Categories
Kommunepolitikk Økonomi

Positiv rekneskap for Tromsø kommune

I dag har Tromsø kommune lagt fram rekneskapen for 2020. Det viser eit overskott (netto driftsresultat) på 113 millionar. Det er 269 millionar betre enn i 2019. Det betyr at vi klarer å dekke tidlegare års underskott og kan sette av sju millionar på disposisjonsfondet.

Her kan du sjå presentasjonen frå kommunedirektøren.

Det aller viktigaste talet er likevel dette. Sjølve drifta i Tromsø kommune er 72 millionar betre enn i 2019. Dette kjem av steinhardt arbeid frå alle tilsette i kommunen. Det er jobba veldig godt i pleie og omsorg, i skole og barnehage og i administrasjonen. Utan innsatsen frå dei tilsette i kommunen ville ikkje dette vore mogleg.

Dette betyr ikkje at Tromsø kommune er på den grønne grein. Det er framleis store utfordringar i kommunen. Vi må klare store investeringar i omsorgsbustader og skole i åra framover. Det blir ikkje enkelt. Men dette resultatet viser at kommunen er på rett veg, sjølv om det framleis er mange store oppoverbakkar. Dei oppoverbakkane må vi gå saman – heile tromsøsamfunnet.

Denne grafen viser at det går mykje opp og ned med resultatet frå kommunen.

Det er problematisk i seg sjølv. Det er ein fare for at vi overreagerer både på overskott og underskott. Det er lett å avblåse ei krise og bruke for mykje pengar etter eit overskott, men det er nesten eit større problem at vi overreagerer på underskott og gjer større kutt enn det som er naudsynt.

Det er viktig å huske på at mykje av overskottet i 2020 var eingongsinntekter. I 2020 hadde vi 44 millionar mindre i pensjonskostnader enn budsjettert. Det er summar som kommunestyret har liten innflytelse på. Det heng saman med utviklinga i kapitalmarknadane og alderssamansettinga av arbeidsstokken. I tillegg hadde vi betalt for mykje i avdrag tidlegare år som vi kunne rekneskapsføre inn i år. Desse 90 millionane kan vi ikkje rekne inn til neste år.

Det som er viktig er at sjølve drifta er 72 millionar betre enn i 2019. Men det er ikkje nok. Denne driftsforbetringa åleine ville ikkje gjeve oss overskott i 2020 og sannsynlegvis heller ikkje i år. Det betyr at vi framleis må forbetre drifta om vi skal få ei langsiktig sunn økonomi. Det vil framleis bli tøffe tak i Tromsø kommune, men vi har hovudet over vatnet og vi kan ta til å svømme mot fast grunn.

Categories
Kommunepolitikk

Sykkelrittet Arctic Race til Tromsø igjen. Er det for dyrt?

Vi er i ein vanskeleg situasjon i Tromsø. Coronaen har gjeve serverings- og hotellbransjen store utfordringar. Mange er blitt utan arbeid eller permittert. I ein slik situasjon må vi frå kommunen gjere det vi kan for å bidra til å skape liv og røre og etterspørsel på både hotell og i utelivet.

Det handlar om arbeid og inntekt for mange i Tromsø. Den viktige vintersesongen ser ut til å gje lite arbeid og inntekt i år. Eit eller fleire større arrangement i Tromsø i sommar vil kunne skape viktige arbeidsplassar i Tromsø. Derfor valte SV – under sterk tvil å stemme for støtte til Arctic Race.

Så er det sjølvsagt svært mange argument mot å bruke pengar på eit slikt arrangement. Dei fleste argumenta handlar om at kommunen har svært god bruk for desse 2,7 millionane til den vanlege drifta. I skolane, og heimetenesta og på sjukeheimane. Det er ei vanskeleg avveging å på den ein sida skulle prioritere dei grunnleggande kommunale tenestene på den eine sida og det å skape arbeidsplassar, inntekter og skatteinntekter på den andre sida.

Vi konkluderte med at det i den situasjonen vi er no er rett at vi skal få eit stort arrangement som Arctic Race til Tromsø, sjølv om det er risiko på grunn av corona for at arrangement ikkje blir noko av.

Det var svært viktig for oss så å sikre at utgiftene ikkje vart større. Den kontrakten vi fekk lagt fram til formannskapet hadde ingen avgrensing av det kommunale ansvaret. Vi la derfor fram forslag som sikra at utgiftene ikkje under noko omstende kan bli høgare for kommunen enn 2,7  millionar. Vi forsikra oss og om at det blir tatt atterhald slik at kommunestyret kan gjere ei reell vurdering av denne saka når den kjem til kommunestyret.

Det er på ingen måte sikkert kva som var den rette å gjere i denne situasjonen. Vi valde som vi gjorde for å bidra til arbeid og inntekt i Tromsø.

Les sakspapira her.

Foto: Frå Arctic Race i 2013. Fotograf Øivind Arvola. Lisens: CC BY-NC 2.0,
Bildet finst her.

