Kva fortel EXPO 2010 om Kina?

Den kinesiske paviljongen på Expo 2010

Den kinesiske paviljongen på Expo 2010
Kva fortel verdsutstillinga oss om kva land Kina ønskjer å vere. Dette biletet viser den kinesiske paviljongen. Foto: Bert van Dijk/http://www.flickr.com/photos/zilpho/

EXPO 2010 i Shanghai er ei enormt opplegg. Verdsutstillinga har kosta 45 milliardar dollar berre for den delen som handla om infrastruktur i Shanghai og å gjere byen vakrare. Eg meiner det er interessant å sjå korleis Kina vel å eksponere seg sjølv på denne utstillinga. Kina reknar med at utstillinga kjem til å ha over 100 millionar besøkande – mange frå utlandet – men dei aller fleste er innanlandske turistar i Kina.

Hovudtemaet for den kinesiske paviljongen er flukta frå landsbygda og korleis byen og industrien er grunnlaget for deg gode livet. Dette gjenspeglar seg i mottoet for utstillinga som er ”Better cities – Better life”. Paviljongen er eit syn i seg sjølv. Den er over 60 meter høg og er delvis inspirert av eit gamalt kinesisk rismål. Men kva er det då som finst inni denne paviljongen – kva vil Kina at vi skal ta med oss heim.

Eg hadde dessverre ikkje tid til å utforske heile paviljongen grundig, men eg fekk med meg dei viktigaste utstillingane. Det var særleg to tablå eg oppfatta som viktige. Det eine var ein animasjon av eit av dei mest kjente kinesiske måleri nokon sinne. Det originale måleriet er over 128 meter langt og viser  den kinesiske landsbygda og den kinesiske byen for 2000 år sidan (Wikimedia Commons har biletet her, fila er stor over 12 Mb). Dei vil seie oss noko om at byen har ei lang historie i Kina og ayt det er byen som er grunnlaget for sivilisasjonen. Eg trur det er meininga at eg skal tenke at byen er sivilisasjon, og at sivilisasjon det er Kina.

Eit utsnitt av måleriet "Langs elva"
Eit utsnitt av måleriet "Langs elva under Qingming festivalen" Utsnittet er henta frå Wikipedia

Det andre viktige tablået er hovudfilmen på paviljongen. Filmen handlar om ein ung, sterk, vakker og staut mann som heilt konkret spring frå landsbygda til byen saman med ei ung, sterk, vakker og staut jente. Saman bygg dei industri og infrastruktur – skaffar seg ting og pengar – får eit barn og barnet veks opp til ein vakker, sterk, staut, solidarisk og miljøopptatt ung mann. Og, nettopp dette med miljøopptatt oppfatta eg som sjølve punchline for filmen. Slik eg oppfatta bodskapen frå filmen var det. No har vi bygd industrien, vi har bygd vegar, toglinjer. Vi er blitt eller er i ferd med å bli rike, men dersom vi ikkje no tar til å tenke på miljøet rundt oss kan vi ikkje skape oss det gode liv. For det gode liv – i harmoni – slik det framstår for dei besøkande på paviljongen til Kina på verdsutstillinga i 2010 er eit liv i ein stor by som er grøn, med klår luft og i harmoni ikkje berre med partiet, kvarandre og staten, men og med miljøet rundt oss. Eg har ikkje klart å finne filmen på nettet. Legg gjerne igjen ei lenke i kommentarfeltet om du kjenn til ein plass den finst.

Denne bodskapen verkar det som er oppfatta av dei som driv byane i Kina. Eg har hatt møte med styresmaktene både i Shanghai og Ningbo (ein liten by med 10 millionar innbyggarar tre timar utanfor Shanghai) og begge plassane var det ikkje nokon tvil om at dei var genuint interessert i miljø og at dette var ein integrert del av korleis dei planla framtida for byane sine. Dei var opptatt av energi, energieffektivitet og bruk av kunnskap for å nå miljømåla sine.

Det er ingen tvil om at Kina er eit schizofrent land på mange måtar, og vil måtte vere det i mange år framover. Det vil bli bygd enormt med kolkraftverk og vegar framover for å sørgje for vekst i økonomien, men det er heller ingen tvil om at Kina vil kome til å legge stor vekt på miljø framover. Dei første off-shore vindmøllane er bygd, og fornybar energi i form av geovarme og vind vil bli stort i Kina framover.

Eg sit igjen med ei positiv og håpefull kjensle for miljøet på bakgrunn av det eg har sett i Kina. Kva trur du, er kjensla mi feil?

