Dei ti beste bøkene om sverd, magi og politiske intrigar.

Eg havnar av og til i diskusjonar om kva som er dei beste bøkene i sjangeren fantasy og science fiction. Desse diskusjonane har dukka opp oftare i etterkant av filmane om «Ringdrotten» (Lord of the Rings) og «Game of Thrones». Eg tenkte derfor eg skulle dele med dokker den definitive lista over dei beste bøkene i desse sjangarane.

Førsteplassen kan det sjølvsagt vere diskusjonar om. Det finst gode argument for å plassere anten «Ringdrotten», «Norske folkeeventyr» eller Grim brødrane si eventyrsamling «Kinder- und Hausmärchen». For meg er det likevel ingen tvil, det beste du kan lese i sjangeren er «The Baroque Cycle». Du vil og legge merke til at eventyrsamlingane ikkje er på lista. Sjølv om dei er spanande og gode fell dei litt utanfor sjangeren, trass alt.

Ok, så er her den, den autorative lista over dei ti beste verka innafor sjangeren fantasy/science fiction.

1. «The Baroque Cycle» av Neal Stephenson er noko av det mest spennande og nyskapande innafor sjangeren. Bøkene er ei blanding av historiske noveller og science fiction. Bør lesast blant anna på grunn av feiden mellom Newton og Leibniz for ikkje å snakke om kryptologien. Gull som ballast er heller ikkje ille.

2. «Ringdrotten/Lord of the Rings» av Tolkien er det ikkje mogleg å komme utanom på denne lista, sjølv om eg eigentleg prøvde. Det skulle ikkje vere naudsynt å skildre denne boka. Les ho, og gjerne på nynorsk. Det gjev ein tilleggsverdi.

3. «Salamanderkrigen» av Karel Čapeker ei bok om skilnader. Boka handlar om motsetnadane mellom menneska og ein rase intelligente salamandarar og kan lesast som ein profeti om katastrofen som den andre verdskrigen er.

4. «The blade itself av Joe Abercrombie er ein del av «The first law trilogy». Eg lar denne boka stå for alle bøkene i og rundt trilogien. Det er ei korrupt og øydelagt verd med korrupte og øydelagte folk både fysisk og psykisk som Logan Ninefingers og toturisten Glotka.

5. Tid for litt tradisjonell science fiction, om ein kan seie det om «Red Mars» og resten av Mars-trilogien av Kim Stanly Robinson. Bøkene handlar om terraforminga av mars, men vel så mykje om korleis ein kooperativ økonomi kan fungere og om fridom.

6. Like lite som det er mogleg å kome utanom Tolkien på ei liste som dette, er det mogleg å unngå Isaac Asimov. Kva bok ein skal velje av Asimov er ikkje enkelt. Han kunne eigentleg fylt denne lista på eiga hand. Men, vi får la det vere «I, Robot», sjølv om «Foundation» nok hadde vore eit like riktig val. Robotbøkene hans har lagt grunnlaget for mykje anna Sci/fi og han er skaparen av dei tre robotlovane. Eg vil og gjerne nemne ei av dei beste novellene nokon sinne, «The Last Question» Les ho!

7. Meir sci/fi, og det må nesten bli «The Reality Dysfunction» av Peter F. Hamilton. Boka er ein del av Night’s Dawn Trilogy og handlar om ei framtid der mennesket har delt seg i to artar, Adamistar og Edenistar og dei har møtte andre intelligente rasar. Det er religion, økonomi og metafysikk.

8. No tar det til å bli trangt på lista, det er så mange som skulle vore med, men det må nesten bli «Enders Game» av Orson Scott Card på åttandeplassen. Dette er sjølve boka om kampen mellom menneska og aliens, men først og fremst handlar det om vala menneska gjer når ein ikkje kan vinne.

9. Denne lista ville ikkje vore komplett utan «Brave New World» av Aldous Huxley. Denne boka er sjølve dystopien om kor galt det kan gå med menneska i ei teknologisk verd.

10. Dette vart vanskelegare enn eg hadde trudd. Det er mange som kjempar om denne tiandeplassen. «Harry Potter» kunne fått plass, det kunne og «Ship of Magic» av Robin Hobb. Eg hadde ikkje gjort meg bort om bøkene om Thomas Covenant the Unbeliever av Stephen R. Donaldson hadde fått denne plassen. Eg trur heller ikkje så mange hadde protestert om ei av bøkene til Raymond E. Feist om Midkemia og the Rift War hadde fått plass på denne lista. Kanskje vil mange og putta ei av bøkene i «The Song of Ice and Fire» på lista, og eg er samd i at Arya Stark fortener ein plass. Naomi Novik sin bøker om dragen Temeraire høyrer ikkje heime på denne lista målt i litterær kvalitet. Men dei er underhaldande og ideen er god. Settingen er napoleonskrigane, men med dragar som fungerer som luftvåpen. Den første boka er «His Majestys Dragon».

Likevel, på tiande og siste plass kjem nok likevel «Neuromancer» av William Gibson. Det er ikkje den første cyberpunkboka, men vi må vel likevel rekna Neuromancer som boka som grunnla sjangeren.

Så, kva synst du? Nokon som er avgløymt? Nokon som ikkje skulle vore på lista?

Exit mobile version