[jetpack_subscription_form show_only_email_and_button=»true» custom_background_button_color=»undefined» custom_text_button_color=»undefined» submit_button_text=»Abonner gratis på denne bloggen» submit_button_classes=»undefined» show_subscribers_total=»false» ]

Categories
Kommunepolitikk Skole

Skolestreik i Tromsø

I går var eg på skolestreiken i Tromsø Det var ei sterk oppleving. I denne videoen prøver eg derfor å forklare korfor vi har gjort dei vala vi har gjort.

Categories
Politikk

Prioriteringar i Tromsø kommune

Ja, vi må klare oss med mindre ressursar innafor både skole og helse. Det er ikkje hyggeleg, det er ikkje i tråd med det vi ønskar oss, men det er ikkje alltid vi kan gjere det vi vil.

Då vi behandla budsjettet i desember stod vi framfor den store utfordringa at det var eit gap mellom det vi faktisk brukte på helse og omsorg og det som var foreslått i budsjettet. Gapet var på omtrent 260 millionar.

For å unngå nedskjæringer innafor helse og omsorg som ville fått heilt uakseptable konsekvensar for pasientar og brukarar, måtte vi tilføre 118 millionar til helse og omsorg. Det betyr likevel at helse og omsorg må skjære ned 140 millionar i 2020. Den midlertidige stenginga og renoveringa av Kvaløysletta sjukeheim er ein av konsekvensane av dette.

Kor skulle vi finne dei 120 millionane vi måtte tilføre helse og omsorg for å unngå verre konsekvensar? Først reduserte vi disposisjonsfondet til 13 millionar. Det betyr at Tromsø kommune kun har 13 millionar til uventa ting i 2020. Deretter auka vi avkastningskravet frå selskapa våre med 20 millionar. Men etter desse to tinga mangla vi ca 50 millionar på å unngå dei mest alvorlege kutta i helse og omsorg.

Desse 50 millionane er det ingen andre plassar å hente enn frå alt det andre Tromsø kommune driv på med. For å dekke dei siste 50 millionane kutta vi 10 millionar i administrasjon, 20 millionar på skolane, fem millionar i barnehagane samt millionkutt på bydrift, bymiljø og andre.

Det er sjølvsagt greitt å vere usamde i denne prioriteringa. Dette er eit forsøk på å klårgjere dei vala vi gjorde og korfor vi gjorde dei. Det er ingen av oss som gleda oss over dette budsjettet, men når det er tomt i pengebingen er vi nødt til å prioritere.

Categories
Kommunepolitikk

Tromsø kommunes økonomi

I går vedtok vi budsjettet for neste år for Tromsø kommune. Det var ingen enkel jobb. Realiteten er at kommunen bruker meir pengar enn det den har. Det kan ingen gjere lenge. Utgiftene på helse og omsorg er omtrent 260 millionar høgare i 2019 enn det vi har å bruke i 2020. Det var den utfordringa vi måtte prøve å løyse.

Frå administrasjonen får vi beskjed om at helse og omsorg er i stand til å spare ca 140 millionar i 2020 utan at konsekvensane for pasientar og brukarar blir uforsvarleg dårleg. Dersom dei skulle måtte spare meir enn 140 millionar ville det for det første gjere at kostnadane tyter ut ein annan plass og for det andre ville det føre til ei omfattande nedlegging av institusjonsplassar. Vi var derfor nødt til å tilføre i underkant av 120 millionar til helse og omsorg. Når vi gjer det så vil det framleis vere store utfordringar for helse og omsorg, men utfordringar som skal vere mogleg å løyse.

Spørsmålet blir så, kvar skal dei 120 millionane helse og omsorg treng komme frå?

Vi har redusert avsettinga til disposisjonsfond frå 62 millionar til 13 millionar. 13 millionar er eit svært lågt beløp å sette av til uføresette kostnadar i ein så stor kommune som Tromsø. Men etter å ha gjort dette manglar vi framleis 71 millionar på å ha dei pengane som helse og omsorg må ha.

Deretter har vi auka utbytta frå dei kommunale selskapa med 20 millionar. Det er eit nivå som er i grenselandet av å vere forsvarleg, i alle fall inntil Troms Kraft kjem i posisjon til å betale utbytte igjen. Etter denne operasjonen manglar vi framleis 51 millionar på å ha dei pengane som det er heilt naudsynt å skaffe fram til helse og omsorg i Tromsø.

Det er dessverre ingen annan plass å hente desse pengane enn i andre delar av Tromsø kommune. Det er på mange måtar urimeleg å pålegge dei avdelingane og einingane som klarer å drive innafor budsjett å betale for helse og omsorg. Alternativet er likevel verre.

Det betyr at det blir nedtrekk på skole, administrasjon, barnehage bydrift også vidare. Desse nedtrekka vil få konsekvensar. Vurderinga vår er likevel at det hadde vore verre å måtte ha ei omfattande nedlegging av institusjonsplassar, redusere BPA med meir.

Dette har vore ei vanskeleg avveging. Eg er framleis ikkje sikker på at vi har gjort alt rett i denne prosessen. Det vi har gjort er å vege dei alternativa vi har hatt mot kvarandre og gjort det vi samla sett meiner gjev det beste resultatet for innbyggarane i Tromsø.