Økonomi,Politikk,Troms og Tromsø

Eit nødvendig budsjett

Byrådet legg i dag fram sitt framlegg til kommunebudsjett for 2016. Budsjettet inneheld både gode og dårlege nyheiter. Den verkeleg gode nyheita er at vi styrker skoleramma og tilset ti nye lærarar. For SV har nettopp det å styrke skolen vore det aller viktigaste.

Byrådet i Tromsø

Byrådet gjer eit nødvendig grep med å auke eigedomsskatten

Dessverre vil vi måtte auke eigedomsskatten i dette budsjettet. Vi arvar ein økonomi med store underskott. For å kunne klare å både spare inn dette overforbruket og halde fram å tilby gode tenester til innbyggarane må vi dessverre auke skatten. Det er leit, men nødvendig. I 2015 vil kommunen ha eit overforbruk på 100 millionar. Det må vi ta inn over dei neste to åra, samstundes med at vi må drive betre og meir effektivt. Det skal vi klare saman med dei tilsette og fagforeiningane. Vi trur eit godt samarbeid med og tillit til dei tilsette vil gjere dette mogleg.

Eg trur ikkje det er nokon som mottar kravet om eigedomsskatt med mykje glede. Eg er ein av dei som ikkje betaler skatt med glede, men eg betaler med ein forståelse av at det er dette som må til for gode velferdstenester, gode skolar til ungane våre, og gode tenester til dei som treng litt hjelp i ein vanskeleg periode.

Men nettopp fordi vi no må auke skatten (eg håper og trur vi kan sette den ned igjen når underskottet er betalt) er det viktig at kommuneleiinga går i front i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om det ikkje betyr svært mykje for den totale kommuneøkonomien så meiner Tromsø SV at det er rett å redusere lønningane til politikarane no. Medlemsmøtet vårt var klart, skal skattene opp må lønningane ned.

Når vi får avskaffa parlamentarismen til sommaren vil også den totale kostnaden til politikarar gå ned i Tromsø. Det ser vi fram til.

Foto av Marius Fiskum/Tromsø kommune.

Standard
Troms og Tromsø

Eit godt budsjett for Tromsø

På onsdag la opposisjonen fram eit felles alternativ til byrådet sitt budsjett for Tromsø. I dette budsjettet finn vi rom for å:

  • Auke med 40 lærarstillingar
  • Bygge 200 kommunale utleigebustader
  • Auke støtta til dei fattigaste i Tromsø ved å legge SIFO sine satsar til grunn.

Dette er gode saker som SV er godt nøgd med. Dette får vi råd til mellom anna gjennom å kutte uviktige ting som høgresida vil bruke pengar på. Vi foreslår å kutte:

  • Politiske rådgjevarar 4 millionar
  • Konsulentbruk  7 millionar (det meste går til å førebu privatisering og konkurranseutsetting)
  • Redusert bruk av private vikarbyrå 2 millionar (desse kostar omtrent dobbelt så mykje som kommunale vikarar)
  • Ikkje konkurranseutsette sentralkjøkken og heimetenesta, 8 millionar

No har Høgre og Framstegspartiet gått saman i finanskomiteen om å kutte eigedomsskatten med over seks millionar, kutt som vil gå utover tenestene til innbyggarane i Tromsø. H og Frp vil ikkje seie noko om konsekvensar av dette kuttet, men eg tviler på at dei vil kutte i konsulentbruken sin.

Det er skilnad mellom høgre og venstre også i kommunepolitikken. Det kan det ikkje herske tvil om.

Standard
Skole,Troms og Tromsø

Når skolen må spare

20130530-140432.jpg

Jens Johan Hjorth speglar seg gjerne i glansen av skoleungane i Tromsø, dessverre er han ikkje med på å gje dei dei pengane dei treng. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

I fjor haust vedtok høgresida eit budsjett for Tromsøskolen. I dette budsjettet låg det nedskjæringar for skolen i Tromsø. Byråden for utdanning sa at denne nedskjæringa skulle skje utan at kvaliteten i skolen vart dårlegare. Frå SV si side advarte vi allereie den gongen mot dette. Dessverre fekk vi rett, men ikkje fleirtal for å gjere noko med det.

No tar vi til å sjå konsekvensane av høgrepolitikken. Når ein kuttar i skolen så aukar behovet for spesialundervisning. Spesialundervisning er dyrt, men er konsekvensen av innsparingane. Når høgrefleirtalet i kommunestyret no foreslår at skolane må spare inn 12 millionar resten av året så betyr det færre lærarar i skolen. Færre lærarar betyr mindre oppfølgjing av kvar elev. Ingen må bli forundra om dette vil gjere at behovet for spesialundervisning aukar. Ved behov så har eleven krav på spesialundervisning. Det betyr at sparinga fører til større utgifter, eller eit dårlegare tilbod til alle dei elevane som ikkje treng spesialundervisning.

