NHO gjev kvart år ut ei rangering av norske kommunar. Denne rangeringa kallar dei eit kommune NM. Tromsø kommune kjem på ein god 26. i konkurransen. Men, det er kanskje verd å spørre om kva idrettsgreiner er det dei konkurrerer om i denne norgesmeisterskapen.
NHO si rangering baserer seg på fem hovudkomponentar; næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Det er verd å merke seg at dette NM-et er det ikkje ein einaste øvelse som handlar om kvalitet på skole, helse eller eldreomsorg. Det er og verd å merke seg at ein viktig del av den komponenten som heiter kommuneøkonomi er kor mykje ein kommune har privatisert. I rapporten står det:
«Austevoll rangeres høyest først og fremst på grunn av at kommunen har størst andel kjøp av private tjenester.»
Eg er glad Tromsø ikkje er i toppen av denne indikatoren.
Det eg verkeleg ikkje skjønner er at NHO og ein sterk indignert kommentator i Nordlys, Skjalg Fjellheim klarer å bruke denne rangeringa som eit sterkt argument for kommunesamanslåingar. Det finst sjølvsagt gode argument for å slå saman kommunar, men
- det blir ikkje ei anna befolkningssamansetning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
- det blir ikkje fleire med høgare utdanning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
- Derimot kan det bli enklare å privatisere velferdstenester dersom dei blir sentralisert i ein ny storkommune, og det siste er kanskje hovudgrunnen til at NHO (og Fjellheim?) er for kommunesamanslåing.
Det er og verd å merke seg at på dei aller fleste indikatorane så blir skilnadane mellom kommunane mindre. Det viser denne tabellen frå rapporten. Tal over ein betyr at skilnadene har auka, tal under ein betyr at skilnadene har gått ned.
Hovudinntrykket er at det har blitt større skilnader mellom kommunar som privatiserer og større skilnad i befolkningsvekst. Utover dette er det stabilt, med ein hovudvekt på minskande skilnader mellom kommunane.
Så er eg sjølvsagt samd med Skjalg Fjellheim som skriv i sin kommentar:
«Nord-Norge trenger altså ordførere som jobber like hardt for å skape varige, private arbeidsplasser som for å beholde tre eller åtte offentlige arbeidsplasser i kommunesenteret.»
Men eg kan ikkje skjønne at dette blir enklare av at det blir færre ordførarar.