I dag kjem statsbudsjettet. Det vil vise at vi heller ikkje i år bruker nok på klimatiltak, sjølv om det skal seiast at denne regjeringa har løyva mykje pengar til ulike miljøtiltak.
I 2010 eksporterte Noreg 77 954 000 tonn råolje, det tilsvarer omtrent 245 millionar tonn CO2. Ei CO2-kvote i EU-marknaden har hatt ein pris i hovudsak mellom 12 og 30 euro for tonnet. Det betyr at CO2-kostnaden med den norske oljeeksporten er mellom tre milliardar euro og 7,3 milliardar euro. Det tilsvarar med dagens kurs mellom 22 og 54 milliardar norske kroner.
I 2010 var den norske staten si overføring til oljefondet på 181 milliardar kroner. Det betyr at berre for olja sin del (eg har ikkje tatt med gass, kondensat og NGL) burde vi bruke mellom 12 og 30 prosent av oljefondet på klimatiltak om vi skulle vere i nærleiken av å gjere godt igjen dei problema vi påfører klimaet.
I ein slik samanheng blir kostnadene med å få på plass CO2-reinsing og lagring småpengar, skal vi ha reint samvett for olja, burde vi bruke langt meir kvart år på å finne måtar å avbøte utsleppa av klimagassar.
Gjer vi det?