Categories
Skole Troms og Tromsø

20 millionar i overforbruk

sjeselong
Dette er ikkje standardmøblane på lærarromma i Tromsø. Foto: Wikipedia

Overforbruk, smak litt på det ordet. Kva assosiasjonar får du? Mine går i retning av sløsing, manglande kontroll og luksus. Betyr det at når skolane i Tromsø har brukt 20 millionar meir enn dei har fått i budsjettet at lærarromma er blitt utstyrt med svindyre italienske kaffemaskinar, medan lærarane slangar seg på designsjeselongar frå Gucci?*

Nei, faktum er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har underbudsjettert kraftig. Eg veit ikkje om du har assosiasjonar knytt til ordet underbudsjettering, men det  har eg. Eg assosierer underbudsjettering med smalhans, kutt og dårlegare tilbod.

Og, det er nettopp dette som skjer i tromsøskolen no. Det blir klassesamanslåingar, færre delingstimar og mindre pengar til materiell og ekskursjonar. Med andre ord lågare kvalitet.

Korfor, spør du kanskje? Det er ikkje fordi det ikkje er pengar i kommunen. Det er fordi høgrefleirtalet og byrådet prioriterer andre ting enn skole. Prioriteringa er todelt, første leddet snakkar dei høgt om, andre leddet er dei litt tausare om. Det første er enkelt. Dei brukar heller pengar på asfalt enn på skole. Det andre og viktigaste, trur eg , er at dei sparer for å kunne kutte eigedomsskatten.

Så, kva vel du, eigedomsskatt eller dårlegare skolar?

* (no aner eg ikkje om Gucci lagar sjeselongar, for å vere heilt ærleg er eg ikkje ein gong sikker på kva ein sjeselong eigentleg er, men du tar poenget)? 

PS: Wikipedia skriv om Sjeselong her

Categories
Politikk Troms og Tromsø

Fun fact om kommunebudsjettet

Det er ganske underleg. Høgresida brukte heile valkampen sist til å klage på at kommunen hadde for mykje gjeld. Dei sa at gjeldsutviklinga øydela for kommunen.

Dette sitatet frå byrådsleiar Øyvind Hilmarsen kan vere eit godt døme, sjølv om andre på høgresida gjekk mykje lenger i sine karakeristikkar av det raud-grøne styret i byen:

For Tromsø kommune øker gjelden mer en evnene til å betjene den. Det betyr at for ressursene til å drive undervisning i skolene og gi en god eldreomsorg blir forholdsmessig redusert for hvert år. Kommunen må bruke en forholdsmessig større del av budsjettet til å betale rente og avdrag. Da blir det mindre til å drive og vedlikeholde skoler og sykehjem. Det er en svært uheldig utvikling for Tromsø kommune, som på sikt ikke er bærekraftig.

Då skulle ein vel tru at når Høgre saman med Frp og Venstre har fått styre byen ville dei verkeleg sette inn støtet for å redusere gjelda. Ironisk nok gjer dei det motsatte. Økonomiplanen dei har lagt fram viser dette:

gjeld per innbyggar
Med framlegget til økonomiplan frå høgresida vil gjelda auke kraftig per innbyggar

Gjelda i kommunen går opp frå 4,8 mrd til 6,4 mrd på nokre få år

Gjelda aukar
Høgresida sitt framlegg til økonomiplan vil auke gjelda kraftig i kommunen.

 

Desse investeringane er for det meste fornuftig, men litt rart at dette skjer når heile valkampen handla om kor farleg gjeld var. Så, Øyvind Hilmarsen, korleis kjennest det å møte seg sjølv i døra?

Categories
Skole Troms og Tromsø

Elendig økonomi

Dei som no sit i Rådhuset prøver å få folk til å tru at byen var vanstyrt av dei raud-grøne for å skjule eigne prioriteringar. Foto: Harald Groven/http://www.flickr.com/photos/kongharald/598195861/

Tromsø kommune har vistnok ein elendig økonomi. Dette blir gjentatt og påstått av høgresida i Tromsø kommune til det kjedsommelege, men dessverre er det ofte slik at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger blir til sanninga? Det er trist når denne sanninga skjuler feil i prioriteringane frå høgrebyrådet.

Siste ut i hylekoret er Peter Reinholdtsen, rådgjevar for finansbyråden. I ein velskriven kronikk i Nordlys og iTromsø kjem han med denne påstanden på nytt. Rett nok er påstanden berre ein del av ein større debatt om eit anna tema mellom han og nokre namngjevne folk i Ap, Raudt og uavhengige. Eg skal ikkje ta del i den debatten, men gjenta nokre fakta om økonomien i Tromsø.

Etter at venstresida hadde styrt kommunen i 12 år så er altså fakta at Tromsø kommune er den mest effektive av dei 10 største kommunane våre i følgje ein studie frå «Senter for økonomisk forskning», vist til på kommunen sine eigne nettsider. Det tyder vel ikkje på ein kommune som var direkte vanstyrt av venstresida?

Meir direkte på økonomien så er det verd å merke seg at kommunen gjekk med eit overskott i 2011. Ikkje så veldig stort, men 10 millionar er vel ikkje å forakte. Igjen, det tyder ikkje akkurat på ein kommune som er totalt økonomisk skakkøyrt.

Eg synst heller høgresida, saman med Ap, skal forklare korfor dei auka bruken av pengar på politikarane med omtrent akkurat same sum som dei kutta på skolane?

Det er ei underleg prioritering. Kanskje Peter Reinholdtsen eller sjefen hans, finansbyråden, kan gje seg inn på å forklare den prioriteringa, heller enn å skulde på forgjengarane?

Til sist kan det vere verd å merke seg at kuttet i skolebudsjettet går ut over undervisninga. Det veit vi, men det betyr og vanskelegare tider for oss som ikkje går på skolen. Stakekvollan skole er no ikkje lenger mogleg å låne eller leige for lag og foreiningar på kveldstid. Fordi skolebudsjetta er kutta.

Kan du eller sjefen din forsvare den prioriteringa Peter Reinholdtsen?

Her skreiv eg om budsjettet til høgrebyrådet då det vart lagt fram.