Lyntog til Kina

Kinesisk lyntog

Kinesisk lyntog
Kanskje kan vi om ikkje alt for lenge ta eit tog som dette frå London til Beijing? Foto: occam/ http://www.flickr.com/people/ockam/

Om ti år kan du kanskje sette deg på toget i London og i løpet av to dagar vere framme i Beijing. Utanfor vindauga har du sett stepper, gamløe byar og kulturar fyke forbi i 320 kilometer i timen. Berre ein draum? Ikkje om vi skal tru på raportane i EUObserver. I følgje dei finst det no konkrete kinesiske planar om å bygge lyntog mellom Kina og Europa.  Dei skriv:

China is exploring the possibility of extending its high-speed train network as far as Europe, potentially cutting rail travel time between London and Beijing to as little as two days. Officials hope to see the project completed over the next ten years, enabling passengers to travel the roughly 8,000 kilometre journey at speeds of up to 320 kilometres per hour.

Planane er meir enn luftige visjonar kan det verke som:

Wang Mengshu, a member of the Chinese Academy of Engineering and a senior consultant on China’s domestic high-speed railways said this month that work on the Southeast Asia line had already begun. «We have also already carried out the prospecting and survey work for the European network, and central and eastern European countries are keen for us to start,» Mr Wang said.

Men kanskje blir det berre vanlege tog og ikkje lyntog:

Chinese officials in Brussels were more cautious however. «I understand we want to improve our rail networks, potentially as far as Europe, but whether they will be high speed or not is yet to be determined,» said one source.

No må eg innrømme at eg er litt skeptisk og gjerne vil sjå utfallet av desse planane. Det vil vere nokre utfordringar med å få alle til å samarbeide. Gratis blir det heller ikkje. Men kinesarane er ikkje dei einaste som tenkjer på å bygge internasjonale togsamband for tida. Også finnane ser behovet for tog, spesielt med tanke på den store veksten i bergverksnæringa i Nord-Finland. Det er tale om å opne ei stor gruve i året framover, då trengst tilgang til hamner og transportårer ikkje berre mineralårer. Frå fisnk side er det laga eit prosjekt for jernbane frå Nord-Finland til Kirkenes. Eg fekk med meg desse planane på Kirkeneskonferansen i år, og du kan lese meir om dei hos BarentsObserver:

Timo Lohi from the Regional Council of Northern Lapland presented the study in Kirkenes and according to him the need for an Arctic Railway will be more and more apparent in the years to come. There are several mining projects in northern Finland which are about to be realized. In addition there is the extensive wood industry of northern Finland.

− This will be EU’s most important link to the north, and will be the Arctic corridor between the Baltic Sea and the deep water harbors of the Arctic Sea, says Lohi.
The port of Kirkenes is chosen because of the work which has already been done to establish a deep sea harbor. It is also the western end point of the Northern Sea Routh, and thus an important center for sea traffic in the Arctic.

Kanskje på tide å gå frå luftige visjonar til konkrete planar i Noreg og?

Kva trur du, blir dette realisert?

Ei verd utan grenser dominert av Kina?

Eg hadde lyst til å dele denne videoen. Den er interessant, sjølv om eg synst analysen er litt lett av og til. Eg har mellom anna lite tru på tala hans om innvandringa av kinesarar til Sibir og Det fjerne austen. Frå tida mi i Vladivostok huskar eg godt at russarane var redde for at det fanst ein hemmeleg plan i det kinesiske kommunistpartiet om å overta Sibir og det Fjerne Austen. Det trur eg ikkje noko på, sjølv om frykta ikkje er vanskeleg å skjønne. På eine sida av grensa er det 10 millionar russarar, på den andre sida 100 millionar kinesarar.

Det er likevel verd å merke seg, som «Russia Blog» gjer her, at det er mykje meir lukrativt for ein kinesar å flytte til den kinesiske kysten enn til Sibir:

For now, official Chinese migration to Siberia and the Far East regions is small, though these figures are probably dwarfed by the number of illegal migrants crossing the completely open border. Even so, most young Chinese probably see far more opportunities in China’s booming coastal cities than in Far Eastern Russia, where business still mostly involves trading Russian raw materials for Chinese manufactured goods.

Vel, i alle fall her er videoen frå TED:

Kva trur du om det som kjem fram i videoen, kommenter her?

Originalen finn du på TED.com

Kina er ein miljøversting?

Det er vel ingen tvil om at den enorme veksten i Kina og India er med på å gjere klimaendringane større og verre. Vi har alle høyrt at Kina opnar ein ny kollfyrt kraftstasjon kvar veke.

Det kanskje ikkje alle har fått med seg er at Kina nytta 12 milliardar dollar i fjor på fornybar kraft – berre Tyskland nyttar meir i følgje New Scientist 9. august 2008. Same bladet melder at Kina no er den femte største produsenten av vindkraft i verda og at dei no stenger ned alle små og gamle kollkraftverk fordi dei forureinar for mykje. Kina legg opp til å kunne reinse CO2’en frå nye og moderne kraftverk.

Det er håp i hengande snøre.