Denne sparinga frå byrådet si side er ikkje påtvungen oss av dårleg økonomi. Det er ein konsekvens av at byrådet vil sette pengar i banken i staden for i skolen. Eg trur dei gjer det for å kunne kutte eigedomsskatten før neste kommuneval.

Så, då ser vi det, skatt er viktigare for Høgre enn skolen er.

Og, til slutt, innføringa av parlamentarismen av Høgre, Frp, V og Ap kostar omtrent det same som kutta i skolen no. Det er no og ei litt rar prioritering, ikkje sant?

 

PS. Innlegget er blitt oppdatert etter at eg vart gjort merksam på eit lite mistak. Det er no retta

Standard
Skole,Troms og Tromsø

20 millionar i overforbruk

sjeselong

Dette er ikkje standardmøblane på lærarromma i Tromsø. Foto: Wikipedia

Overforbruk, smak litt på det ordet. Kva assosiasjonar får du? Mine går i retning av sløsing, manglande kontroll og luksus. Betyr det at når skolane i Tromsø har brukt 20 millionar meir enn dei har fått i budsjettet at lærarromma er blitt utstyrt med svindyre italienske kaffemaskinar, medan lærarane slangar seg på designsjeselongar frå Gucci?*

Nei, faktum er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har underbudsjettert kraftig. Eg veit ikkje om du har assosiasjonar knytt til ordet underbudsjettering, men det  har eg. Eg assosierer underbudsjettering med smalhans, kutt og dårlegare tilbod.

Og, det er nettopp dette som skjer i tromsøskolen no. Det blir klassesamanslåingar, færre delingstimar og mindre pengar til materiell og ekskursjonar. Med andre ord lågare kvalitet.

Korfor, spør du kanskje? Det er ikkje fordi det ikkje er pengar i kommunen. Det er fordi høgrefleirtalet og byrådet prioriterer andre ting enn skole. Prioriteringa er todelt, første leddet snakkar dei høgt om, andre leddet er dei litt tausare om. Det første er enkelt. Dei brukar heller pengar på asfalt enn på skole. Det andre og viktigaste, trur eg , er at dei sparer for å kunne kutte eigedomsskatten.

Så, kva vel du, eigedomsskatt eller dårlegare skolar?

* (no aner eg ikkje om Gucci lagar sjeselongar, for å vere heilt ærleg er eg ikkje ein gong sikker på kva ein sjeselong eigentleg er, men du tar poenget)? 

PS: Wikipedia skriv om Sjeselong her

Standard
Gjelda aukar
Politikk,Troms og Tromsø

Fun fact om kommunebudsjettet

Det er ganske underleg. Høgresida brukte heile valkampen sist til å klage på at kommunen hadde for mykje gjeld. Dei sa at gjeldsutviklinga øydela for kommunen.

Dette sitatet frå byrådsleiar Øyvind Hilmarsen kan vere eit godt døme, sjølv om andre på høgresida gjekk mykje lenger i sine karakeristikkar av det raud-grøne styret i byen:

For Tromsø kommune øker gjelden mer en evnene til å betjene den. Det betyr at for ressursene til å drive undervisning i skolene og gi en god eldreomsorg blir forholdsmessig redusert for hvert år. Kommunen må bruke en forholdsmessig større del av budsjettet til å betale rente og avdrag. Da blir det mindre til å drive og vedlikeholde skoler og sykehjem. Det er en svært uheldig utvikling for Tromsø kommune, som på sikt ikke er bærekraftig.

Då skulle ein vel tru at når Høgre saman med Frp og Venstre har fått styre byen ville dei verkeleg sette inn støtet for å redusere gjelda. Ironisk nok gjer dei det motsatte. Økonomiplanen dei har lagt fram viser dette:

gjeld per innbyggar

Med framlegget til økonomiplan frå høgresida vil gjelda auke kraftig per innbyggar

Gjelda i kommunen går opp frå 4,8 mrd til 6,4 mrd på nokre få år

Gjelda aukar

Høgresida sitt framlegg til økonomiplan vil auke gjelda kraftig i kommunen.

 

Desse investeringane er for det meste fornuftig, men litt rart at dette skjer når heile valkampen handla om kor farleg gjeld var. Så, Øyvind Hilmarsen, korleis kjennest det å møte seg sjølv i døra?

Standard