikre beredskapen, og ikkje minst for å binde saman regionen. Ein moderne bane vil føre til at store delar av Troms vil vere innafor dagpendlaravstand. Det betyr eit større jobbtilbod, eit større kulturtilbod og eit betre liv for mange av oss.

Siden 1870-talet har ein jernbane opp til det nordlegaste Noreg vært vurdert. I 1923 bestemte Stortinget at det skulle byggast jernbane frå Setermoen til Storsteinnes. Nittiåtte år seinere ga Stortinget regjeringa marsjordre: Nord-Norgebanen skal byggast. Dessverre ser det ut til at regjeringa sleper føtene etter seg når dette oppdraget skal gjennomførast. Dei har råd til eit nytt regjeringskvartal i Oslo til 50 milliardar, men ein infrastruktur som bind saman landet er visst framleis for dyrt.

I dag hadde Stortinget moglegheit til å ta eit nytt stort steg for å få bygd jernbane nordover, men dessverre tyder alt på at det ikkje blir fleirtal for dette forslaget frå SV, Sp og Frp:

«Stortinget ber regjeringen, som en oppfølging av vedtak nr. 813 (2020–2021) og for å raskest mulig styrke militær beredskap i nord, prioritere planleggingen av jernbanetraseen mellom Narvik og Bardufoss, og melde tilbake til Stortinget på egnet vis.»

SV har programfesta bygging av Nord-Noregbanen fordi vi vil bygge opp infrastrukturen som bind landet saman.

Bygg Nord-Noregbanen!

Tog i snø. copyright: Krzysztof D/https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385

Den 28. januar er det høyring i Stortinget på forslaget frå Torgeir Knag Fylkesnes og Per Willy Amundsen som ber regjeringa om å starte bygginga av Nord-Noregbanen. Dette kan bli eit svært viktig forslag for saka. Dersom Ap og Sp støttar forslaget, og eg reknar med at MdG og Raudt gjer det er vi svært nær eit fleirtal i Stortinget for Nord-Noregbanen.

Det vil i så fall mangle berre tre stemmer på Stortinget. Då blir spørsmålet. Vil Høgres Kent Gudmundsen frå Troms stemme mot forslaget? Kva med Høgre sine andre representantar frå Nord-Noreg. Det er mogleg å få til eit forpliktande vedtak om Nord-Noregbanen denne gongen, om regjeringspartia sine representantar i nord tør representere den landsdelen dei er valt frå.

Men også Arbeidarpartiet og Senterpartiet må då vise at dei er for nord – ikkje berre i ord, men også i handling. Eg må innrømme at eg er spent.

Det er svært mange gode argument for å bygge ein bane frå Fauske til Tromsø, med ein arm til Harstad og klårgjort for vidare bygging nordover og austover. Vidare må dette sjølvsagt koplast med ei oppgradering av Nordlandsbanen.

For meg er dei viktigaste argumenta:

  • Det vil flytte mykje godstrafikk vekk frå vegane våre
  • Det vil skape heilt nye bu og arbeidsmarknadsregionar. Med ei reisetid på 45 minutt frå Tromsø til Narvik vil det bli heilt nye moglegheiter for samhandling, pendling og utvikling av regionen.
  • Det er stort potensiale for passasjertrafikk. Berre mellom Bodø og Tromsø reiser det 250 000 menneske med fly kvart år. Dersom toget tar litt meir enn to timar på denne traseen kan vi forvente at 75% av desse heller tar tog. Potensialet for passasjertrafikk på denne banen er sterkt underkommunisert.
  • Krav til klimahandling blir berre sterkare og sterkare. Eit Nord-Noreg utan alternativ til fly vil tape i framtida.
  • Ein moderne bane, bygd for fart rundt 300 km/t, slik det er i store delar av resten av Europa vil gje fantastiske moglegheiter for landsdelen vår.

Eg håper alle ny benyttar sjansen til å bli med på turen.

Foto: Krzysztof D. /https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385

Jernbane er eit nasjonalt prosjekt

Jernbane til Tromsø har vore ei av dei viktigaste sakene for meg så lenge eg kan huske. Som unge sat eg på rommet mitt og teikna trasear i ein gamal atlas til Tromsø, Kirkenes og ja til Lofoten. Det er fantastisk gledeleg å sjå den støtta prosjektet har frå folk og politikarar i Tromsø og resten av landsdelen.

Kjem toget snart?

Lokalpolitikarane køyrer facebookannonsar med støtte til prosjektet. Det er heilt vidunderleg gledeleg. Det gjev tru på at jernbanen kan bli noko av. Samstundes er det viktig å minnest at dei fleste av desse politikarane har ein stor jobb å gjere i eigne parti for å få gjennomslag. Enno har vi ikkje sett same entusiasmen frå leiande folk på Storting og i regjering. Så vidt eg veit er det berre SV som har programfesta bygging av jernbane til Tromsø og til Kirkenes (frå Rovaniemi). MdG er dei som kjem nærmast. Dei har programfesta ei konskvensutgreiing av jernbane til Tromsø. (Her gjorde eg ein feil. Eg er blitt gjort klar over at Raudt og har jernbane i programmet – beklager)

I SV heiar vi på alle som jobbar for Nord-Noregbanen, og eg håper verkeleg at alle dei som roper høgt haleluja no vil stå på i eigne parti. Der må kampen vinnast om vi skal få realisert prosjektet.

For ein nordnoregbane er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje ein politikk for Nord-Noreg. Det er eit nasjonalt prosjekt for binde landet saman og for å utvikle landet. Ein ny jernbane vil gje lettare tilgang til internasjonale marknadar for nordnorske bedriftar.

Men det vil og utvikle landsdelen. Ei reisetid på halvanna time frå Tromsø til Narvik og 3,5 tima Tromsø til Bodø vil skape ein heilt ny region og nye lokale marknader, bu- og arbeidsregionar. Det vil binde oss saman. Til samanlikning tar det 3,5 tima å køyre til Narvik og over åtte timar til Bodø. Ein jernbane vil gjere Bodø, Narvik, Harstad og Tromsø større, men vil og gje alle stadane rundt byane ein større arbeidsmarknad og legge grunnlaget for ny vekst.

For SV er nordnoregbanen eit nasjonalt prosjekt, for å styrke Nord-Noreg og heile landet.

Tromsø lufthavn Bardufoss?

800px-langnes
Kan dette området brukast til noko anna enn flyplass i framtida? Foto: Kjetil Ree/Wikipedia

Det har blitt ein debatt dei siste dagane om utbygging og vidareutvikling av flyplassen i Tromsø. (Bladet Tromsø og Nordlys) La meg komme med eit lite bidrag i debatten, som kanskje er ein god ide, kanskje er heilt på trynet.

Når toget kjem til Tromsø, vil Bardufoss vere berre ein halvtime unna (sjå Didrik Seip si side for detaljar). Kanskje vi då skal diskutere å legge ned flyplassen i Tromsø og heller samle all trafikken på Bardufoss. Det er fleire grunar til å gjere noko slikt:

  • Vi skaper eit betydeleg inntektspotensial for Tromsbanen og gjer det meir sannsynleg at den kjem
  • Vi samlar trafikken på dei to flyplassane og gjer det meir sannsynleg med gode samband til utlandet og auka frekvens til andre stader enn Gardermoen innanlands. Flyplassen vil og trekke til seg litt av trafikken over Evenes i dag. I dag har Tromsø 1,6 millionar passasjerar og Bardufoss nesten 200 000.
  • Vi frigjer eit stort areal på Tromsøya som anten kan bli næringsareal eller bustader
  • Vi gjev Midt-Troms betre flyforbindelse og potensiale for vekst i folketal og næringsliv

Men, det finst og gode argument mot å gjere noko slikt:

  • Reisetida frå Tromsø og sørover aukar med tjue minutt (30 min til Bardufoss, minus ti minutt kortare flytid). Det er kanskje eit problem for næringslivet som har eit konkurransefortrinn i ein bynær flyplass.
  • Reisetida nordover og austover til Finnmark blir betydeleg lenger enn i dag. Opp i 40 minutt til Alta, Hammerfest og Sørkjosen.
  • Sørkjosen vil nok få problem med å overleve.
  • Dersom Evenes taper mange passasjerar frå innlandet og Narvik kan det skape problem for den flyplassen.
  • Det tar tid før jernbanen er på plass og kanskje må det uansett gjerast noko med flyplassen i tromsø før den tid.

Eg er ikkje sikker på kva som er det rette, men før vi brukar store pengar på å utvide flyplassen i Tromsø kan det i alle fall vere spennande og lufte andre tankar.

Kommenter gjerne med dine meiningar.